Kulturanbefaling: Å lese om att

Det sit som regel veldig langt inne å sjå ein film eller lese ei bok om att.

Publisert Sist oppdatert

Eg les ganske mykje, men eg hugsar nesten ingenting av det eg les. Etter at eg er ferdig med ei bok, tek det ikkje mange månader før eg ikkje er i stand til å gje att meir enn det som står på baksida. I kassane på loftet finst det bøker som eg ikkje veit om eg har lese eller ikkje.

Difor tenkjer eg ofte at eg berre lurer meg sjølv. Det meste av lesinga er bortkasta tid. Eigentleg kunne eg berre ha lese bokmeldingar eller samandrag, for eg får likevel ikkje med meg meir enn det som står i dei. Den franske litteraturvitaren Pierre Bayard gav for ein del år sidan ut ei bok som handla om korleis ein skulle snakke om bøker ein ikkje hadde lese. Diskusjonar om bøker handlar aldri om anna enn det ein kan finne i eit samandrag, var ein av bodskapane der. Trur eg. Meir hugsar eg nemleg ikkje. 

Sidan det er så vanskeleg å hugse, er det paradoksalt at vi moderne menneske er utstyrte med denne trongen etter heile tida å kome oss vidare. Den siste boka eller kulturopplevinga må raskast mogleg bytast ut med ei ny. Det sit som regel veldig langt inne å sjå ein film eller lese ei bok om att, sjølv om det har gått ei stund sidan sist, og dei fleste detaljane har gått i gløymeboka. I denne samanhengen har born ei indre ro som vi vaksne har mist. Dei kan sjå den same filmen eit tosifra tal gonger.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement til kr 799,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement til kr 99,- pr mnd,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1249,-

Bestill her

Powered by Labrador CMS