VALGKOMMENTAR. Verda der ute. Hugsar du den? Den som inneheld andre nasjonar, råvarer, fred, væpna konfliktar, marknader og FN. Kunne me diskutera dette?
Den norske modellen er viktig og tungt på agendaen i desse dagar. Fellesskapet vil gå under, utan formuesskatten. Velferden må tryggast. Meir veg, varm mat, raske tog, gratis tannlege, ein fastlege til kvar, makspris på SFO, meir helse, fleire ulvar, færre ulvar og mange kommunar – mykje godt pregar debatten.
Men kva med den utanlandske modellen? Verda der ute. Hugsar du den? Den som inneheld andre nasjonar, råvarer, fred, væpna konfliktar, marknader og FN.
Det er sjølvsagt viktig å gje meir til oss nordmenn, men er det så viktig at ingen vil snakka om utanrikspolitikk i dette lokalvalet?
EU er forbode, slik Håkon Harket skreiv her på Minerva sine sider. Det er regjeringa som har avgjort at me ikkje får lov til å diskutera korleis EU vil påverka oss, jobbane våre og framtida vår. Ikkje eingong EØS-avtalen er det interesse for.
Det er greitt at dette ikkje er eit tema for dei raudgrøne. Men det kunne tenka seg at det var eit tema for oss?
Utanrikspolitiske prioriteringar er vel så kompliserte saker at det må overlatast til vår sjefsdiplomat Jonas Gahr Støre? Han ordnar opp med både arabarar, singalesarar, afghanarar og israelarar. Og han der tullingen frå Korea som styrer FN (det var i alle fall slik han vart portrettert av UD).
Me har som Europris ville ha sagt det; mer til overs. Men korleis skal me dela med oss? Gjennom store overføringar til land som openbart har vanskar med å skilja mine og folka mine sine pengar?
I Tanzania er det så ille at sjølv tidlegare landsstyremedlem av Arbeidarpartiet Tone Ellefsrud som har jobba der i sju år, seier at me må stoppa overføringane. Dei forsvinn i korrupsjon. Og me gir Tanzania 700 millionar i året. Kunne me diskutera dette? Eg trur ikkje mange er motstandarar av å hjelpa, men er det lov å diskutera om dette fungerar?
Leiaren i Care, Marte Gerhardsen skreiv i VG at me må satsa på hjelp til dei treng det, ikkje til dei som skal gi det til dei som treng det. Då veit me at det kanskje ikkje alt kjem fram.
Det har vore val i Afghanistan og me stiller oss bak Karzai og orsakar dei brutale kvinnediskrimineringslovene han har skrive under med at det er valposisjonering. Kanskje kunne det diskuterast om det er slike vener me vil ha? Me brukar mange millionar og mykje folk på å kjempa mot Taliban, men støttar inn ein fyr som set kvinnenes rettar attende til steinalderen.
Men sjølv om fred og sånn er for ekspertar, så kunne det vera spanande å få på dagsorden korleis me skal satsa på å selja norske varer i utlandet, korleis me skal marknadsføra oss, kvar me skal setta inn i innsatsen og korleis me skal få fleire unge til å dra ut og studera og skaffa seg internasjonal erfaring.
Eg trur utanrikspolitikk er ei god valsak for unge veljarar. Dei er globale verdsborgarar og bryr seg om det som skjer i den store verda.
Eller bør dei heller posisjonera seg i forhold til endå ein helsereform og AFP?
- Arne Hjeltnes’ tidligere valgkommentarer finner du her: Særinteressene, respekt for arbeid, spleiselaget.




Sjekkar MINERVA kvar dag for å sjå om du hev lagt ut ny kommentar, Arne.
Du må berre skriva kvar dag om du ynsker. Det er ei heilag stund kvar gong eg finn ein ny epistel.
Når eg blir diktator skal du få velja departement fyrst
Et spørsmål:Hva er de STORE forskjellene på Høyre og Arbeiderpartiet når det gjelder internasjonale spørsmål?
Vet at Høyre er mere ekstreme når det gjelder å selge oss ut til EU,men hva ellers?
Er ellers ikke vanskelig å se at det er viktig for begge partier å kaste bort mest mulig av våre skattepenger på bl.a. u-hjelp.
Når det gjelder alle skattepengene som går til FN,er dette enormt dyre jobbsøknader,eller?Ser også(på plussiden?)at vi på denne måten blir kåret som et av de beste landene i verden å bo.Ikke bare bortkastede penger der altså.
Når det gjelder fredsarbeid,mekling og sådant,har vi klart å skape varig fred noe sted?
Når stiller du til valg Hjeltnes, så jeg kan stemme på deg?
[...] Hjeltnes’ tidligere valgkommentarer finner du her: Den utenlandske modellen, Særinteressene, respekt for arbeid, spleiselaget. Av: Arne Hjeltnes – 7. [...]
[...] Hjeltnes’ tidligere valgkommentarer finner du her: Å få velja sjølv, Den utenlandske modellen, Særinteressene, respekt for arbeid, spleiselaget. Av: Arne Hjeltnes – 14. [...]