Minerva
Av: Arne Hjeltnes - 29. august, 2007  
VALGKOMMENTAR: I staden for å la dei private snoka rundt på jakt etter raske pengar, vil det vera mykje ryddigare å la staten ta heile jobben.

I denne som andre valkampar, kjem debatten om privatisering. Sidan den offentlege sektoren ikkje akkurat vert mindre, er det sjølvsagt naturleg. Det er sjølvsagt ei ærleg sak å meina at staten er den beste til å styra kvardagen vår og levera tenestene me vil ha. Mange er redde for privatisering og private folk.
 
I kvardagen ser private folk til forveksling like ut som offentlege. Det kan rett og slett vera vanskeleg å skilja dei ut, når du ser dei på gata. I fotball-lag, kristlege organisasjonar og på foreldremøter sit private folk side om side med dei statlege. Nokre har kanskje til og med vener på begge sider av gjerdet.
 
Men så skjer det tydelegvis noko med dei private når dei kjem på jobb.
 
Sannsynlegvis er det noko i miljøet. Mange føler nok at det skjer noko med folk der inne i den private sfære. I lukka rom og i løynde nettverk vert private planar lagde.
 
Men enno gjeld det ikkje i all privat verksemd. Berre der dei konkurrerer med dei statlege. Så vidt eg veit er det ikkje nokon som er ute etter private skomakarar, bilmekanikar eller kokkar.
 
I det dagelege tek me ganske store riskar ved å stola på dei private folka. Me sit på med private drosjesjåførar, kjøper pylser av private pylseseljarar, tar heisar som private folk har skrudd saman og flyg til værs med private folk bak stikka.
 
Ofte vert dette gjort for å tena pengar. Private folk rottar seg saman og er ute etter å sittja att med noko, når skatt, rekningar, lønningar, avgifter og strøm er betalt. Dette skapar sikkert haldningar som ikkje er sunne?
 
Ein luring som køyrer lastebil freistar sikkert å legga opp ruta og arbeidsdagen sin så kløktig at når kundane har betalt han, så er det pengar til overs hjå han. Ein konfeksjonshandlar kjøper inn sokkar for 12 kroner, men når han sel dei vidare har han lagt på til 36 kroner – i vinnings hensikt.
 
Ikkje bra.
 
Dette er dei altså kvalifiserte til, dei private. Men ikkje til å setta sprøyter eller operera kne.
 
Bilete vert ekstra komplisert i dei tilfella når offentlege vert private. Endrar dei seg då frå snille, omsorgsfulle menneske til profittorienterte og kalde? Dei tek nok lettare på oppgåvene sine, tek snarvegar og slurvar kanskje rett og slett?
 
Det verste er når dei private legg seg så nærma dei offentlege i korleis dei utfører jobben sin, slik at det vert vanskeleg får kundane eller pasientane å merka forskjell.
 
På sikt er denne situasjonen sjølvsagt ikkje haldbar. Verken for det offentlege eller dei private. Me bør ha klare linjer og ikkje skilja folk etter kvar dei arbeider.
 
Privat lærarar og offentlege må ikkje settjast opp mot kvarandre. Det har ingen av dei fortent. Me må velja.
 
Skal landet vårt fungera som eit harmonisk samfunn, kan me ikkje ha to system. I dag er vel den mest trulege løysinga at me satsar offentleg heile vegen.
 
Særleg etter at det har vore hevda at kvaliteten på dei private er dårlegare. Det skal tilsettjast tusenvis av nye folk i staten, og viss private ikkje er gode nok, kor skal dei då finna alle dei nye folka?
 
I staden for å la dei private snoka rundt her og der i samfunnet på jakt etter raske pengar, vil det vera mykje ryddigare å la staten ta heile jobben.
 
Folk vil føla seg tryggare og me vil sleppa dei sleipingane som snik i samfunnet sine køar eller lurar til seg betre utdanning utafor det offentlege.
 
Eg trur du og eg berre kan rekna med ei nær framtid med mat servert av statlege kelnarar og same gode service i Brønnøysund som på Frogner, offentleg frisyre klypt av ein offentleg frisør, offentlege tryllekunstnarar, fiskarar, poteter og lam frå staselege statlege bønder og knallharde oppgjer mellom offentlege fotballspelarar frå Brann og Lillestrøm.
 
Statens dommar styrer kampen, dei gule korta og vil nok ha eit sikrar auga for både offside og halding i trøya.
 
Det enkleste er ofte det beste.
Av: Arne Hjeltnes - 29. august

Ingen kommentarer til “Private folk”

  1. Martinus skrev 29. august, 2007 kl. 00:00

    Flott med skikkelig nynorsk på Minverva. Godt innhald også.

  2. Per Andreas skrev 30. august, 2007 kl. 00:00

    “Det skal tilsettjast tusenvis av nye folk i staten, og viss private ikkje er gode nok, kor skal dei då finna alle dei nye folka?”

    Haha, dette var herlig lesning. Hjeltnes var et aldri så lite scoop, Minerva!

  3. Anders skrev 2. september, 2007 kl. 00:00

    Fin artikkel, med herlig og syrlig retorikk. Men Hjeltnes hopper (elegant, rett nok) bukk over viktige sider ved privatiseringsdebatten.

    For i omsorgssektoren (og da drift av institursjoner innen eldreomsorgen ol., innenfor kirurgien er det andre mekanismer) brytes det frie markedets grunnpremisser på flere punkter.

    1) Produktet selges på åremål – og det krever et voldsomt byråkrati og et helt ekstremt detaljert kontraktsverk for å sjekke om man får det man betaler for.
    2) Det koster ekstremt mye å bytte “produsent”, og et slikt bytte rammer først og fremst pleietrengende “kundene” (som i forbindelse med et pleiehjem ikke tar kjøpsbeslutningen selv). Det finnes bare en kjøper – nemlig det offentlige.

    3) Det er vanskelig å “effektivisere” et omsorgsprodukt .En “næring” der det viktigste “produktet” er tiden man tilbringer sammen med hver pasient vil nødvendigvis være arbeidsintensiv. Når lønnskostnadene er største utgiftspost, og man må øke inntjeningen for å nå investorens krav om 10 prosent fortjeneste har man to valg. Man kutter i tiden pleieren bruker på hver pasient. Eller ansetter billigere (les: mindre kvalifiserte) pleiere. Joda, Arne. Det enkle er ofte det best.

  4. Nils skrev 4. september, 2007 kl. 00:00

    Anders,
    Du nevner at det er vanskelig å effektivisere omsorgssektoren. Det virker da heller ikke å være målsetningen. Det er andre parametre å konkurrere om. Spørsmålet er egentlig hvor mye kvalitet man kan presse ut av hver krone? Hvordan kan man drive på en slik måte at de ansatte jobber mer rasjonelt og derved blir mindre stressede og får lavere sykefravær? Hva kan man tilby som kommunen ikke tilbyr, og dermed gjøre seg mer attraktive for brukere som ønsker nettopp et slikt tilbud?

    Det er interessant at bruker- og pårørendeundersøkelsen for sykehjem i Oslo i 2006 konkluderer med at de to beste (av 54 sykehjem) er konkurranseutsatt. Ammerudlunden sykehjem, som topper rangeringen, har 3,3 prosent sykefravær. Det er svært lavt når det gjelder sykehjem.

    Undersøkelsen viser også at private eller frivillige organisasjoner som driver sykehjem, skårer bedre på samtlige av parametrene som er målt. Det er tildels markante forskjeller.

    Enda mer interessant er det at Helsetilsynet i Oslo, som har undersøkt hva de ansatte mener om arbeidsplassen sin, konkluderer entydig med at de ansatte ved private sykehjem er mer fornøyd enn de ansatte ved offentlige sykehjem. Det er ingenting som tilsier at de ansatte er dårligere kvalifisert ved private sykehjem. Tvert om.

    Poenget er følgende: Konkurranseutsetting skaper et mangfold i tjenestetilbudet som er bra for brukerne. Det skaper også et sammenlikningsgrunnlag for offentlig sektor, som igjen synliggjør forbedringspotensialet.

    Når det gjelder punkt 1): Du antyder med din innsigelse at kommunen ikke behøver å sjekke at de får det de betaler for når de ikke bruker anbud. Det er egentlig det beste argumentet for anbudsprosesser. Det både bevisstgjør kommunen og bidrar til bedre kontroll med tjenestene som kommunen har ansvaret for og betaler for.

    2) Kundene har jo ikke bare klagerett. Med fritt brukervalg har de også bytterett.

Skriv en kommentar

Vi forventer en sivilisert debattform uten personangrep. Minerva forbeholder seg retten til å fjerne upassende kommentarer.

Minerva
Minerva
Akersgata 20
0158 Oslo
post@minerva.as
RSSHent siden på RSS