Spaltist

Den andre diktaren

Welhaven hadde ein del gode poeng i sin strid med Henrik Wergeland, skriver Øyvind Strømmen.

Bilde: Johan Sebastian Welhaven, maleri av Carl Peter Lehmann

Kvifor eg ville ha snakka om Welhaven om eg skulle halde 17. mai-tale.

Stein Lillevolden er framleis ute etter å provosera. Tydelegvis. Dagen før den store norske festdagen  dukka ein Lillevolden-kronikk opp i Dagbladet, basert på ein artikkel publisert i den siste utgåva av tidsskriftet Samora. I denne stiller Lillevolden ei diagnose på «den norske utagerende sjåvinismen».

«Selvfedme», skriv Lillevolden, «er en naken-selfie av det Norge som i enhver sammenheng framhever seg som verdens rikeste land, beste og mest vellykkede samfunn, med den beste natur, beste skinasjon, de beste forfattere, beste i alt, selv helt uten å sitere pinlige tidligere statsminister-utsagn». Litt seinare i same tekst følgjer han opp med å seia at den «nasjonale norske kultur er gjennomgående nostalgisk til en tid og et forhold som aldri fantes, noe som fortsatt preger den norske selvinnsikt». Han slengjer på at me har eit uforholdsmessig stort sjølvbilde no i mai.

Novel, som Kristin Clemet feirar eg 17. mai med glede og godt samvit. Som vanleg vil eg nok kjenna litt på nasjonalkjensla når eg ser det lokale 17. mai-toget velta inn på skuleplassen ved barneskulen i min vesle vestlandskommune, eller når tonane av «Ja, vi elsker» eller «Norge i rødt, hvitt og blått» dansar gjennom vårlufta, ei kjensle som kanskje berre vert forstyrra av at heliumballongar fer til vêrs som ei markering av sløseri og forsøpling.

Det er nok ei relativt vanleg oppfatning at Wergeland representerte «det norske» i denne striden, medan Welhaven snarare representerte noko «dansk» noko.

Ikkje berre det. Ved eit par høve har eg fått æra av å halda 17. mai-tale, og eg har sjølvsagt snakka om Henrik Wergeland, eg òg. Men dersom eg skulle ha halde tale nett i dag, så ville eg ha droppa Wergeland, hans viktige kamp mot jødeparagrafen til trass. Eg ville gjort det i ein slags protest mot ei tidsånd som gjer at eg i blant undrar på om me snart kan kunna kjøpa rein, norsk luft på boks.  

I våre dagar er vel Welhaven mest kjent for å ha krangla med Wergeland, og for å ha vore i det minste småforelske i Wergeland si syster, Camilla, ho som vart heitande Collett. Det heile har vorte ei slag Romeo og Julie-forteljing i norsk litteraturhistorie, ein måte for desperate norsklærarar å fanga merksemda til yre ungdomar, for slik å kunna læra dei litt om striden mellom dei to diktarane. All verda vert vel ikkje sitjande att, sjølv minnest eg fint lite om Welhaven frå skuletimane, og det er nok ei relativt vanleg oppfatning at Wergeland representerte «det norske» i denne striden, medan Welhaven snarare representerte noko «dansk» noko.

Men, ser du, Welhaven hadde ein del gode poeng. I diktsamlinga Norges Dæmring, eit kjernepunkt i den såkalla «demringsfeiden» med Wergeland og andre, lånte også han noko av den forherligande omtala av den fjerne norske fortida. Men samstundes hamrar han laus på det han oppfattar som misforstått patriotisme:

Det er da Daare-Verk at ville hemme
med kraftløs Haand Skibladner i sin Gang;
det staar ei stille ved Sirene-Sang,
det la’r sig ei af noget Vagtskib skræmme.

Og om vi nu forskandsed os her hjemme,
vandt vi da ægte Norskhed i vor Tvang?
Ak, fremmed Frugt gror alt paa Norges Vang,
og fremmed Visdom i vort norske Nemme.

Selv du, der præker Kvarantænens Lære,
sig, er du da en norsk Original,
hvor du er ivrig, patriotisk bister?

Du gjære med, mens Verden er i Gjære;
du er blot mere hoven og fatal:
en norsk Kopi av fremmede Kopister.

Det er passande ord, også for vår tid, det. Og medan Kristin Clemet sjølvsagt har rett i sin sjølvsagte observasjon – at nasjonalismen både kan vera både positiv og negativ, både inkluderande og ekskluderande – så har ho også rett i at det lokale og det globale er vevd saman. Det såg Welhaven tindrande klårt. Framande fruktar gror her allereie. Framand visdom har for lengst funne vegen hit.

Den inkluderande nasjonalismen har rom til det som skiljer seg ut, det som er annleis, til det som med den eksluderande nasjonalismen sitt blikk blir til skit.

Skilnaden mellom dei to er at den ekskluderande nasjonalismen er på jakt etter det skitne, det unorske, det som ikkje passar inn. Den inkluderande nasjonalismen kan sikkert også ha innslag av det Stein Lillevolden kallar sjølvfedme, av det oppblåste sjølvbildet, av ei fortid som har vorte gjort om til myter, myter som den om Wergeland og Welhaven, kanskje. Men den inkluderande nasjonalismen har rom til det som skiljer seg ut, det som er annleis, til det som med den eksluderande nasjonalismen sitt blikk blir til skit.

God 17. mai, alle saman, gratulerer med dagen, og hugs at det er fint med ein fest som denne i «vor brogede, konfuse Tid».

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden