Spaltist

Byar kan ikkje byggjast på bilar

Om vinteren er Danmarksplass i Bergen utsett for stor luftureining. Vi kan ikkje byggja framtidas byar på bilen på same vis som vi har vore vane med, meiner Øyvind Strømmen.

Eg er glad i bilen. Det er bilismen som ideologi eg vil til livs.

Eg bur på bygda. Eg køyrer bil. Og sjølv om eg er både lokal- og fylkestingspolitikar for Miljøpartiet Dei Grøne: Eg er glad i å køyra bil. Eg kan kosa meg bak rattet, gjerne med DAB-radioen stilt inn på countrymusikk. I blant er det også ein god stad å lata tankane flyga av garde, og det er ikkje reint sjeldan at det er i bilen at eg til dømes får idear til tekstar eg burde skrive.

I nasjonale media skapte det vel knapt krusningar, samanlikna med kranglinga om bompengar i Oslo.

Ja, ideen til denne teksten kom på ein svingete landeveg, ein stad mellom Bergen og Hardanger, på ein stad og eit tidspunkt der det å ta bussen faktisk ikkje er noko særleg til alternativ.

Frøet vart sant og seia sådd tidlegare. Eg hadde lese ein artikkel i Bergens Tidende om at byrådet i Bergen vurderte femdobla bompengetakst denne veka, som eit krisetiltak mot forventa svært høg luftureining i slutten av veka. No er krisetiltaket avblåst, grunna endra varsel for luftkvalitet, men i nokre timar – om ikkje anna – såg det ut for at folk hadde måtta betala 225 kroner, og ikkje 45, for å køyra gjennom den bergenske bomringen.

Til gjengjeld ville det vorte gratis kollektivtransport.

Initiativet bak desse krisetiltaka kom frå byrådet i Bergen – eit byråd beståande av Ap, Kristeleg Folkeparti og Venstre, men i fylkestinget har også mitt parti vore med å røysta for at bergensarane kan ta slike krisesatsar i bruk. Det var det eit breitt fleirtal som gjorde,  sjølv om Frp fekk selskap frå Høgre i å røysta imot. Dei aktuelle vedtaka vart gjort i fjor. I nasjonale media skapte det vel knapt krusningar, samanlikna med kranglinga om bompengar i Oslo. Bergen er eit anna land, som kjend.

Kommentarfeltet

Eg hadde også lese kommentarfeltet til Bergens Tidende-artikkelen. Lat meg slå fast noko viktig fyrst: Det var ikkje eit kommentarfelt fullt av hets og sjikane. Det er eit kommentarfelt som inneheldt fleire gode og saklege innlegg, frå ulike ståstader. Svein-Ivar Lillehaug etterlyser til dømes tiltak som kan løysa problem med luftureining meir permanent, og nemner blant anna innfartsparkering, ein ringveg som kan føra gjennomgangstrafikk utanom sentrum og landstrøm til skip. Slike diskusjonar er riktige når ein ser at krisetiltak i form av skyhøge bompengar kan verta naudsynt.

Slik ser bilismen ut som ideologi: Å køyra bil er noko ein må gjera. Det er naudsynt. Og det er alltid naudsynt.

Peter Hatlebakk, som er politisk rådgjevar for byråd for byutvikling, Anna Elisa Tryti (Ap), deltek sjølv i kommentarfeltet, og syter for ein meir opplyst debatt. Dette er faktisk eit kommentarfelt som fortel noko om potensialet kommentarfelt har for politisk debatt og for å skapa møtestader mellom styrande og styrte.

Samstundes er det aktuelle kommentarfeltet eit innblikk i bilismen som ideologi. Bjørn Rasmussen  skriv at me må tola dårleg luft nokre dagar, «uten å plyndre småbarnsforeldre, næringsliv og andre som trenger å kjøre». Fleire spekulerer i at bompengeauka er gjort av ein grunn og ein grunn åleine, nemleg å skaffe pengar til kommunekassa, til å betala løn til dei som sit og bestemmer dette eller jamvel til å «fikse alt i Oslo».

Røyndomen er at Bergen kommune ikkje tener ei krone på at det vert innført krisesatser, og at fylkeskommunen taper pengar på gje gratis kollektivtransport.

Sjølvsagt dukkar det opp litt skitslenging i kommentarfeltet også. Byrådet er «folkefiendtlig», skriv ein. «Forbaska dustepolitikere», skriv ein annan.

Bilismen som ideologi

Slik ser bilismen ut som ideologi: Å køyra bil er noko ein må gjera. Det er naudsynt. Og det er alltid naudsynt. Om luftureininga i Bergen skulle vera så høg at ho er beint fram farleg, ikkje minst for astmatikarar, ja, så er svaret – og eg siterer frå kommentarfeltet igjen – at «[de] som ikke tåler dårlig luft noen dager [får] holde seg inne!». Ifølgje den ideologiske bilismen veg nemleg retten til å køyra bil når og kor ein vil veg tyngre enn retten til å ikkje verta sjuk av bylufta.

Krisetiltak for luftkvaliteten si skuld er ifølgje denne ideologien berre ein måte å suga blodet ut av bilistane på, eit landevegsrøveri. Gjennomført av dustepolitikarar.

Når krisesatsar dukkar opp, skraper ein i overflata på denne ideologien, og i Bergen er det eit årleg rituale. Nokre få dagar i året er luftkvaliteten så elendig at trafikkdempande tiltak må til, og – like årvisst som Grevinnen og Hovmesteren – i kommentarfelta dukkar dei opp: gretne menn (og det er nesten berre menn) som ser på bilkøyring som ein menneskerett. Når som helst. Kor som helst.

Skyhøge krisebompengar har noko til felles med dieselforbod: dei er som å setja plaster på eit verkande sår.

Når ein møter den grovkorna og kanskje ikkje spesielt velargumenterte varianten av den ideologiske bilismen i eit kommentarfelt, ja, så er lett å framstilla den latterleg. Men sanninga er at denne ideologien også har fått prega byutviklinga vår i tiår etter tiår. Me har lagt opp byane våre på bilane sine premiss. Politikk er å prioritera, heiter det, og me har prioritert den bilglade fyren frå bygda  som køyrer inn til Bergen sentrum kvar bidige dag, medan me ikkje har prioritert til dømes den vesle jenta som veks opp nær Danmarksplass, og som har astma.

Det ferskaste argumentet for å prioritera slik: Bompengar er sosialt urettvise.

Frå symbolpolitikk til realpolitikk

Ein av innvendingane som også dukkar opp i kommentarfeltet hjå Bergens Tidende, er at krisebompengar berre er symbolpolitikk. Det er ikkje sant, tiltaket vil faktisk verka, men det er ei innvending eg likevel skjøner.

Det er nemleg ikkje slik at det å setja bompengane til 225 kroner eit par av dei verkeleg verste dagane løyser noko særleg. Neste vinter er problemet attende. Kanskje allereie neste veke. Og det er liten tvil om at ein slik pris vil ha skeive utslag. Folk med god råd kan gje blaffen. Folk med dårlegare råd får ei praktisk utfordring til, dei dagane slike tiltak må innførast.

Skyhøge krisebompengar har noko til felles med dieselforbod: dei er som å setja plaster på eit verkande sår. Skal ein få slutt på verken må det meir drastiske tiltak til. Men også desse tiltaka vil – uunngåeleg – støta på den ideologiske bilismen. Difor er det ein ideologi ein er nøydd å utfordra. Slik er det ikkje fordi bilen i seg sjølv er eit problem. Bilen er eit praktisk og komfortabelt transportmiddel, og i framtida vil det største problemet med bil i by vera arealbruk og ikkje ureining. Når ideologien må utfordrast, er det fordi framtidas byar må planleggast på anna vis. På andre premiss.

Og det går det faktisk ann å meina, også om ein er ein bilglad fyr frå bygda.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden