VALGKOMMENTAR: Når røyken har lagt seg og valkampen er over, er det krangelen mellom næringslivet og regjeringa eg kjem til å hugsa best. Men den som vert rik i Noreg, vert ikkje det utan å skapa noko for fleire enn seg sjølv.
Det er synd, for eg kan ikkje hugsa at den har vore så skarp tidlegare.
Næringslivet i Noreg er så mykje meir enn nokre få veldig rike rikingar. Det er verdiskaping i Fosnavåg, Haugesund, Mo, Hjelmeland og Verdal. Små, mellomstore og store verksemder som skaffar folk arbeid. Som skapar verdiar. Det er ikkje griske eigarar som skal kara til seg mest mogeleg for å bruka det på champis, bilar og hornmusikk.
Slik er ikkje kvardagen for norske verksemder. Næringslivet vårt er småkapitalistar. Folk som betalar rekningane sine, arbeidsgivaravgift, moms, formuesskatt, trygdeavgift, inntektsskatt, utbyteskatt, leverandørrekningar og løn til dei som arbeider hjå dei.
Og viss det ved eit mirakel vert noko til overs, så driv dei på eit år til.
Denne verdiskapinga har altså regjeringa klart å verta uvener med, berre fordi dei så gjerne vil ta Stein Erik Hagen og henga han ut til tørk. Medan andre kapitalistar får vera med i det raudgrøne felleskapet.
Næringslivsfolk som ikkje synes det er rettvist at dei skal betala skatt, når dei verken tek pengar ut av verksemda si eller forsyner seg på anna måte, er no stigmatisert som griske sytarar. Det er både trist og historielaust.
At Arbeidarpartiet, som alltid har vore på lag med industribygging og verdiskaping her til lands, er med på dette, er ei gåte.
SV prøver å fyra opp opinionen til å tru at no skal me jammen ta rikingane, og du skal få meir velferd, gratis SFO og saker og ting. Det er ille viss dei får folk til å tru dette, for næringslivet syt ikkje. Akkurat som dei som vil ha meir til pensjonar eller til omsorg heller ikkje syt.
Det heiter å fremja sitt syn og å delta i den demokratiske prosessen.
Og det uroar meg at me har kome i eit klima der privat eigarskap, gründerverksemd og investering vert framstilt som noko som er mistenkeleg.
Rikingane har nok. Det er ikkje synd på dei, høyrer me stadig får den raudaste delen av dei raudgrøne. Det er ikkje synd på dei som driv verdiskaping. Men det er veldig synd på landet vårt, viss me ikkje har dei.
Den norske modellen er nemleg bygd opp av folk som har satsa på tømmer, skipsbygging, fisk, energi, kunstgjødsel, teknologi, supply og engineering. Me snakkar ikkje om berre om eit par rikingar, men tusenar av arbeidsplassar i byar og bygder.
Det er sjølvsagt triveleg å setta seg på oljesekken og lata som om verdiane vert skapte i vedtak og komitear. Men viss oljefondtåka gjer at nokon trur at me klarar oss godt utan nye verksemder, så tek dei feil
Det kan vera lurt å verta vener att med næringslivet.
Me har nemleg for få rikingar i Noreg, både store og små. For den som vert rik i Noreg, vert ikkje det utan å skapa noko for fleire enn seg sjølv.
- Arne Hjeltnes’ tidligere valgkommentarer finner du her: Å få velja sjølv, Den utenlandske modellen, Særinteressene, respekt for arbeid, spleiselaget.


