VALGKOMMENTAR: Når felleskapet har fått ditt bidrag, er det ein grunnleggande rett å få velja sitt eige liv, sjølv om mor di eller staten meiner du bør velja noko anna.
Når me no skal velja styreform her i landet, så er ikkje forslaga og lovnadene veldig ulike. Alle vil ha betre helse og skule, mindre kriminalitet og verdig eldreomsorg. Men vegen dit og tiltaka er ulike. Eg trur til og med at alle har dei same gode intensjonane.
Men det er ein stor skilnad. Kor mykje skal du og eg få velja sjølv?
Dei raudgrøne er klåre på at staten er best skikka til å ta avgjerdene for deg og meg. Dei store vala i livet skal staten ordna.
Du går på arbeid, betalar minst ein tredjedel til felleskapet direkte av løna di, når du brukar pengar går ein fjerdedel i moms og ganske mykje i avgifter viss du køyrer bil, byter bustad eller tar deg ein tynn ein. Du bidreg og støttar opp om eit samfunn der me er likare enn nokon annan stad på jorda.
Likevel sit du igjen med litt. Ein slump som er din eigen. Når felleskapet har fått ditt bidrag, skal du då få lov til å velja resten sjølv?
Vår norske modell prisar mangfaldet og at me alle saman har same verdi. Nyleg var det til og med mangfaldet sitt år. At me er ulike og vil ulike ting, er ein verdi me er samde om det. Då er det vel og slik at våre val er like mykje verdt, sjølv om dei er ulike?
Det er ein grunnleggande rett å få velja sitt eige liv, sjølv om mor di eller staten meiner du bør velja noko anna. Alle val er i prinsippet like gode. Men viss staten brukar makta si for å laga spelereglar som hindrar dette, så er ikkje vala frie eller like gode lengre.
Du kan t.d. spara i eigen bustad. Det meiner staten er riktig. Du får til og med skattefritak for gevinst og låg formuesskatt på huset ditt. Viss du vil setta pengane dine i aksjar – eller i banken eller vil la ungane din arva deg, så er det feil val, og då må du skatta to gonger av pengane du sit att med.
Det heng sjølvsagt saman med at du er vanskelegare å kontrollera viss du byrjar å vandra rundt i økonomien på eige hand. Då vert du oppteken av næringslivet sine vilkår, økonomi, skulepolitikk, statleg eigarskap og andre saker og ting du ikkje har noko med.
Viss du er oppteken av å halda deg i god form, leva livet i fysisk fostring, og vert sjuk, så er du kanskje villig til å bruka mykje av pengane dine på verta kurert så fort som mogeleg? Skal du då få velja bruka det du sit att med på å verta frisk i staden for ny bil eller ferie?
Viss du reiser til Syden for dei same pengane er det greitt, kjøper du private helsetenester er valet ditt tvilsamt. Og skulle du ynskja å bruka sparepengane dine på å gje ekstra utdanning til ungane dine, så passar ikkje det inn i dei vala du bør ta.
Kor stor skal staten verta og kor langt inn i livet ditt skal den gripa? Skal staten skapa grunnlaget for vala me gjer eller gjera vala for oss?
Å få velja i livet, gir oss stor glede. Kven me skal gifta oss med, kva me skal driva med og kven som skal vera venene våre.
Me seier ja til mangfaldet og hipp hurra for at me er ulike.
Til ein viss grad?
- Arne Hjeltnes’ tidligere valgkommentarer finner du her: Den utenlandske modellen, Særinteressene, respekt for arbeid, spleiselaget.



[...] This post was mentioned on Twitter by Petter Jensen and John Walle. Petter Jensen said: Svært sant og tankefullt fra Arne Hjeltnes: http://is.gd/2Z8Sd Hvor mange av dine valg skal staten egentlig ta for deg? [...]
Jeg er selvfølgelig ikke enig i Hjeltnes’ karakteristikk av staten, men like fullt ser jeg argumentene. Jeg tror det går folk hus forbi at det vi betaler i skatt en dag kommer igjen til oss en annen dag. La oss heller ikke glemme at grunnlaget for at man kan fatte så frie valg som mulig er basert på at alle mennesker har rett til de samme mulighetene. Med like muligheter får man frihet til å velge, uten at det betyr at alle må være like. Selvfølgelig er det laster med dette systemet, men det er også laster ved det Hjeltnes forsvarer.
[...] Hjeltnes’ tidligere valgkommentarer finner du her: Å få velja sjølv, Den utenlandske modellen, Særinteressene, respekt for arbeid, spleiselaget. Av: Arne Hjeltnes [...]