Minerva
Av: John Øyvind Hovde - 4. mars, 2009  
Pier Paolo Pasolini er mest kjend som filmskapar. Men og diktinga hans, som kommuniserer ei djup forakt for det kapitalistiske samfunnet og ein romantisk lengt etter ei tapt verd, er stor kunst.

 Pier Paolo Pasolini
Poesi i form av en rose
Aschehoug, 2008
 
 
”Eg arbeidar heile dagen som ein munk
og om natta streifar eg ikring som
en bakgardskatt og leitar etter kjærleik…
Eg skal foreslå for kyrkja at dei skal
kanonisere meg.”
Pier Paolo Pasolini
 
Så kom han då endeleg, den fyrste omsettinga av dikta til kristen-kommunisten Pier Paolo Pasolini (1922-1975). Astrid Nordang har stått for ei fin gjendikting som tek i vare stemma i tekstane til Pasolini, men det er så lite, så alt for få dikt, eg vil ha meir. Utvalet i diktsamlinga byrjar med orda ”eg har tatt feil av alt” frå Poesie in forma di rosa, men kva har han tatt feil av, kva refererer desse orda til?
 
Pasolini som diktar
Den nyutkomne antologien gjev lesaren litt kjennskap til forfattarskapen, men samlinga manglar mange sentrale dikt for å kunne gje eit godt bilete av Pasolini sitt litterære prosjekt. Eit prosjekt som inneheld fleire tusen sider poesi, romanar og andre tekster. I dette vesle essayet vil eg freiste å gje eit innblikk i dei delane av den lyriske produksjonen hans som, både motivisk og tematisk, rammar inn dikta ein no kan lese i norsk språkdrakt.
 
I hovudsak vil eg trekke linjene attende til den fyrste og den siste diktsamlinga hans, Poesie a Casarsa (Dikt frå Casarsa, 1942) og La nuova gioventù (Den nye oppveksten, 1974), som begge er skrivne på friulansk dialekt og kanskje difor også er så godt som ukjende her heime.
 

Eg vil påstå at han er ein vel så stor lyrikar som filmskapar

 
Men no er ikkje Pier Paolo Pasolini heilt framand for den norske lesaren. Han er kjend for dei fleste gjennom filmane han laga, men altså mindre kjend for poesien han skreiv. Dette burde det ikkje vere nokon grunn for. Filmane kretsar ikring nokre av dei same tematiske mønstra som dikta, men i dikta går han meir grundig til verks. Eg vil påstå at han er ein vel så stor lyrikar som filmskapar, og det politiske og kunstnariske prosjektet hans kjem enda tydlegare fram gjennom dei ulike diktsamlingane han skreiv, enn gjennom dei filmane han skapte.
 
Den friulanske landsbygda
Pasolini er ein diktar som sat sine poetiske ideal og idear ut i praksis, både gjennom eit kontroversielt levesett og gjennom ei rekke polemiske artiklar. På dette grunnlaget må ein òg forstå bruken av dialekt i nokre av diktsamlingane han skreiv. Gjennom dialekten, og då ikkje Pasolini si eigen dialekt, men Friulidialekten – slik ho vart snakka i Casarsa, nordaust i Italia[i] – viser Pasolini tydeleg ei språkfilosofisk tilnærming til si eiga samtid og historie.
 
Denne språkfilosofiske tilnærminga må ein bruke som forståingshorisont for å kunne gripe meininga i dikta, romanane og essaya hans. I Poesie a Casarsa, som vart skriven under fasciststyret til Mussolini, dyrkar Pasolini fram eit språk som symboliserer den italienske historia, folket og det regionalt særeigne, ikkje berre i Friuli, men i heile det gamle før-kapitalistiske Italia. Allereie som ung filolog, utdanna i den italienske litteraturvitskaplege tradisjonen ved universitetet i Bologna, viser han interesse for interaksjonen mellom språket, den italienske historia og den friulanske landsbygda.
 
Ei slik samanbinding av språk, historie og landsbygd korresponderer med tankar frå språkfilosofen Ludwig Wittgenstein. I Philosophische Untersuchungen frå 1953 skriv Wittgenstein:
 
”det er mogleg å sjå på språket vårt som ein gamal by: Ei samling tronge gater og torg, gamle og nye hus, hus med utbygg frå ulike tidsepokar; og dette er omgitt av nye forstader med rette, regelbundne gater og einsformige hus (…) Og å sjå for seg eit språk tyder å sjå for seg ei livsform.”[ii]
 
Her skildrar Wittgenstein språket som ei livsform i ein gamal by med eit utal små gater, smug og torg. Serenella Iovino, professor ved universitetet i Torino,[iii] hevdar at Pasolini nyttar den friulanske dialekten nettopp fordi han her finn eit slikt mangfaldig, antikt og originalt språk som det Wittgenstein talar om i dei filosofiske undersøkingane – eit språk reinare enn det italienske kulturspråket alle italienarar får opplæring i på skulen.
 

Den arkaiske naturen i språket leier Pasolini attende til ei tid der orda vert laga saman med gjenstandar og hendingar.

 
Den arkaiske naturen i språket leier Pasolini attende til ei tid der orda vert laga saman med gjenstandar og hendingar. På denne måten vert språk, stad og historie foreina. Pasolini lagar altså eit lyrisk språk som søkjer å representere ein ”rein poesi”.
 
På den eine sida kan dette prosjektet minne om tankar frå den hermetiske poesien. Dette var den dominerande poetiske tradisjonen i Italia på den tida, som var kjenneteikna av ein innoverretta og vanskeleg tilgjengeleg metaforikk, men på den andre sida kan ein òg merke Pasolinis interesse for den italienske semiotiske tradisjonen (ein tradisjon han sjølv var ein del av), som legg vekt på det kognitive studiet avteiknsystema inspirert av teoriane til den amerikanske semiotikaren Charles Saunders Peirce.
 
Inspirasjonen frå Gramsci
No er ikkje Pasolini oppteken av den friulanske dialekten berre grunna språkfilosofisk og litteraturvitskapleg interesse, han foreinar òg desse språkvitskaplege observasjonane i ei dialektisk forståing av historia inspirert av den store italienske sosialistiske og estetisk-filosofiske tenkjaren Antonio Gramsci (1891-1937).
 
Gramsci har i heile den italienske etterkrigstida stått som eit viktig referansepunkt for den intellektuelle venstresida i landet. I samband med Pasolini sine dikt, er det gjennom ideen om den nasjonal-folkelege litteraturen (letteratura nazional-popolare) at påverknaden frå Gramsci er størst. Den særeigne koplinga av marxistisk tenking, kombinert med tanken om at skjønnlitteraturen er utviklande og dannande for folket – og dermed ikkje undertrykkande – gjer at vi enklare forstår Pasolinis språkfilosofiske poesi.
 
Ein kan på grunnlag av dette hevde at Pasolini skriv dikta frå Casarsa for folket i dei italienske provinsane, i protest mot det samtidige fasciststyret i Italia. Eit styre som kjempa for ei sterk sentralmakt, ein sterk leiar og eit styre som såg på dei lokale kulturuttrykka som ei fare for staten, kapitalismen og tanken om eit nytt romersk imperium. Såleis vert ikkje dikta frå Casarsa berre lokalt kuriosa, men ein del av eit meiningsfylt heile som viser bredda i Pasolini sitt politiske og estetiske prosjekt.
 
Il palazzo e il paese
Så langt har eg stort sett konsentrert meg om desse fyrste dikta med motiv frå Friuli, men det er ikkje berre i denne delen av den lyriske produksjonen til Pasolini at det dialektiske forholdet til omverda kjem til uttrykk. I artikkelsamlinga Lettere luterane[iv], som vart utgjeven posthumt i 1976, set Pasolini opp to omgrep som han brukar i sine analyser av det italienske samfunnet: ”Il palazzo e il paese”. Omgrepa kan ein omsette med borga og landsbyen.
 
Lone Klem, ein av få Pasolini-forskarar i Norden, seier at dette litterære biletet har sitt utgangspunkt i landsbysamfunna frå mellomalderen ”(…) der en befolkning af bønder, som levede i et tidløst livsmønster, blev behersket fra en feudal borg, hvis beboere havde både magten og dannelsen.”[v]Vi er med andre ord framleis innafor Pasolini si Gramsci-inspirerte dialektiske tolking av verda.
 
Om ein går attende til poesien, kan ein sjå at desse omgrepa vert til ei metaforisk framstilling av tilhøva i Italia på 50- og 60-talet, noko som gjer det enklare å forstå eit dikt som til dømes ”Kommunistpartiet til ungdomen”[vi]. Her skildrar Pasolini studentoppgjeret i 1968 som ei konflikt mellom borgarskapet sine fedrar og søner, ei konflikt som går ut over fattigfolket representert av politiet:
 
”(…) Ni har ansikten som pappas gossar.
Det fina släktskapet bedrar inte.
Ni är rädda, osäkra, desperata
(förträffligt!), men ni vet också
hur man är självsäker, hotfull och högfärdig:
småborgerliga färdigheter mina vänner!
När ni igår klippte till
poliserna i Valle Giulia, då sympadiserade jag med polisen!
Därför att snutarna är söner av fattiga föräldrar (…)”[vii]
 
(Gjendikta av Carl Henrik Svenstedt i samlinga Jordiska rader. Bromma, Fripress. 1988)
 
Livet i utkanten av Roma
Med eit dikt som dette går vi over i ei anna fase av forfattarskapen til Pasolini, men jamvel er dikta han no skriv nært knytte til dikta frå Casarsa. Endringa i forfattarskapen skjer idet Pasolini flyttar frå Casarsa til Roma, og parallelt med at han sjølv forlèt landsbygda, går han òg bort frå den italienske landsbygda som diktarisk motiv. Frå no av er han meir oppteken av proletariatet i dikta sine, og då særskilt filleproletariatet i utkanten av Roma.
 
Som få andre intellektuelle hadde Pasolini både tilgjenge til dei kulturelle og borgarlege salongane inne i sentrum av byen, og til dei fattigaste miljøa i drabantbyane. Slik sett vert han ofte meir truverdig i si skildring av dei fattige enn mange andre, og også i desse skildringane er den dialektiske forståinga av samfunnet sentral.
 

 Pasolini var i heile sitt vesen ein sjølvstendig tenkjande og ein samfunnsborgar som til ei kvar tid tok dei svake sitt parti. Slik sett kan ein rekne han for ei eksistensialistisk, kommunistisk kristusetterlikning.

 
I fleire av dikta Pasolini skreiv medan han budde i Roma, er det mogleg å bruke omgrepa landsbyen og borga som innfallsvinkel til diktinga, men her utvidar referanseramma seg. I diktsamlinga Una disperata vitalità er det ikkje berre dei fattige bøndene i Friuli som ikkje har tilgjenge til Borga, men òg dei fattige og prostituerte frå filleproletariatet i Roma, samt dei fattige frå land utanfor Europa. Gjennom desse dikta er Pasolini sitt forhold til kristendomen, kombinert med hans kommunistiske ideologi tydeleg. Sjølv om han vart mislikt både av Vatikanet og det italienske kommunistpartiet (PCI) – Kommunistpartiet PCI ekskluderar han grunna at han var homoseksuell og kyrkja mislikte han av fleire grunner, ikkje minst grunna livsførselen hans og filmane han laga – hadde han eit kjærleiksfylt forhold til tankane dei begge representerte.
 
På mange måtar er det mogleg å samanlikne Pasolini sitt syn på den katolske kyrkja med Søren Kierkegaards syn på dei spissborgarlege kristne, eller Martin Heideggers teoriar om das Mann. Pasolini var i heile sitt vesen ein sjølvstendig tenkjande og ein samfunnsborgar som til ei kvar tid tok dei svake sitt parti. Slik sett kan ein rekne han for ei eksistensialistisk, kommunistisk kristusetterlikning.
 
Kjensla av at ein draum vert drepen
Spørsmålet ein sit igjen med til slutt vert så: Oppnådde Pasolini noko med den livslange kampen for å forsvare filleproletariatet, den før-kapitalistiske italienske landsbygda og det særeigne i bondekulturen?
 
Eg trur vi skal la hans eigne ord tale for seg. I det fyrste diktet i den nye omsette antologien skriv Pasolini som sagt: ”Ho sbagliato tutto” – eg har tatt feil av alt. Allereie i 1964, elleve år før han vart brutalt drepen, forsto han at slaget var tapt. Det Italia han forsvarte og elska forsvann medan han levde. Vonbrottet kjem klårt fram i korrespondansen mellom dei to diktsamlingane eg i innleiinga seier at rammar inn forfattarskapen hans. I Poesie a Casarsa frå 1942 skriv han med von og kjærleik på dialekt:
 
”Fontener med vatn frå min landsby.
Det finst ikkje noko klårare vatn enn det frå min landsby.
Fontener med rustikk kjærleik.”[viii]
 
Ein versjon av det same diktet finn vi i La nuova gioventù frå 1974, der han gjendiktar sine eigne dikt frå den første samlinga. Her skriv han òg på dialekt, men Friuli er ikkje lenger den same staden. Den rustikke verda frå barndomen er borte, øydelagt av fascistane og det neo-kapitalistiske etterkrigs-Italia:
 
”Fontener med vatn frå ein landsby som ikkje er min.
Det finst ikkje noko eldre vatn enn vatnet frå denne landsbyen.
Fontener med kjærleik for ingen”[ix]
  • John Øyvind Hovde (f. 1976) er utdanna cand.philol. frå Universitetet i Århus med hovudfag i kognitiv semiotikk/litteraturhistorie. Han har jobba frilans som konsulent for fleire ulike forlag og arbeider no som lektor ved Sonans privatgymnas i Oslo.
Litteratur
Boll-Johansen og Waage (red). Moderne italiensk litteratur. Købengavn. Gyldendal 1982
Iovino, Serenella. The Ashes of Italy: Pier Paolo Pasolini’s Ethics of
Place. Henta frå nettstaden http://www.arts.ualberta.ca/cms/iovino.pdf
Pasolini, Pier Paolo. Jordiske rader. Bromma. Fripress Bokförlag 1988
Pasolini, Pier Paolo. Lettere luterane. Torino. Einaudi 1976
Pasolini, Pier Paolo. Poesi I form av en rose. Oslo. Aschehoug 2008
Pasolini, Pier Paolo. Skrifter i fel tid. Stockholm. Brutus Östling Bokförlag 1993
Pasolini, Pier Paolo. Tutte le poesie (bind 1 og 2). Milano. Mondadori 2003
Rumble og Testa (red). Pier Paolo Pasolini – Contemporary Perspectives. Toronto. University of Toronto Press 1994
Schwartz, Barth David. Pasolini Requiem. Falun. Bonnier Alba 1994
Wittgenstein, Ludwig. Philosophische Untersuchungen. Frankfurt am Main. Suhrkamp 1971


[i]Mora til Pasolini var frå Casarsa, men ho prata aldri friulansk.
[ii]Mi omsettingavFilosofiske undersøkingar§ 18-19: “Unsere Sprache kann man ansehen als eine alte Stadt: Ein Gewinkel von Gässchen und Plätzen, alten und neuen Häusern, und Häusern mit Zubauten aus verschiedenen Zeiten; und dies umgeben von einer Menge neuer Vororte mit geraden und regelmässigen Strassen und mit einförmigen Häusern. (…) Und eine Sprache vorstellen heißt, sich eine Lebensform vorstellen“
[iii]The Ashes of Italy: Pier Paolo Pasolini””””””””””””””””s ethics of Place av Serenella Iovino
[iv] Ein antologi med tekstar Pasolini skreiv i ulike aviser dei siste åra han levde.
[v]”Pier Paolo Pasolini” frå antologien Moderne italiensk litteratur.
[vi]”Il PCI ai giovani” publisert i Nuovo Argomenti, nr. 10, 1968
[vii]”(…) Avete facce di figli di papà/ Buona razza non mente./ Avete lo stesso occhio cattivo./Siete paurosi, incerti, disperati/(benissimo!) ma sapete anche come essere/prepotenti, ricattatori e sicuri:/prerogative piccolo-borghesi, amici./Quando ieri a Valle Giulia avete fatto a botte/coi poliziotti/io simpatizzavo coi poliziotti!/Perché i poliziotti sono figli di poveri.(…)”
[viii]Mi omsetting av diktet. ”Fontana di aga dal me paìs./ A no è aga pì fres-cia che tal me paìs./ Fontana di fùstic amòur.”
[ix]Mi omsetting av diktet. ”Fontana di aga di un paìs no me./ A no è aga pìvecia che ta chel paìs./ Fontana di amòur par nissùn.”

Av: John Øyvind Hovde - 4. mars

Skriv en kommentar

Vi forventer en sivilisert debattform uten personangrep. Minerva forbeholder seg retten til å fjerne upassende kommentarer.

Minerva
Minerva
Akersgata 20
0158 Oslo
post@minerva.as
RSSHent siden på RSS