Kommentarer: 9
19. januar, 2012

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn (f. 1987) er leiar i Unge Venstre, studerer juss ved Universitetet i Bergen.

Eg — ein fagforeiningshatar?

Etter å ha ytra meg kritisk om gårsdagens politisk streik mot vikarbyrådirektivet, blir eg skulda for å vere  «fagforeininghatar ». Det er eg ikkje. Men eg meiner fagforeiningane har mykje å skamme seg over.

Denne kronikken er opprinnelig publisert på Sveinung Rotevatns blogg.

For første gong på fleire år gjennomførte i går norske fagforeiningar ein politiske streik. Altså ikkje ein streik på grunn av usemje om lønsforhandlingar, men ei rein politisk ytring.  Tusenvis av arbeidarar  over heile landet la ned arbeidet i protest, og tok til gatene i poltisk misnøye. Dette er ikkje daglegkost, i alle fall ikkje utanfor Frankrike.

Kva fekk landets arbeidarar til å forlate arbeidsplassane sine? Det var kampen mot at vikarar  skal ha like løns- og arbeidsvilkår som fast tilsette. Ja, det er heilt sant. Denne merksnodige kampen mot EUs vikarbyrådirektiv, som sikrar likebehandling av vikarar og fast tilsette, har tiltatt i styrke dei siste månadane. Fleirtalet av LOs medlemsforbund krev at Noreg brukar reservasjonsretten, det same gjer SV og Senterpartiet. Arbeidarpartiets stortingsgruppe har likevel vore fornuftige nok til å godta direkivet, noko som har utløyst mykje sinne på venstresida.

Redd for å miste makt
Eg har for mitt beste liv forsøkt å forstå kva fagforeiningane har imot dette direktivet. Eg har etter kvart fått to svar:

1) Hovudproblemet er ikkje innhaldet i direktivet, men at dette kjem frå EU (sic!). Sidan EØS-avtalen er ein dynamisk avtale, fryktar dei at EF-domstolen potensielt skal kunne kome til å tolke direktivet i arbeidarfiendtleg retning i framtida.

2) Fagforeiningane er redde for at ei styrking av løns- og arbeidsvilkår for vikarar vil føre til meir vikarbruk. Vikarar er sjeldan fagorganisert, og dermed kan fagforeiningane som sådan miste noko av maktbasen sin.

Oppsummert handlar altså streiken om at fagforeiningane er redde for å miste si eiga makt, at dei mislikar at forslag til styrking av arbeidarrettar skal kome frå andre enn dei sjølve, og at dei er usikre på korleis ei eventuell framtidig utvikling i EØS-avtalen vil bli. Som Aftenposten kommenterer på leiarplass i dag:  «Hvis usikkerhet og tvil om om hvordan fremtiden kommer til å arte seg skulle være streikegrunnlag, ville det ikke bli gjort mange arbeidsslag her i landet ».

 «LO-pampar »
Dette er bakgrunnen for at eg skreiv følgjande twittermelding i går ettermiddag:  «LO-pampar over heile landet streikar for å hindre like arbeids- og lønsvilkår for vikarar. Dei burde kome seg tilbake på jobb ». Svara lot ikkje vente på seg, og frå alle baugar og kantar hagla det med skuldingar om at eg (og Unge Venstre)  «hatar » fagforeiningar.

Det gjer vi ikkje. Fagforeiningar spelar ei viktig rolle i samfunnet, og det er grunnleggjande bra at arbeidarar kan organisere seg til felles innsats for gode løns- og arbeidsvilkår. Det eg derimot er djupt kritisk til er korleis fagforeiningar alt for ofte er meir opptekne av å styrke si eiga makt enn kva som er bra for samfunnet og den enkelte arbeidar.

Streiken mot vikarbyrådirektivet er eit sterkt døme på det. Eit anna døme er den fullstendig misforståtte kampen mot postdirektivet (som eg har  skrive om tidlegare). Eit tredje døme er den dogmatiske motstanden mot å gjere det lettare å arbeide i alternative turnusordningar, eller å arbeide som midlertidig tilsett. Slike tiltak vil gjere det lettare å kome inn på arbeidsmarknaden, og det vil gjere det lettare for fleire å arbeide i heiltidsstillingar. Men fagforeiningane er diverre meir opptekne av dei som allereie har to føter godt innanfor arbeidsmarknaden enn dei som står utanfor og treng ein fot innanfor. Det er ikkje spesielt solidarisk, for å seie det mildt.

Pengar i byte mot innflytelse
Det som likevel provoserer meg mest med rolla norske fagforeiningar generelt, og LO spesielt, er alle særordningane dei nyt godt av. Det fremste dømet er sjølvsagt fagforeiningsfrådraget på skatteseddelen, som gjer at alle som er fagorganisert kan trekke frå 3750 kroner på skatten kvart år. Eg er oppteken av organisasjonsfridom, herunder retten til å  ikkje  vere organisert, og meiner det er ganske grovt at dei som ikkje er organisert må betale meir i skatt for å subsidiere medlemskapen til dei som vel å organisere seg.

Dette frådraget vart for øvrig  dobla  då den raudgrøne regjeringa vart vald i 2005, noko som gjer at fagforeiningane kan skru opp kontingentsatsane. Jens Stoltenberg, som lova på tru og ære at han ikkje skulle gje eitt øre i skattelette før det skein av eldreomsorgen, starta altså regjeringsperioden med å gje ein halv milliard i skattelette til sine eigne i fagrørsla. Når ein tek med i reknestykket at LO har fast representasjon i Arbeidarpartiets sentralstyre, og gjev millionar i valkampstøtte til dei raudgrøne partia, er det vanskeleg å ikkje kalle dette korrupsjon. Ja, det skjer i det opne, og det er ikkje ulovleg. Men det er like fullt pengar i byte mot direkte politisk innflytelse.

16 millionar på valkamp
Då eg for første gong skulle vere med og vedta eit kommunebudsjett i fjor haust, oppdaga eg nok ein særfordel som blir fagforeiningane til gode. For medan vi som folkevalde måtte sitje og kutte i lærarstillingar på grunn av eit trangt kommunebudsjett, var kommunen forplikta til å betale lønna til Fagforbundets hovudtillitsvalde i kommunen. Dette er eit fast punkt i Hovudavtalen, og var ikkje mogleg å rikke på. Her snakkar vi altså om eit Fagforbund som  brukte over 16 millionar kroner  på valkamp for dei raudgrøne under fjorårets kommuneval. Fagforbundet brukte med andre ord meir pengar på valkamp enn Høgre og Frp til saman, og hadde eit annonsebudsjett som åleine var større enn Venstre og KrFs samla valkampbudsjett. Men sine eigne tillitsvalde kan dei altså ikkje betale lønna til, det skal veljarane gjere over skatteseddelen. Det er ikkje berre urettferdig, det er rett og slett frekt.

Så — er eg ein fagforeningshatar? Nei, det er eg ikkje. Men som liberalar er eg er djupt kritisk til den enorme makta fagforeiningane har, og ikkje minst til korleis dei brukar denne makta. Det burde fleire vere.

  • Sveinung Rotevatn (f. 1987) er leiar i Unge Venstre, studerer juss ved Universitetet i Bergen og twitrer som @Rotevatn.
Kommentarer: 9

Vi forventer en sivilisert debattform uten personangrep. Minerva forbeholder seg rettent il å fjerne upassende kommentarer.

XHTML: Tillatte tag'er: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

9 kommentarer

  1. avatar
    norskgoy skrev

    Og hva er bra for den enkelte arbeider hvis vikarbruk blir normalisert? Både for den enkelte og samfunnet.

    Selv er jeg ikke med i LO, men en helt annen organisasjon. Allikevel har jeg altså fradraget.
  2. avatar
    Bennedichte skrev

    Artig artikkel, litt typisk norsk å diskutere fagforeningsfradrag på selvangivelsen mens det selvfølgelige i at boiigspekulanter skal trekke fra utgiver til lån på blolig nr 3 ikke diskuteres. Nuvel.
  3. avatar
    PD skrev

    Vegard Holm, redaktør for Transportarbeideren, har kommentert kritikken mot streiken ganske godt. Det bør du lese, Sveinung.
    http://www.frifagbevegelse.no/dagens_kommentar/article5890895.ece
  4. avatar
    Marielle skrev

    Ein FÅR ikkje pengar ved å trekke av på skatten, Rotevatn. Dette er sosialist-retorikk.

    Men la oss gjerne flate ut skatten og få eit meir rettferdig skattesystem!

    Fagforeiningane har "makt". javel. Kven andre har makt? Korleis balanserer dei ymse fagforeiningane opp i mot anna makt? Kva slags fagforeiningar har mest makt og på kva slags måte? Fag-makt? Profesjonsmakt? Definisjonsmakt? POlitisk makt?

    Fatter ikkje den barnslige måten som Venstre forholder seg til (særleg) LO på. buhu dei har makt! Ja sjølvsagt har dei det. Korleis hadde det sett ut her i landet og kva slgs sosialt ansvar hadde vi hatt til kvarandre om ikkje LO hadde eksistert?

    Går det opp for dykk snart at det faktisk finst Venstre-veljarar som er LO-organiserte? Går det også snart opp for EU-tilhengjarane og LO-hatarane i Venstre at det allereie FINST eit parti som passar dykk heilt framifrå? Det startar på H- og sluttar på -øgre.

    ...men litt større konkurranse om posisjonane i det partiet, då.
  5. avatar
    Sveinung Rotevatn skrev

    @Bennedichte: Joda, dette blir diskutert. Eg er for å fjerne rentefrådraget, og har mellom anna skrive om det her: http://sveinung.ungevenstre.no/2011/11/vi-ma-vage-a-ta-debatten/

    @Marielle: Sjølvsagt frå ein pengar ved å nyte godt av ulike frådrag. Ein slepp jo å betale like mykje skatt som ein i utgangspunktet skulle betalt. Elles ser eg ikkje heilt kvifor du meiner innlegget mitt er "barnslig"?
  6. avatar
    Marielle skrev

    "barnsleg", det var meir eit generelt hjartesukk over Venstre VS LO.

    Når det gjeld skattelette/fradrag og retorikken "dele ut pengar",- det høyrer ein ofte SV/Ap uttale, som i: "dei borgarlege vil dele ut millionar i skattelette, mens vi vil øke skattene for å øke velferden".

    Vi som heller til den borgarlege sida vil vel meine at om den eine vampyren suger 2 liter blod og den andre suger 1 liter, så har ikkje den sistnemnde delt ut blod,- han har bare sugd litt mindre og gjer så det eine mennesket betre i stand til å ta vare på seg sjølv.
  7. avatar
    Marielle skrev

    PS og med tanke på det fradragsveldet vi har, som gir meir og meir fradrag jo meir du forbruker (lån f eks), meiner eg at ein kan ha dette i mente når ein presenterer det som om fagforeiningskontingenten blir delt ut i reine pengar.

    Når det er sagt så trur eg vi er einige i at vi treng eit meir rettferdig skattesystem/flatare skattar.
  8. avatar
    Petter skrev

    Nynorsk er ikke som det var. Da jeg gikk på skolen skulle det hete "fagrørsla". An-, be- og for-prefiks var ikke tillatt. Nuvel. Ellers fint innlegg :-)
  9. avatar
    Marielle skrev

    og nynorsklektorane er heller ikkje som dei var. :-)
    Fagrørsla = Fagbevegelsen. Fagforeining= Fagforening.
    "An"- og "be"- er markørar frå herrefolket si tid, så det prøver vi å unngå.
    "For"... tja, vi er vel litt meir for "for"?