Da draumen gjekk i svart

I haust er det ti år sidan Johnny Cash døydde. Og med han eit legendarisk uttrykk for 1990-talskulturen. Kva var det med nittitalet som opna for det siste comebacket til denne svartkledde countrylegenda?

Publisert Sist oppdatert

I haust er det ti år sidan Johnny Cash døydde. Og med han eit legendarisk uttrykk for 1990-talskulturen. Kva var det med nittitalet som opna for det siste comebacket til denne svartkledde countrylegenda?

Å lese livsforteljinga til Johnny Cash er som å gå gjennom ei kronologisk oversikt over nokre av dei viktigaste hendingane i amerikansk kulturhistorie.

Cash vart fødd i Arkansas i 1932, og voks opp under den store depresjonen, med ein tyrann av ein far, som gav Cash skulda for at storebroren døydde i ei sagbruksulukke. I sin lutfattigdom vende mora seg til Jesus for å finne håp. Ho lærte Cash salmar og kristne songar, og prenta i han ei kristentru som prega han for livet. Hardt arbeid på bomullsmarkene forma sosialt samvit som kroppsleg erfaring. Da Cash var tjue deltok han, som mange andre amerikanske gutar, i militærteneste i Tyskland. Det var der han lærte seg å spele gitar. Året før møtte han Vivian Liberto, ei sytten år gamal jente han heldt kontakten med gjennom brev dei tre åra i Tyskland. I august 1954, da Cash var 22, gifta dei seg, og fekk etter kvart fire døtrer.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Digitalt årsabonnement og kvartalstidsskrift til 1050 kr i året

Bestill her