Debatt

Brennpunkt Caracas

Eg er svært kritisk til måten Maduro si regjering har takla krisa på, skriv Peder Østebø i LAG.

Photo: Agencia de Noticias ANDES [CC BY-SA 2.0].

Debatten om venezuelansk og latinamerikansk politikk i Noreg har vore mangelfull. Som aktivist er det mi oppgåve å gjere noko med det.

Ein dagleg straum av bilde og vitnesbyrd viser eit Venezuela i djup økonomisk og sosial krise. Omfattande varemangel har gjort kvardagen for mange til ei jakt på naudsynte matvarer og medisinar, inflasjonen har nådd nivå regionen ikkje har sett sidan tidleg på 90-talet, og den svarte økonomien blomstrar. Resultatet er naud og desperasjon blant vanlege venezuelanarar. Politisk har landet gått frå å være svært polarisert til å bli åstad for kaotisk og valdeleg konfrontasjon mellom myndigheitene og opposisjonen. Demokratiske prosessar har stoppa opp,  og store daglege protestar blir møtt på forsøk på kontroll, ofte valdeleg.

Samstundes har landet gått frå å vere leiande i regionale integrasjonsprosessar og utviklingsinitiativ, til i stadig større grad å bli isolert. Venezuela har vore eit regionalt konflikttema heilt sidan starten av 2000-talet, og polariseringa som pregar landet speglar seg òg på regionalt plan, noko som til no har gjort ein samla, konstruktiv innsats for ei løysing svært vanskeleg. Kombinasjonen av ekstrem polarisering, vald, autoritære grep, sosial krise og regional splid teiknar eit svært dystert bilde av landet.

I denne krisa er det høgst naudsynt å vise fram dei katastrofale effektane av krisa, og forklare årsakene bak dei. Det har både norske og internasjonale nyheitsmedium gjort.

Samstundes er det fleire viktige spørsmål som i mindre grad får spalteplass. Kvifor er det slik at president Nicolas Maduro, etter tre år med djup og forverrande sosial krise, har meir folkeleg støtte enn mange andre latinamerikanske leiarar, inklusive nobelprisvinnar Juan Manuel Santos? Kvifor har tidlegare forsøk på tilnærming mellom partane stranda, og, når ein løfter blikket, kvifor har  ikkje dei regionale samarbeidsorgana fungert som arenaer for forhandlingar?

Først, ei klargjering

Nyleg stilte eg og Cristian Peña, begge aktivistar i LAG Norge, opp i eit intervju i Minerva om situasjonen i landet. Begge snakka som privatpersonar, men med basis i diskusjonar som har gått i fleire år i solidaritetsmiljøet og LAG Norge om Venezuela. I løpet av intervjuet prøvde me å nyansere bildet av eit premiss for intervjuet, at LAG har vore «regimeforsvararar», og at me er blinde for kritikk av manglar og feil som regjeringane under Hugo Chávez og Nicolas Maduro har gjort. Presentasjonen av sluttproduktet framstiller det som at me i liten grad gjorde dette, og i etterkant har me fått kritikk frå Amnesty Norge, ved Gerald Kadon Folkvord, som meiner kommentarane sår tvil om Amnesty sine varslar om menneskerettssituasjonen i landet. Mitt hovudpoeng var å kaste ljos over ein person, Leopoldo López, som har vore eit kontroversielt tema i Venezuela, òg i debatten her heime. Det er dermed ikkje sagt at han fortener å sitje i fengsel basert på den dommen han har fått. Skiljet mellom rettsvesenet og den politiske leiinga i Venezuela har lenge vore uklart, og i løpet av dei siste åra har problema i rettsvesenet blitt stadig meir openberre. Eg kan ikkje seie at Lopez fekk ein rettferdig rettargang, og konsekvensen av det bør vere at saka hans må takast opp att. At eg ytra meg på ein måte som trakk Amnesty sin legitimitet i tvil, var ikkje meininga. Eg ber om orsaking for det, og ville understreke at eg har stor respekt for og tillit til arbeidet Amnesty gjer.

Les også intervjuet med Peder Østebø og Cristian Peña i LAG: Stoler ikke på Amnesty og tror mer på russiske og iranske medier.

Grunnen til at eg stilte til intervjuet med Minerva, var først og fremst fordi eg ønska å snakke om vegar ut av krisa, med tanke på spørsmåla eg meiner er lite omtalt i media elles, ikkje for å forsvare regjeringa. Eg er svært kritisk til måten Maduro si regjering har takla krisa på. Vidare er valden myndigheitene møter demonstrantane med uhaldbar. Det er òg bruken av varetektsfengsling spesielt, og rettssystemet generelt, for å kontrollere opposisjonelle. Det òg gjeld treneringa av valprosessane i landet. Venezuela må så raskt som mogleg på eit demokratisk spor att. Det er òg mange tendensar å kritisere frå tida før krisa, og både oljeavhengigheita, lite robuste institusjonar og polarisering bør vere gjennomgangstema i fortellinga om Hugo Chávez’ regjeringstid.

I tilfellet Venezuela skal eg vere tydelegare på kva eg meiner har vore problematiske sider ved det politiske prosjektet Hugo Chavez har vore protagonisten for.

Engasjementet mitt for Venezuela, eller for Latin-Amerika, handlar ikkje om støtte til regjeringar eller personar. Det botnar i ein solidaritet med det store fleirtal av latinamerikanarar som lev under kår kor det ikkje har dei same moglegheitene som verken dei fleste nordmenn eller dei som i tida før venstrebølgja dominerte den politiske sfæren i mange latinamerikanske land. Likevel fann eg meg sjølv i den same dikotomien som har prega den norske Venezuela-debatten i årevis. Det er delvis min eigen feil, men det er òg verd å spørje seg korleis norske debattantar hamna i same skyttargravskrig, om enn i ei fredeleg form, som den som har prega Venezuela. Forsøk på nyansere, eller trekke fram positive tendensar i, bildet av det politiske prosjektet til Hugo Chavez har blitt møtt med skuldingar om lojalitet til eller naivitet overfor Venezuela, og andre vegen har kritikk blitt omtalt som kunnskapsløyse eller logring for dei rikes interesser. Venezuela er brennpunktet, ikkje berre for debatten om latinamerikansk politikk, men for ein generell ideologisk debatt.

Les også intervju med Gerald Kador Folkvord i Amnesty: Er ikke i tvil: Venezuela beveger seg bort fra rettstaten og demokratiet.

Kritisk debatt er bra, og eg er ikkje tilhengar av å leggje lokk på ideologiske diskusjonar. Samstundes meiner eg at ordskiftet har vore prega av to negative tendensar. For det første trur eg det har gjort at fleire interessante, nyanserande røyster har kvidd seg for å delta. For det andre har det gjort at motpartane i liten grad har tatt inn over seg viktige diskusjonspunkt frå den andre sida. Det er ikkje overraskande. Eg, som til dagleg jobbar med ein polarisert region, ser det same kvar einaste dag i andre kontekstar. Personleg lovar eg å bli flinkare, i små og større fora, til å klargjere problematiske sider ved politiske prosjekt eg som aktivist på venstresida kan identifisere meg med. I Latin-Amerika er slike problematiske sider  korrupsjon, respekt for institusjonar, menneskerettar og miljø- og klimaspørsmål. I tilfellet Venezuela skal eg vere tydelegare på kva eg meiner har vore problematiske sider ved det politiske prosjektet Hugo Chavez har vore protagonisten for.

Så, ei utfordring

Latinamerikanske samfunn er komplekse som alle andre. Forsøka med å male med brei pensel når ein skisserer periodar og tendensar i latinamerikansk samfunnsutvikling, utelet ofte nyansar. Det er mange element som druknar i diskusjonane og framstillingane av hendingar i regionen. Både når det gjeld diskusjonen Venezuela og Latin-Amerika er det to element eg gjerne skulle sett at i større grad var gjenstand før debatt, både i tradisjonelle nyheitmedium og hos Minerva.

Den første handlar om ulikskap og demokrati. Latin-Amerika er, ifølgje CEPAL, regionen kor ulikskapen er størst. Det har òg vore kjernesaka til samlege venstreprosjekt tilhøyrande det latinamerikanske venstrebølgja, sjølv om både tilnærmingar og resultat har variert mykje. Det uroar djupt meg at når høgresida kjem til makta i Latin-Amerika, anten gjennom val, som i Argentina, eller gjennom kupp og tvilsamme politiske prosessar, som i Honduras, Paraguay og Brasil, forsvinn ulikskap frå dagsordenen. Det siste året i Brasil er eit godt døme på at, budsjettbalanse som unnskyldning for å drive klappjakt på både institusjonar som skal sørge for demokratisk inkludering og universelt hylla sosialpolitiske tiltak. Samstundes er det få teikn til at regjeringa til Michel Temer tek korrupsjonen i landet, som delvis har ført Brasil ut i krisa, på alvor. Han sjølv slepp å til ansvar for det brasilianske folket, ettersom han er sperra frå å stille til val grunna korrupsjonsskuldingar. Eg krev ikkje at høgresida i Noreg skal ta stilling til kvar einaste regjering eller kvart einaste politiske prosjekt i Noreg. Men, om ein trur at ulikskap, med polarisering og mistillit med etablerte institusjonar som resultat, i mange tilfelle skapar grobotn for populisme, er dette då ein gangbar veg for konservative?

Ulikskapen som pregar regionen heng tett saman med eit anna, og svært presserande tema: politisk marginalisering. Den fremste styrka med den latinamerikanske venstrebølgja, har vore emna til å inkludere marginaliserte grupper og sosiale rørsler, ikkje begge gjennom kamp mot ulikskap, men òg gjennom institusjonsbygging: Direkte demokrati og nye plattformar for påverknad har vore høgt på dagsordenen i Brasil, Venezuela, Ecuador, Uruguay og Bolivia. Ingen av prosessane for å skape eit meir inkluderande demokrati har vore perfekte, og i mange land har prosessen blitt utfordra, og enkelte plassar uthula, av kroniske latinamerikanske problem, som korrupsjon eller klientilisme. Likevel, eg har ikkje registrert noko godt konservativt svar på korleis ein skal skape eit inkluderande demokrati utan slike institusjonar, og sjølv om enkelte parti på høgresida, òg i Venezuela, har orientert seg mot det, er det ikkje eit tema på dagsordenen til konservative regjeringar i Argentina eller i Brasil. Om ein ønsker stabilitet, må marginalisering i inn i diskusjon, òg på høgresida.

Les også intervju med Gjermund Skaar i SV: – Man kan ikke overkjøre et folkevalgt parlament.

Punkta om ulikskap og demokrati bringer meg tilbake til Venezuela anno 2017. Kvifor hadde Nicolás Maduro i mars framleis støtte i 24,1 % befolkninga i Venezuela, ifølgje det svært regjeringskritiske byrået Datanalisis?  Det er openbart at regjeringspartiet PSUV og Maduro har mista mykje støtte, òg i dei arbeidarklassen, sidan vala i 2013, og det speglar seg i gatene. Samstundes er to ting openberre: for det første er ikkje mistillit til Maduro i seg sjølv støtte til opposisjonen, og for det andre finst det ein del av befolkninga som ser seg betre tent med å støtte det eksisterande prosjektet. I internasjonale medium blir dette ofte forklart ved at myndigheitene framleis driv ei kontinuerleg utdeling av basisvarar til dei fattigaste laga av befolkninga, og difor klarar stogge misnøya til ein viss grad. Eg trur forklaringa er meir samansett. Det er verd å diskutere kvifor så mange støttespelarar til det bolivarianske prosjektet har ein djup mistillit til den etablerte opposisjonen. Den handlar om marginalisering før Chávez, og òg korleis opposisjonen fremmar og har fremma sin politiske plattform. Men det handlar òg om, som historikar Alejandro Velasco påpeiker, ei reell frykt for ny marginalisering, anten gjennom represaliar om dei politiske vindane skulle snu, eller for å bli dei første offera i ein hard og kompromisslaus kuttpolitikk. Den frykta må den venezuelanske opposisjonen ta innover seg, og norske konservative bør ta opp diskusjonen om korleis politiske prosjekt i regionar med omfattande fattigdom og ulikskap kan bygge universell tillit.

Eg har sakna ein større grad av regional analyse i Venezuela-debatten.

Som et avsluttande punkt har eg sakna ein større grad av regional analyse i Venezuela-debatten. Ikkje for å trekke merksemda vekk frå krisa, men fordi den regionale konteksten er essensiell for å forstå kvifor det enno ikkje har kome noko gjennombrot for press eller forhandlingar med internasjonal hjelp. Dei høgre- og sentrumsorienterte regjeringane har i dei siste månadane, med varierande entusiasme, krinsa rundt for OAS for å prøve å takle situasjonen i Venezuela. Den venezuelanske regjeringa har i mange år har eit svært anstrengt forhold til OAS, og spesielt etter at Luis Almagro i 2015 tok over som generalsekretær i organisasjonen. Ordkrigen mellom Almagro og representantar frå myndigheitene, og det faktum at OAS ikkje er eit organ med mykje tillit blant dei venstreorienterte regjeringane, gjer det vanskeleg å sjå for seg at press derifrå kan ha ein effekt, noko som er tydeleg illustrert gjennom at Venezuela har igangsett ein utmeldingsprosess for å avgrense effekten av sanksjonar.

Isolasjon, som var vore svaret frå handelsblokken Mercosur, har heller ikkje gitt utslag. Andre forhandlingar, gjennom alliansen UNASUR, samla partane før jul i fjor, før forhandlingane braut saman etter kort tid. Det vil likevel koste regjeringa i Caracas mykje meir å distansere seg frå nye forsøk på dialog gjennom UNASUR eller CELAC, fordi dei er symbol på den regionale integrasjonen Chávez var ein av drivkreftene bak. Eit anna alternativ er å sjå til forhandlingar utanfor institusjonar, men kor både venstre- og høgreorienterte regjeringar i Latin-Amerika legg politisk prestisje i og press på Venezuela. Det er betydelege utfordringar med dette, men forhandlingar mellom regjeringa og opposisjonen er den beste sjansen for å unngå ein kaotisk og omfattande valdeleg konflikt. Det kan føre Venezuela mot eit minimum av stabilitet, kor ein valkalendar blir garantert for, og kor kompromiss om nokre grunnleggande økonomiske reformar kan avhjelpe dei mest prekære behova.

Til sist, ei oppfordring

Konservative røyster har deltatt aktivt i debatten om Venezuela i lang tid, både gjennom Minerva, Civita og Aftenposten. Dei har kritisert, og blitt kritisert, og eg trur engasjementet for Venezuela ikkje først og fremst handlar om ideologi, men om eit ektefølt engasjement for det venezuelanske folket. Venezuela er det landet som er i den klart mest prekære situasjonen akkurat no, og det er heller difor ikkje rart at merksemda krinsar rundt Caracas.

Likevel, når eg ser gjennom arkivet til Minerva, ser eg ikkje det same hyppigheita (med heiderlege unntak) i dekninga av Brasil, eller Argentina, eller Mexico, eller Colombia. Dette trass i at alle landa er i ei brytningstid. Brasil har eg allereie nemnt. I Argentina er debatten rundt eit høgreorientert prosjekt prega av stagnasjon, misnøye, og ei tvilsam haldning til landets mørke fortid. I Colombia blir fredsprosessen utfordra av manglande oppfølging og ei urovekkande bølgje av drap på venstreorienterte aktivistar som myndigheitene nektar for at skjer. Mexico er åstaden for eit politisk kaos, trigga av intern og ekstern utvikling, og ei brutal jakt på kritisk presse. Ettersom dei store mediehusa i aukande grad nedprioriterer globalt orientert journalistikk, og spesielt journalistikk om Latin-Amerika, må debatten breiast ut på andre flater. Til no har han i stor grad vore avgrensa til fagfolk og aktivistar. Eg ser gjerne at det dukka opp fleire fjes, spesielt i debatten om Latin-Amerika.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden