Spaltist

Bompengegaloppen

Bompengar bør ikkje nyttast for å få råd til spinnvilt dyre motorvegprosjekt. Viktige samferdselsprosjekt – anten det er veg eller bane – bør i større grad finansierast over skattesetelen, skriv Øyvind Strømmen.

Bilde: Kjetil Ree, CC BY-SA 3.0

Bompengar er dårleg eigna som kredittkort. Men betre eigna til å skapa mindre trafikk. Eller: Også ein MDG-ar kan gje anti-bompenge-partiet rett i noko.

Fleire stader i landet – ikkje minst i Bergen – siglar bompengar opp til å verta eit viktig spørsmål i valkampen. I Bergen syner den siste meiningsmålinga at Folkeaksjonen nei til bompengar (FNB) ligg ann til over 25 prosent av røystene.

Dei har skaffa seg veljarar frå dei fleste parti, og er på denne målinga større enn heile byrådet (Ap, KrF og Venstre) til saman. Til gjengjeld er Frp nær utradert. Dei får 2,7 prosent på målinga. På denne målinga er Frp mindre enn Venstre. Dei er halvparten så store som Raudt. I 2015 hadde dei 8,7 prosent i Bergen. Og det var eit dårleg val for Bergen Frp.

Bompengemotstandaren sin frontfigur, Trym H. Aafløy, meiner at Framstegspartiet ikkje har truverde som anti-bompengeparti. Berre tull, seier samferdselsminister Jon Georg Dale frå Frp, som framhevar at lokalpolitikarane deira røystar imot bompakken i Bergen.

Bompengar som kredittkort

Men det er ikkje berre tull. Framstegspartiet har i årevis snakka med to tunger i bompengespørsmål. Dei røystar imot bompengar som lokalpolitikarar og fylkestingspolitikarar, i eit forsøk på å ha ryggen klar. Men dei er varme tilhengjarar av storslåtte og rådyre vegprosjekt, samstundes som regjeringa dei sit i, ikkje syter for at Staten finansierer prosjekta.

Blant vegprosjekta både Frp og Høgre i Hordaland er varme tilhengjarar av, er idéen om å byggja ei bru over Bjørnafjorden, ein motorvegdraum eg har skrive om her i Minerva før. Prosjektet vil kosta fleire titals milliardar. Korleis er det tenkt finansiert? Med bompengar. I fjor haust vart det rabalder i Os kommune etter at Frp og Høgre i formannskapet sytte for fleirtal for å krevja inn bompengar på førehand for å finansiera rein planlegging.

Dei fekk kritikk frå Venstre, Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne. Så kom Terje Søviknes heim frå statsrådjobben, og brått snudde Frp lokalt.

Som tidlegare miljøbyråd i Bergen, Filip Rygg (Krf), nyleg påpeikte har bomstasjonar vorte nytta til å finansiera «prosjektert som trolig aldri burde vært bygget». Dei har – meiner han – «blitt en luksusfelle hvor bomstasjoner har fungert som kredittkort for kjøp man ikke hadde råd til». Rygg har rett: Mange stader har bomstasjonar vorte ein måte å finansiera prosjekt på som kanskje gjev politisk prestisje, men som slett ikkje burde vore bygd.

Eg skal gje bompengemotstandarane i FNB dette: I sitt valprogram for Vestland fylke lover dei å gå imot planane for brusamband over Bjørnafjorden, som dei ikkje berre meiner vil verta for dyrt for bilistane, men også omtaler som miljøøydeleggjande. Dei har rett. Og dei er meir konsekvente enn Frp.

Sjølvsagt går bompengar også til gode og fornuftige infrastrukturprosjekt. Det gjeld både for kollektivprosjekt i byane, og for ei rekkje vegprosjekt på bygda, prosjekt som har tryggleik som fokus, eller som fører trafikk utanom sentrums- eller bustadområde. Kredittkortet vert ikkje berre brukt til å flotta seg. Ein større del av slike prosjekt burde ha vore finansiert frå statleg hald. Det vil seia: over skattesetelen, og ikkje i form av ei i utgangspunktet flat avgift på bilkøyring, ei avgift som råkar folk med dårleg råd meir enn folk med god råd.

I valkampen i 2017 sa Miljøpartiet Dei Grøne at ein burde få på plass minst 80 prosent statleg finansiering av Bybanen i Bergen. Det er trass alt snakk om sentral infrastruktur i landets nest største by. Frp sin dåverande samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen kalla det «uansvarlig valgflesk». Arild Hermstad i MDG sa det følgjande: «Me trur ikkje at me klarar å få på plass den finansieringa som skal til, dersom bilistane må betala altfor stor del».

Regjeringa har bede om opprør. Det er godt det opprøret kjem i form av protestrøyster, og ikkje i form av vandalar i gule vestar. Men det er synd at det opprøret også fører til motstand mot vidare utbygging av Bybanen, eit godt samferdselsprosjekt som legg til rette for god byutvikling på andre premiss enn bilen sine.

Panikken

FNB sin spektakulære vekst i Bergen skjer samstundes med at Arbeidarpartiet vaklar og samstundes med at Frp ligg ann til å verta eit lite småparti i byen. Difor kan ein nok rekna med ein del paniske utspel frametter i valkampen.

Då kan det vera verdt å hugsa på ein ting: Bompengar har ein funksjon utover å fungera som kredittkort. Det er som trafikkregulerande tiltak. Det har ikkje mykje for seg langt ute på bygda, der alternativa til bilen er få. Men det har noko for seg i byen, der alternativa er langt betre. Å gjera det dyrare å bruka bil i by gjer det meir attraktivt å lata vera. Det gjev grunnlag for å skapa betre byar, der areal som vert brukt til bilen kan nyttast til noko anna, der det vert tryggare og kjekkare å koma seg rundt som syklist eller fotgjengar og der luftureininga vert mindre.

Bompengar er ikkje ei problemfri løysing. Vegprising vil antakeleg vera betre. Men bompengar er i det minste ei løysing.

Sjølvsagt skaper det problem for nokre. Både fleire bompengestasjonar i byen og vegprising vil gjera det dyrare å bruka bilen, og bilen er superpraktisk. Til å få ungane i barnehagen. Til å frakta dei på fotballtrening. Til å vitja bestemor. Når ein både gjer det dyrare å bruka bil og sluttar å planleggja byen på bilen sine premiss, går det sjølvsagt utover nokon. Det bør gå an å vera ærleg om det.

Prioriteringa

Men: Politikk handlar om å prioritera. Prioriterer ein å gjera det enkelt og billig å køyra bil i byen, ja, så prioriterer enn ned lokal luftkvalitet, ein prioriterer ned både born og vaksne med luftvegsvanskar, og ein prioriterer å bruka plass til bilen, som kunne ha vorte nytta til noko anna. Ein skaper byar som er kjekke og enkle å koma til for folk utanfor byen, i altfor bilbaserte forstader og pendlarkommunar. Iallfall gjer ein det fram til køane veks på seg ny forstopping. Og så skaper ein byar som er mindre trivelege å bu og å leva i.

Bompengar bør ikkje nyttast for å få råd til spinnvilt dyre motorvegprosjekt. Viktige samferdselsprosjekt – anten det er veg eller bane – bør i større grad finansierast over skattesetelen.

Men byar bør ikkje utviklast med bilar som utgangspunkt. Når valet står mellom å prioritera bilisten i utkanten av byen, og jenta med astma som bur nær Danmarksplass, kjem denne vestlandske fylkespolitikaren til å halda fram med å prioritera sistnemnde. Sjølv om eg sjølv bur i ein pendlarkommune utanfor Bergen.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden