Minerva
Av: Hallgrim Berg - 26. februar, 2007  
Hallgrim Bergs “Amerikabrevet: Europa i fare” har fått mye omtale i mediene. Den nye boken tar opp voksende anti-amerikanisme i Europa og trusselen fra militant islam, og er et kamprop til forsvar for vestlige verdier. Minerva bringer her noen utdrag fra boken, som er skrevet som et brev til Lady Liberty – Frihetsgudinnen.

Hallgrim Bergs Amerikabrevet: Europa i fare har fått mye omtale i mediene. Den nye boken tar opp voksende anti-amerikanisme i Europa og trusselen fra militant islam, og er et kamprop til forsvar for vestlige verdier. Minerva bringer her noen utdrag fra boken, som er skrevet som et brev til Lady Liberty – Frihetsgudinnen.
 
 
World War IV
 
Kjære Lady, som du veit betre enn nokon annan, varte den tredje verdskrigen (populært kalla ”den kalde krigen”) i meir enn førti år. Han er alt gløymt. Den fjerde verdskrigen, krigen mot terror, tok til lenge før 11.september 2001. Denne nye krigen vil lett kunne vara lenger enn dei tre første til saman.
 
Både du og eg hugsar fleire av dei direkte åtaka som landet ditt har vore utsett for: Ambassaden i Teheran i 1979, med eit gisseldrama som varte i 444 dagar. Ambassaden i Beirut i 1983. Beirut (militærleir) i 1983. World Trade Center i New York (første åtak i 1993). Dhahran i Saudi Arabia (Khobar Towers bygningskompleks) i 1996. Ambassaden i Nairobi i 1998. Åtaket på skipet USS Cole ved Aden i Jemen i 2000.
 
Desse terroraksjonane skjedde under administrasjonane til Carter, Reagan, Bush 1, Clinton og Bush 2. Det er viktig å få med seg at det er nasjonen USA og landets interesser som er målet, uavhengig av kven som sit ved makta. Her kan ”skulda” korkje leggjast på demokratar eller republikanarar.
 
Alle dei nemnte aksjonane var ikkje utførte av tilfeldige kriminelle gjengar, men av muslimske grupper. Det er leitt å måtte seia det, men slik er det.
 
Såleis, i våre dagar, er det feil å seia at alle muslimar er terroristar, men det er korrekt å seia at stordelen av terroristane er muslimar. Det er omtrent som å seia at ikkje alle kapitalistland er demokratiske, men at alle demokrati er kapitalistiske.
 
Sidan 1981 hadde det vore over 7500 terroriståtak verda rundt, dvs. eitt åtak pr.dag i tjue år, før dine styresmakter, Lady, i 2001 – på tverrpolitisk grunnlag – endeleg lyste krig mot terroren.
 
I den internasjonale pressa er 11.september vanlegvis framstilt som ”dagen då alt snudde”. Det er heilt feil! Det var den dagen som viste kor mykje som allereie hadde snudd.
 
Men det er rett å seia at 11. september var den første gongen då den politiske islamismen viste sine musklar på ein verkeleg spektakulær måte.
 
Eg vil spørja: Før denne datoen, kor mange journalistar og politikarar hadde synt interesse for det som gjekk føre seg i Den arabiske ligaen, Den euro-arabiske dialogen, Rådet for amerikansk-islamske relasjonar, Den kanadisk islamske kongressen eller Det muslimske rådet i Storbritannia? Kor mange av desse adressene sto innskrivne i journalistane sine filofaksar og datamaskiner den 10. september 2001?
 
Osama bin Laden hadde alt mange år tidlegare, i sin klarast formulerte video, lagt ut sin visjonære bodskap:
 
”De skjønar ikkje, de vil ikkje skjøne, at ei omvendt krossferd har byrja. Det er ein religiøs krig som dei kallar Jihad, Heilag Krig. De skjønar ikkje, de vil ikkje skjøne, at for desse nye krossfararane er Vesten ei verd som skal verta erobra og bli underkasta islam.”
 
I det han heldt fram, truga han FN og fordømte Kofi Annan som ein kriminell, og konkluderte med at alle arabarar og muslimar må slutte rekkjene og ta til kampen; for dei som held seg nøytral, fornektar Allah!
 
Kvifor oppdaga ikkje skriveglade journalistar og redaktørar dei utviklingsmønstra som teikna seg lenge før 2001? Og kvifor skriv europeiske bladfolk framleis i 2006 om den ”såkalla” krigen mot terror? Eller om ”terrorkrigen”. Har dei ikkje fått med seg vedtaket i Kongressen? Kva er det slags meining eller spel som ligg bak bruken av desse herme teikna? Redaktøren av Amnesty Nytt her i landet, Linn Stalsberg, er ei av desse som nyttar seg av dette flåseriet heile tida. Er det slik at ho ser på terrorhandlingar som noko kunstig oppdikta greier, eller er det ei form for underhaldning og moro? Eller er det slik at ho og hennar ideologiske åndsfrendar, i sitt politiske hjarta, frydar seg over dei problema som USA, England og våre allierte møter dagstøtt i Irak, Afghanistan og på heimebane? Då bør ho i så fall skrive det.
 
**
 
Om Europas anti-amerikanisme
Anti-amerikanismen tok eit avgjerande steg framover etter at Berlinmuren fall i 1989 og Sovjetunionen braut saman i 1991. Då vakna dei gamle maktene i Europa. Det hadde vore trygt og godt under vengene til den amerikanske ørna. No ville dei sjølve ut å flyge. No skulle det vera slutt på den nedverdigande statusen å vera avhengig av Amerika. Då det ikkje lenger var fare for å bli omfamna av den sovjetiske bjørnen, kunne dei også trygt vera meir frittalande og kritisk mot USA.
 
I staden for å vise takksemd etter alt som hadde skjedd i det siste hundreåret, tok europearane til å kritisere USA i full breidde. I det nye hundreåret er det ikkje nok å kritisere amerikanarane for kva dei gjer, men til og med for kva dei er. Dette er i så fall eit nytt kapitel i soga!
 
Paradoksalt, kjære Lady, og som du sikkert la merke til, auka anti-amerikanismen sterkt etter at du og dine vann den kalde krigen. Det er heilt tydeleg: Etter at Berlinmuren og Jarnteppet fall, og sovjetkommunismen dampa bort som ei ideologisk kraft, vart den internasjonale venstresida opprådd og forvirra. Kven skulle dei no halde med?
 
Ein skikkeleg gløgging, tidlegare sosialistisk ungdoms leiar i Noreg, og seinare stortingsrepresentant for eit stort venstreradikalt parti, Paul Chaffey, uttalte til Dagbladet i november 2006: ”Den kalde krigen ble vunnet av kapitalismen. Sosialismen tapte fordi den ikke fungerer.”
 
Etter kommunismens fall i Sovjetunionen vart den internasjonale venstresida traskande rundt i eit mentalt vakuum, då dei ikkje lenger visste kvar dei skulle kanalisere sin politiske energi. Frustrasjonen vaks. Mao hadde vist seg som ein skurk, Pol Pot i Cambodia var ein notorisk drapsmann, og karar som Ceauscescu i Romania og Hoxha i Albania hadde heller ikkje utmerkt seg som påfallande progressive eller egalitære personar. Entusiasmen frå dei mange studieturane til DDR og Albania tok til å bleikne. I Nord-Korea fanst det ikkje ein einaste homo, men så viste det seg å vera mange likevel. Og på Cuba, der det var så løfterikt i arbeidsbrigaden og så moro på kveldstid, er det jo hundrevis av opposisjonelle som er fengsla og plaga.
 
Men likevel, idealet, håpet og hjarta til venstresida heldt seg framleis i retning ein diffus kollektivisme som opphaveleg var basert på marxisme og leninisme. Men Murens fall var øydeleggjande for det europeiske venstre. Franske og italienske og skandinaviske trekvart-kommunistar, som det var mange av, gjekk i opplag. Det vil seia, dei fekk seg jobb
i sikre og trygge stillingar i utdanningssystemet, forskning, offentleg forvaltning, offentleg helsestell, forlagsverksemd og media. Dei venta på nye tider og nye lodd.
 
Som manna frå himmelen, ved tusenårsskiftet fekk dei George W. Bush! Og meir enn det, dei fekk eit råkapitalistisk USA som ville bruke makta si for å invadere Irak. Retorikken om å fremje demokratiet i Midt-Austen, sa dei, var truleg berre ein bløff for å få tak i endå meir olje…
 
Eg må seia til deg, Lady, at eg likevel aldri ville ha drøymt om at ein kanslar i eit fritt Tyskland, Gerhard Schröder, ville utnytte opne anti-amerikanske stemningar så grovt for å vippe til seg valsigeren i 2002. Ein ting var det å annonsere at Tyskland ikkje ville bidra med ein einaste euro eller ei einaste kule for å få vekk Saddam Hussein (ikkje eingong om FN hadde sagt ja til invasjonen). Noko anna, og mykje verre, var det å ville vera det første større partiet i eit europeisk demokrati som la opp til å vinne eit val ved å understreke sin distanse frå USA.
 
Samtidig vedtok Frankrike å bruke veto mot alt som kunne minne om eit FN-ultimatum mot Saddam Hussein. President Jacques Chirac oppdaga at ved å lange ut mot den amerikansk-leia invasjonen i Irak, oppnådde han nesten samstemt støtte i Frankrike, samtidig som han fekk tilnærma heltestatus i arabiske land. Kanskje ikkje så rart at han kakla og bruste med fjørene, for EU er meir avhengig av olje frå Midt-Austen enn det USA er. I media vart det lite eller ikkje nemnt at Frankrike, Tyskland og Russland hadde investert store pengar og prestisje i Irak i årevis.
 
Det blir ofte sagt at anti-amerikansime er ein refleks av opposisjonen mot republikanske presidentar og krigar som vert leia av Amerika. Eg kan ikkje få dette til å stemme. Fransk sympati for USA vart målt til 54 prosent i 1988 under den konservative Reagan-administrasjonen, men fall til 35 prosent i 1996 då den liberale Clinton presiderte.
 
Kvifor? Svaret er enkelt: I 1988 var USA ein beskyttar. I 1996 var USA blitt ei ”hypermakt”, eit uvennleg ord som franskmennene innførte. Ei hypermakt er ei supermakt som har økonomisk, teknologisk og militær overmakt, og som attpåtil har ein kultur som satsar på publikum utover sin eigen heimemarknad. Fy!
 
Kaviar-venstre! Me kjenner det franske venstre. I kvar historisk epoke må ein undre seg over den rolla som den franske intellektuelle eliten spelar. Allierte vener, USA og England, skal kritiserast, no som før. Fiendane, som sovjetkommunistane var, skulle møtast med godhug og skulderklapp, eller i verste fall med høfleg stillheit. Haldninga til Stalin og hans konsentrasjonsleirar er eit perfekt døme. I Frankrike vart det sett på som uhøfleg å nemne GULag. Det store ikonet på venstresida, Jean Paul Sartre, sa det slik: ”Prat ikkje om GULag, for slik informasjon kan svekke humøret i arbeiderklasseområde som Bilancourt. Så hald munn!”
 
Ifølgje dei siste skammens statistikkar kan ein sjå korleis totalitære styresett har skjemt seg ut for alle tider og øydelagt for den menneskeslekta dei skulle tene: Stalin toppar lista med 43 millionar menneskeliv på sitt samvit. Mao kjem hakk i hel med sine 38 millionar. Stakkars Hitler, ei skarve bronsemedalje med berre 21 millionar. Tala varierer frå den eine historikaren til den andre, men dette er minimumstal. Mao kan kanskje doblast.
 
Europa oppfører seg stundom merkeleg i sin anti-amerikanisme. Ein del av leiarane i Europa ønskjer meir einskap. Dei har som mål å bli meir samkøyrde i EU. Vel og bra, men som Lord Patten seier: ”Nasjonalstaten er den største eininga du greier å føle lojalitet for, for ikkje å snakke om kjærleik.”
 
Leiarane i EU driv og leitar etter noko som positivt kan sameine eit sprikande Europa. Dei ser på språk, religion og kultur. Men dei er ikkje sikre på kven dei er, berre kven dei ikkje er, nemleg amerikanarar! Dei veit ikkje kva dei er for, men veit kven dei bør vera mot. Dette er den negative europeiske identiteten.
 
Det var både typisk og patetisk å høyre korleis kjende europeiske filosofar som den tyske Jürgen Habermas og den franske Jacques Derrida la ut i ein monumental appell i 2003: – Europa må kaste si fulle tyngde på den internasjonale vektskåla og til FN for å vega opp for USA sin hegemoniske unilateralisme. Dei gjekk laus på USA og skulda landet for å øydeleggja noko som heiter ”verdensfreden”. Og det skjer, sa dei, gjennom politikkken i Afghanistan, Irak og Israel.
 
Kjære Lady Liberty, nokon burde rope tilbake til desse karane: Kva gjorde Europa for å hindre 200.000 døde i eks-Jugoslavia? Kva gjorde desse to filosofane sine heimland for å hindre at ei relativt lita gruppe menneske tok livet av 800.000 menneske i Rwanda på mindre enn åtte veker? Kva hadde Frankrike og Tyskland gjort for å innføre frie demokratiske val i Afghanistan og Irak, og kva har dei nokon gong gjort for å lyse opp vegen mot eit gryande demokrati i andre land i Midt-Austen? Dei har ingen stor fakkel som deg, ingen mindre heller. For å seia det rett ut: Desse skrytepavane har ikkje eingong greidd å få fyr på ei fyrstikk!
 
Men draumen om eit sterkt Europa og dei anti-amerikanske stemningane lever vidare, medan dei dramatiske utfordringane til Europas kultur og sjølvstende – representert både frå det fredelege og det militante islam – blir oversett. For desse problema står ikkje på dagsordenen.
 
Etter attvalet av president George W. Bush i 2004, prøvde ein del politikarar i Europa å ”reparere” dei kjenslene som flamma opp før utbrotet av krigen i Irak. Dei måtte det, fordi dei må finne seg i å leva med denne presidenten, ettersom han fekk eit klart og udiskutabelt mandat frå det amerikanske folket til ei ny arbeidsperiode. Men i Europa, i dei fleste aviser, med redaktørar og journalistar i spiss, i radio- og fjernsynskanalar, på universitet og ved lærdomssete, og i ein god del politiske parti og blant folkevalde, er det like gjevt som før med nasjonale nålestikk og personlege utfall mot Amerika og amerikanske styresmakter. Det har blitt eit aksiom å seia at USA har sløst bort sin globale sympati etter 11.september.
 
Men faktum er jo, kjære Lady, at det i grunnen ikkje var noko særleg sympati å sløse med. Anti-amerikanismen var for lengst etablert i det rådande tankesettet på fleire kontinent. Dette går heilt tilbake til oppstarten av Nord-Amerikas foreinte statar. Anti-amerikanismen drog på etter kvart som landet vaks og hevda seg. Sett frå dei styrande elitane i Europa vart Sambandsstatane sett på som ein litt vulgær oppkomlingsnasjon.
 
Mange er beint fram redde for påverknaden frå USA. Som det er blitt sagt av kloke menneske: USA fører med seg modernisme til dei som som vil ha det, men også til alle dei som ikkje vil ha det, inkludert dei som rett og slett avskyr modernismen. Ikkje minst gjeld det i stokk reaksjonære arabiske land. Men også her heime er det mange som har fått det for seg at modernisering, fri handel og globalisering er skumle saker. Men eitt har dei alle felles: Er det noko gale ein stad, er det USA som ”står bak” og må ta ansvaret.
 
Det er dette som er det utrulege i vår samtid: Dei venstreorienterte i Vesten – intellektuelle sosialistar og fridomslengtande idealistar av mange slag – har slått seg saman med den totalitære islamske høgresida, og i saman dannar dei ein praktisk og faktisk front mot det liberale og sårbare demokratiet.
 
Men det er ikkje til å undrast: Dei som programmerer og supplerer den monotone europeiske lirekassa, er profesjonelle. Fire av fem aktive journalistar og redaktørar (og akademikarar) i Vest-Europa er å finne godt utpå den ideologiske venstresida. Dei er sosialistar eller der omkring, anten lyseraude, raude eller blodraude. Eit klart fleirtal av dei hevdar at 11. september var ”forståeleg” og eit mindre fleirtal at USA ”kanskje fortente det”.
 
Så der, Lady, når du og dine skal ut og slåss mot terrorismen, skjønnar du omfanget av kva du – i tillegg – har å slite med.
 
**
 
Om Texas
Kjære Lady, eg har så lyst til å seia nokre ord om Texas.
 
Intellektuelle og politiske miljø i Europa har bestemt seg for at særleg Texas må vera ein forferdeleg plass. Dei har sett det på film. Det må vera ein grov og uopplyst kultur på kanten av lovløysa. Som vanleg har ikkje dei europeiske kritikarane vore der. Fordommane blømer likevel.
 
Dersom nokon kjem frå Texas, til dømes ein president som LBJ eller GWB, eller ein konsertpianist som Van Cliburn eller ein jazztrombonist som Jack Teagarden, må dei vera ein cowboy, lett på avtrekkaren, i ustand til å prate klart, og glad i flaska. Mestdelen av alle dei negative karakteristikkane som europearane brukar om det amerikanske samfunnet, gjeld likesom i særleg grad i ”det ville Texas”.
 
Faktum er at desse førestellingane er på jordet. Texas er eit fleirkulturelt samfunn framom andre. Ingen annan stat har ein høgare prosentdel med gjennomførte eksamenar i folket. Austin har den høgaste delen med collegeutdanning i verda. Byen åleine har 50.000 studentar og 17.000 tilsette ved University of Texas. Byen har det høgaste boksalet i nasjonen. Meir enn hundre konsertar går av stabelen kvar kveld året rundt. Musikkscenen spenner om det meste – rock, blues, country, folk, jazz, latino, tex-mex, tejano, honky tonk, cajun, borinquen og ei mengd stilartar innan hybrid- og crossover. Ivrige europeiske band dreg til Austin for å prøve seg på scenen eller å gå i paltestudio. Ut av dette boblande miljøet sprett det fram namn som Emylou Harris, Janis Joplin, Lyle Lovett, Willie Nelson, Destiny’s Child og mange andre. Det er nasjonale og internasjonale festivalar for musikk, litteratur og sogeforteljing året rundt.
 
Kreativitet og intellektuell energi har å gjera med mangfald og fridom, eller for å vera eksakt – søkjande sjeler, teknologi, talent og toleranse. Når det gjeld kreativitet, er Austin, Houston og Dallas mellom dei ti på topp i nasjonen. Professor Richard Florida har tatt for seg grunnlaget for dette i boka The Rise of the Creative Class. Han spør: Korleis trekkje til seg dei skarpaste hjernene, dei som skal stå for vitskap og innovasjon?
 
Svaret er å skaffe fram eit spekter av kulturelle tilbod til folk. Det er ein viktig del av forklaringa bak suksessen i Silicon Valley i California. Den tradisjonelle arbeidaren, side om side med hippien, utvikla effektivitet og gode resultat på ein ny måte. Byen tillot dei langhåra å arbeide hardt. Den inkluderande kulturen kom først, selskapa og pengane etterpå.
 
Medan progressive amerikanarar har einskilde Texasbyar som rollemodellar for det moderne bysamfunnet, ser kollegaene deira i Europa på Texas som eit stort skremsel. Det hjelpte lite på inntrykket at George W. Bush jr. kjem derifrå og budde i Austin i sine to periodar som guvernør, og heller ikkje at han vart attvalt med eit av dei største fleirtala i Amerika nokon gong, 67 prosent.
 
Kjære Lady, som Monsieur Revel meiner eg at me alle burde reise meir enn me gjer. Nøkkelen til forståing er eit ope og nysgjerrig sinn. Tenk at mindre enn 15 prosent av alle franskmenn nokon gong har vitja landet ditt, og likevel er dei i den anti-amerikanske førstedivisjonen. Som ein regel kan det seiast slik: Fiendskapen mot Amerika er omvendt proporsjonal med den tida som eit menneske har vore der. Sagt med andre ord, er det vanskeleg å få sympati og godhug for eit land eller ei sak du ikkje kjenner.
 
Gjengitt med tillatelse fra forfatteren og Koloritt Forlag.
Av: Hallgrim Berg - 26. februar

Ingen kommentarer til “Vi som (fremdeles) elsker Amerika”

  1. Rowina skrev 25. april, 2008 kl. 00:00

    Mesi [URL=http://www.mothersagainstnoise.com/girl-toscana.php] toscana negli girl [/URL] partito [URL=http://www.mothersagainstnoise.com/eurokiddies-gagner-argent.php] ai eurokiddies argent gagner [/URL] questi http://www.mothersagainstnoise.com/armani-gioiello.php ho.

Skriv en kommentar

Vi forventer en sivilisert debattform uten personangrep. Minerva forbeholder seg retten til å fjerne upassende kommentarer.

Minerva
Minerva
Akersgata 20
0158 Oslo
post@minerva.as
RSSHent siden på RSS