Mitt ynskje for det nye året er at me byrjar på den tunge jobben med å redusera byrdene me har lagt på ungane våre. Dei må sleppe å bera i ryggsekken sin gjelda frå ein feit og velfødd foreldregenerasjon.
I klimadebatten er eit av hovudargumenta for å ta dette på alvor, at me ikkje må øydelegga framtida til ungane våre. Men i drifta av velfredsstaten vår gjeld dette tydelegvis ikkje.
Den utrulege auken i sjukefråvær og sosiale ytingar og kanskje like mykje den vanvittige debatten om dette, trur eg nok ikkje kjem til å sjå veldig bra ut om nokre år. Neste generasjon vil døma oss hardt.
Å kutta i overforbruket av sosiale tenester, er for mange å rasera velferdsstaten. Det er ikkje lov å hevda at nokon juksar. Svaret er sjeldan å stramma inn, men i staden finna ut kvifor arbeidslivet er så hardt at folk vert sjuke. Undersøkingar viser at livsstil og fritid er vel så vanlege årsaker som arbeid i sjukesaker. Og 40% av nordmenn svarar NAV at dei godt kan tenka seg fråvær utan at dei eigentleg er sjuke.
Men er eigentleg velferdsmodellen vår å øsa ut ukritisk med statelege pengar til alt og alle? Var det difor me oppretta den? Eller var det for å hjelpa dei som trong det, medan dei andre skulle arbeida og skapa verdiar? At me alle skulle bidra, fordi det bygde eit rettferdig fellesskap.
Oljefondtåka har tydelegvis gjort noko med oss.
Systemet er svaret, medan personleg ansvar og enkeltmenneske skal vera statistikk og tal. Eg trur ikkje dagens unge, som er globale og vil skapa eit betre verd og si eiga framtida, vil ha lyst til å forsvinna inn i systemet. Og heller ikkje bera i ryggsekken sin gjelda frå ein feit og velfødd foreldregenerasjon.
Den enorme auken i offentleg sektor, der ein berre sidan 2005 har tilsett 70.000 nye, eller der helseutgiftene auka frå 42 milliardar til 160 milliardar (firedobling) frå 1980 til 2003, utan at det vart særleg fleire nordmenn (12.5%). At me skal ha 400.000 personar til yta helse- og omsorg for knappe 5 millionar menneske, er ute av proporsjon.
Sjukefråvær er berre ein del av desse byrdene me dyttar på dei som kjem etter oss. Du kan vera imot både karensdagar og kutt i sjukeløna, men ein ting er heilt sikkert, det må koma, kanskje ikkje i morgon eller i denne stortingsperioden, men det kjem. Berre vent og sjå. Og jo lengre me ventar, desto høgare vert gjelda me serverer ungane våre.
Det er klart at me kjem til å måtte privatisera store delar av helsevesenet. I dag er det fleire i administrasjonen enn det er legar, skriv Aftenposten.
Sløsinga er stor. Bondevik II. peika på dette i si Perspektivmelding og meinte det var rom for opptil 26% forbetring av statleg pengebruk. Riksrevisjonen har vore tilsvarande kritisk.
Me sender hundrevis av bistandsmillionar i feil lommar, sjølv bistandspersonell og organisasjonar skrik ut om at dei ikkje kjem fram. I Oslo pussa dei opp Aker Sykehus for 122 millionar før dei avgjorde at det skulle leggast ned. Lista er veldig lang.
Særleg klimavenleg er heller ikkje dette enorme offentlege forbruket.
Og viss svaret er å auka skattane, så kan eg lova at dei som i dag går på arbeid, køyrer buss, dyrkar tomatar, står i butikk, grev grøfter, underviser eller vaskar kontor ikkje kjem til godta at dei skal ta byrdene.
Det er ikkje lett å snu denne utviklinga. Den vil vera vond å venda. Mange vil bita seg fast og krevja meir for seg og sine. Ikkje krevja for dei som velferdsmodellen eigentleg skal hjelpa; fattige, utstøytte, sjuke og gamle, men for pressgrupper som skal ha meir, og ”i alle fall like mykje som alle andre”. Det er dette som skapar pengegaloppen.
Jørgen Skavlan skreiv nyleg i Aftenposten at me må ta oss saman, slutta å snakka om kor sjuke me er og premiera sjukdom. Det er sterke krefter som gjerne vil skapa dette bilete av nordmenn som taparar, som alltid svarar at me kan ikkje kutta, me må undersøka kvifor folk vert sjuke av å jobba, at det er samfunnet som har skulda. Medan me samstundes veit at me aldri har jobba mindre eller hatt det betre.
La oss lyfta fram det som gjer oss friske, sunn mat og aktivitet og premiera verdiskaping.
Me som er vaksne i dag, kom til duk og dekka bord. Eit samfunn der me kunne skapa vår eiga framtid. Takken er at me forsyner oss grådig av fellesskapet og sender rekninga til ungane våre. Det kjem me til å verta dømde hardt for. Og denne krisa vert nok tøffare for Noreg enn finanskrisa.
Eg tar sjansen på å vera litt naiv før jolafreden set inn. Kanskje me kunne snu dette i 2010?
Eller skal me forska litt på det fyrst?



[...] This post was mentioned on Twitter by Tidsskriftet Minerva, Nils Harald Staff. Nils Harald Staff said: Rekninga må betalast « minerva – http://shar.es/a9bfx [...]
Jeg er stort sett enig i det du skriver , Arne. Det er ikke nødvendig å forske mer- en må handle. F.eks. sykefraværet: Er det riktig at arbeidsgiver skal betale for noe hun ikke får? Nei, la oss få karensdager- det må svi litt på pungen når en er borte. Med de store lønnsoppgjørene i det siste vil folk ha det bra selv om de to første fraværsdagene er uten lønn.
Kjell Løvold,
Om det er riktig at arbeidsgiver skal betale for noe hun ikke får er jo et litt større spørsmål. Det er mye man betaler for som man ikke får i dette samfunnet. Avgifter og skatter. Spørsmålet er vel heller hvordan vi ønsker å ha det her i landet. Du bør jo også ta i betraktning at mye fravær også skyldes forhold på jobben, så man kan jo snu på spørsmålet om det er mer riktig at arbeidstakere skal betale for forhold på jobben… Eller om staten skal betale for at arbeidstakere blir kjørt for hardt. (Ja, det forekommer absolutt!)
Og argumenter som “bra lønnsoppgjør” synes jeg er tynne. Folk vil nok stort sett overleve, men du må ta i betraktning at når lønna stiger så stiger også priser og renter og alt som er. Jeg tror fint vi overlever en karensdag eller tre, men resultatet blir at man først tar hull på noe så renner det til det ikke er mer igjen. Det gjelder især sykelønnsordningen.
Som konservativ etterlyser jeg familiefokus i økonomien, men dette er stadig mer vanskelig ettersom samboerskap av alle varianter har utvannet vår historisk sett mest viktige institusjon.
I fattigere land er man tvunget til å innrette familien tradisjonelt dersom man vil ha velstand, og da er det kun én lønnsinntekt i kjernefamilien. (Det å mer enn to barn garanterer f.eks. da for alderdommen).
Oljeøkonomien tillater at hele folket er i arbeid, og faktum er vel at offentlig sektor har stor overvekt av kvinnelige ansatte (minst 60% tror jeg).
Ja, framtida kan bli tøff, men mageplask er uunngåelig, dessverre…
Det som forbauser meg mest er at me nordmenn som er stabilt oppegående, går på jobb kvar dag, er frisk og rask og gjer sine daglige plikter, me ska nå straffas med til dømes høgare skatt for at dette “systemet” er i ferd med å rakna.
Her har staten i alle år lagt forholdende til rette for at alle arbeidsfolk kan misbruka sjukelønnsordninga, og når de nå ser at dette har gått over til å bli ett økonomisk problem så skal rekninga betalast av oss som i alle år har vore friske og pliktoppfyllande. Dette blir mest som at når eit forsikringsselskap har høge utbetalingar for forsikringssvindel så skal alle være med å betale rekninga med høgare premiar.
Når skal det verta lønnsomt å være ein nordmann som ikke er til byrd for samfunnet?