DEBATT

KrFs kampglød kan koma alle til gode

Vi er mange som set pris på den eine partirøysta som ytrar noko anna enn det forhasta fleirtalet.

Publisert

Minerva-kommentator Pål Mykkeltveit er såpass nådelaus mot KrF i sist utfall mot dei gule at han kunne gått rett inn i rolla som hardkokt hemnar i eit eller anna blodig oppgjer i sagalitteraturen.

«KrF er nå irrelevant» er den lakoniske overskrifta på innlegget hans frå 15. mai; sylkvast som eit sverd hjå Snorre. Bakteppet for denne verbale politiske hovudkappinga, er likevel av eit langt meir uverkeleg slag, og langt utover noko Snorre kunne ha drøymt opp. Det dreier seg om endringane i bioteknologilova som nettopp no er på trappene, og som Mykkeltveit heilt rett karakteriserer som ein «varsla katastrofe».

Langt større implikasjonar

Rett nok meiner Mykkeltveit det er ei varsla katastrofe primært for KrF, men for eigen del legg eg gjerne til: ikkje berre er det ein varsla katastrofe for eit lite norsk parti. Denne saka har sjølvsagt langt større implikasjonar enn eventuell skipling av maktforhold mellom småparti i ein lokal, politisk plaskedam.

Dette er faktisk store spørsmål, med djupner vi ikkje heilt fattar. Slike spørsmål burde ta tid. Å dekonstruera familieband og løysa opp dei grunnleggande kategoriane mor, far og barn, slik dei nye forslaga om mitokondriedonasjon og assistert befruktning faktisk gjer, ropar på ei genuint konservativ, ja, langtekkeleg handsaming.

Kvifor skulle tida så brått vera inne? Kvifor kikkar den absurde alliansen av Ap, Frp og SV på klokka som den like absurde kanina i Lewis Carrolls Alice i Eventyrland: «Jeg kommer for sent, jeg kommer for sent!» For seint til kva då? Ei endå meir absurd førestilling, kanskje, der menneske konstruerer menneske på laboratorium, der ikkje lenger barn kan kjenna foreldra sine, og der rett og likt kromosomtal er kvalifikasjonskrav for alle deltakarar? Ta ein kikk på den verda vi har, før vi klyv inn i kaninholet som slyngjer oss ned i ein annan røyndom. For som Carrolls klassikar syner oss: det er langt frå sikkert vi passar inn i ei anna verd. Det kan bli både brysamt og brutalt

KrF skal klandrast

Tilbake til Mykkeltveit, for på eitt vesentleg punkt mistar kommentatoren konsistens i si barske tilnærming og nær-norrøne partiavretting. Analysen hans byggjer nemleg ikkje på eit syn for den som heltemodig kjempar om ein står aldri så åleine og med alle odds mot seg, slik vi så ofte ser i islendingesagaen. I sagaen er det rom for å bli vidgjeten også ved å vera tapper. Den type mot kunne skapa djup vørdnad frå sjølv den argaste fiende. Ikkje slik hos Mykkeltveit. Mens han nærast skisserer utviklinga på bioteknologifeltet i deterministiske ordelag, («Uansett var det begrenset hvor lenge Norge kunne ha en meir konservativ lovgivning på feltet enn andre vestlige land»), så er det like fullt KrF som skal klandrast, eit parti som på sist Poll of polls-berekning hadde 3.6 % oppslutnad, fordi det er merkeleg at dei «ikke har tenkt seg bedre om og hatt en betre strategi for enten å blokkere for eller håndtere og styre (sic!) utviklingen.»

Resepten Mykkeltveit føreskriv står så absolutt ikkje tilbake for annan retrospektiv aktivitet; KrF skulle ha gjort meir og atter meir for å halda Frp inne i regjeringsvarmen. Slik kunne denne uheldige konstellasjonen som no vil spurta inn i ei bioteknologiframtid utan å sjå seg tilbake, vore forhindra.

Lite folkeleg engasjement

Mange vil nok likevel vera glade for den kampen KrF og andre kjemper for å få løfta denne saka inn der ho eigentleg høyrer heime: i den breie, offentlege og allmenne samfunnsdebatten. Det er kanskje slik, som Mykkeltveit er inne på, at saka eigentleg har vekt lite folkeleg engasjement. Forklaringane på det er mange, og dreier seg ikkje berre om skuggen frå Covid-19. For mange er berre ordet «bioteknologi» nok til at ein tenkjer at her får doktorgradsinnehaverar i høveleg laboratoriumsutstyr kikka opp frå mikroskopa og meina noko. Dette er eit felt med komponentar som, bokstaveleg tala, er vanskelege å få auge på for folk flest. Vi står att som statistar i ein sci-fi-film, men resonnerer med postmoderne ryggmargsrefleks: om det gir oss fleire valmoglegheiter, er det vel bra…? Dette er også eit argument for å la heile prosessen gå seinare. Kvifor skal vi ikkje få tid til å læra meir, slik at vi kan få ein meir informert debatt? Kvifor skulle vi ikkje tena på det, Ap, Frp og SV?

Ikkje eingong i etterpåklokskapens klare lys maktar eg å bli med Mykkeltveit inn i det ville resonnementet at det er KrF som skal skuldast for ikkje å halda Frp fast i prinsipp og kristenverdiar dei aldri ser ut til å ha hatt. Denne saka viser i eit glimt kor lite integrert heile kristen-appellen til Frp er, og for alle konservative må dette vera ein real vekkar. Nett no er det faktisk KrF som kjempar for å gi oss alle ein sjans til å tenka ein gong til. Dei blir ikkje særleg populære av det eingong. I den norrøne sagaen ville ei slik haldning vekt åtgaum: dei ville lese det av som ære, kampglød og heltemot. Om Pål Mykkeltveit ser ut til å verdsetja manøvrering framfor mot, er han ikkje den første. Men uansett utfall er vi mange som set pris på den eine partirøysta som ytrar noko anna enn det forhasta fleirtalet.

Powered by Labrador CMS