Minerva Debatt

Blått blod som prinsipp

Ein må gjerne argumentere for det prinsipielt rette i at somme borgarar ikkje skal kunne gifte seg med kven dei vil, velje religion fritt eller måtte stå til ansvar for eigne handlingar. Men å kalle det «liberalt» må ein lengre ut på viddene med.

Ein må gjerne argumentere for det prinsipielt rette i at somme borgarar ikkje skal kunne gifte seg med kven dei vil, velje religion fritt eller måtte stå til ansvar for eigne handlingar. Men å kalle det «liberalt» må ein lengre ut på viddene med.

Torbjørn Røe Isaksen og Nils August Andresen gjer i Minerva 8. oktober eit forsøk på å argumentere prinsipielt for det konstitusjonelle monarkiet som styreform. Med eit konservativt utgangspunkt er for så vidt ikkje dét nokon heksekunst, sidan nærast eit kvart prinsipp for ein konservativ synest å kunne tøyast i møtet med såkalla reelle omsyn. Det er vel også grunnen til at konservative som regel har stått på feil side av historia kvar gong demokratiet har blitt styrka, det vere seg ved utvidingar av stemmeretten eller innføring av parlamentarisme.

Det berande argumentet for monarkiet synest å vere at institusjonen har stor folkeleg støtte. Føresetnadsvis ville altså Andresen og Røe Isaksen vore mot monarkiet som styreform dersom det ikkje hadde stor folkeleg støtte. «Prinsippet» som skal liggje til grunn for styringa av samfunnet er altså å følgje den rådande folkemeininga. Det kan vel i og for seg også kallast ei prinsipiell tilnærming, kanskje best oppsummert av den franske politikaren Alexandre Auguste Ledru-Rollin (1807-1874): «There go my people. I must find out where they are going so I can lead them».

Artikkelforfattarane viser også til den klassiske maktlæra om deling mellom utøvande, lovgjevande og dømande makt, og påpeiker at makt i eit liberalt demokrati også skal utøvast av «elementer som ikke er direkte folkevalgte». Det er for så vidt rett at høgsterettsdommarar berre har eit indirekte demokratisk mandat (i Noreg utnemnt av regjeringa). Men korleis dette skal vere eit argument for å verne om ein institusjon utan verken direkte eller indirekte demokratisk mandat har eg vanskar med å sjå. Eg legg til grunn at Røe Isaksen og Andresen ville protestert på ei ordning der eldstefødte born overtok det ledige setet når ein høgsterettsdommar døyr. Med mindre ordninga oppnådde tilstrekkjeleg folkeleg oppslutnad, så klart.

Kva veit vi om Ingrid Alexandra?
Vidare kan ein for så vidt diskutere om monarkiet som sådan står i direkte motstrid til prinsippa som ligg til grunn for det liberale demokratiet. Eg meiner det gjer det, men det er ikkje det einaste problemet. Monarkiet, i alle fall slik vi har organisert det i Noreg, står også i direkte motstrid med ei rekkje andre viktige prinsipp, som konservative vanlegvis set høgt. Det står i motstrid med prinsippet om religionsfridom («Kongen skal stedse bekjende sig til den evangelisk-lutherske Religion», jf. Grl. § 4), det står i motstrid med prinsippet om likskap for lova («Kongens Person er hellig; han kan ikke lastes, eller anklages», jf. Grl. § 5), prinsippet om ytringsfridom («Forøves nogen Ærekrenkelse mod Kongen eller Regenten, straffes den skyldige med Hefte eller Fængsel indtil 5 Aar.», jf. strl. § 101) og prinsippet om å kunne gifte seg med den ein vil («En til Norges Krone arveberettiget Prinsesse eller Prins maa ei gifte sig uden Kongens Tilladelse», jf. Grl. § 36).

Så kan ein sjølvsagt innvende at alt dette er formalitetar. Til dette er det for det første å seie at noko kan vere prinsipielt galt utan å ha stor praktisk betydning. For det andre meiner eg faktisk det er etisk tvilsamt, både prinsipielt og i praksis, at fleirtalet i eit samfunn skal påleggje ei 8 år gamal jente å bli dronning, med alt personfokuset det fører med seg. Prinsesse Ingrid Alexandra kan aldri bli stortingsrepresentant for Høgre, eller redaktør i tidsskriftet Minerva. Ho kan faktisk gjere fint lite med livet sitt, anna enn det vi som storsamfunn har pålagt ho å gjere – heilt frå ho kom til verda 21. januar 2004. Kva veit vi eigentleg om hennar ønskje om å bli regent? Er ho kvalifisert? Meir kvalifisert enn dei 56.950 andre borna som vart fødde i 2004?

Konge Haakon vs. kong Leopold
Og her kjem vi til eit siste viktig poeng. Røe Isaksen og Andresen viser til ulike tidspunkt i norsk historie der norske kongar har hatt reell makt, og der dei har tatt det vi i ettertid har meint var riktige val. Mest kjent er nok kong Haakons nei til å abdisere etter den tyske invasjonen i 1940.

At den norske kongen, i motsetnad til ein rekke andre monarkar opp gjennom historia, unnlot å gå på ein gigantisk smell ved dette vegskiljet i norsk historie kan vanskeleg brukast som eit prinsipielt argument for det konstitusjonelle monarkiet som sådan. I alle fall ikkje utan å også ta med i reknestykket alle monarkar som mislukkast på post i møte med liknande utfordringar. Slik som britiske kong Edvard VIII, som vart pressa til å abdisere i 1936 – og som både før og under andre verdskrigen pleia høgst kontroversiell kontakt med Adolf Hitler og nazi-regimet. For ikkje å snakke om belgiske kong Leopold III, som gjorde det nøyaktig motsatte av kong Haakon. Han overgav seg sjølv og landet sitt til dei tyske invasjonsstyrkane, mot eit samrøystes råd frå den folkevalde belgiske regjeringa – som på si side bestemte seg for å trasse kongens «forræderi» (som dei kalte det), og heldt fram motstandskampen frå eksil.

Kan vi stole på genane?
Poenget er ikkje om eit statsoverhovud i ein pressa situasjon tek rette eller gale avgjersler. Poenget, i alle fall frå mi side, er at eg ikkje er villig til å stole på genar ved slike stunder. Eg er ikkje villig til å overlate til det blå blodets kvalitet å avgjere viktige vegval for nasjonen. Eg vil vere med og bestemme kven som skal inneha slike posisjonar, og vil vurdere dei ut frå dømmekraft og evner – ikkje familieband. At Røe Isaksen og Andresen, i likskap med folkefleirtalet, i praksis legg til grunn at genane og fornuften til éin familie er betre enn den tilhøyrande alle oss andre – til evig tid – framstår for meg som noko spesielt.

Det er i det heile vanskeleg å finne historiske døme på statar som har fungert betre som monarki enn dei seinare har gjort som republikk. Og det må vere liten tvil om kva retning utviklinga går. Då Michelsen-regjeringa i 1905, mot alle internasjonale trendar, tilrådde folket å stemme ja til å etablere eit norsk monarki, gjekk seinare statsminister Gunnar Knudsen ut av regjeringa i protest. Han kunne ikkje stå inne for at ei regjering i eit moderne demokrati kunne finne på å gå inn for at posisjonen som statsoverhovud skulle gå i arv. Det har vel heller ikkje blitt etablert spesielt mange monarki i verda sidan den gong.  Eller for å sitere kong Farouk I av Egypt (1920-1965): «Soon there will be only five Kings left — the King of Spades, the King of Clubs, the King of Hearts, the King of Diamonds and the King of England».

Like fullt bur vi framleis i kongeriket Noreg – i 2012. Her diskuterer vi ikkje kven som er dei beste kandidatane til å vere våre fremste representantar – her diskuterer vi rett og slett kor vidt dei skal veljast av oss eller ikkje. Det burde ikkje vere eit vanskeleg spørsmål.

Kjære leser!

Bli abonnent! Da får du tilgang til alle artikler og papirutgaven. Det tar under ett minutt.

49,- /måned
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden