Fra papirutgaven

Eg byrjar å lure på om eg skal gje Syden ein sjanse likevel.

Bilde: Pixabay

Nokon trong til å reise og slappe av på ein stad som faktisk blei bygd for nett dette formålet, har eg aldri kjent på. Før no.

I sommar fortvila mange nordmenn over korleis ei rekordarta tilstrøyming av cruiseskip leidde til både estetisk og miljømessig forureining av fjordar og hamner her til lands. Frå dei skattefritekne klimaverstingane av nokre båtkolossar strøymer det ut representantar for den veksande asiatiske mellomklassa. Dei skapar trengsel, forsøplar og legg visstnok ikkje att nemneverdig med pengar ein gong. Skrekk og gru.

Samstundes skal eg vedgå at eg knappast er noko betre sjølv. Kvar sommar melder den mystiske trongen seg til å reise til byar i utlandet, der eg kan gå omkring og vere interessert i ting på dagtid og drikke meg full på kveldstid. Nokon trong til å reise og slappe av på ein stad som faktisk blei bygd for nett dette formålet, har eg aldri kjent på. Eg hatar å liggje på strender og har aldri vore i Syden. Når eg kjem heim frå ferie, er eg alltid mykje meir sliten enn då eg fór.

Då eg var på Island i fjor, blei eg for første gong slått av at det no er altfor mange som har same feriepreferansar som eg. I Reykjavik var heile byen, så vidt eg kunne sjå, overteken av tilreisande utlendingar. Dei einaste innfødde eg fekk auge på, jobba som servitørar eller bak kassa i suvenirbutikkar. Om ein vil observere islendingar i fri og naturleg utfalding, må ein køyre til eit kjøpesenter utanfor byen.

Liknande tilstandar opplevde eg i Italia, der eg og sambuaren var denne sommaren. Rett nok hadde vi skamvit nok til å styre unna Venezia, som vel må vere den mest overturistifiserte staden på jordkloten. Men i Verona gjekk vi rundt saman med alle dei andre turistane og enda mellom anna opp i sildetønneaktig trengsel framfor ein balkong som ifølgje den lokale turistnæringa var åstaden for dei løynde møta mellom Romeo og Julie ei tid før Shakespeare fekk høyre om soga deira. Kva i all verda er slikt godt for?

Seinare var vi i Firenze, der den verdskjende kunsten og arkitekturen i alle fall har opphavet sitt i røyndomen, men heller ikkje kjennest heilt autentisk når du har tusenvis av kinesarar med selfiestong i lag med deg.

Eg har sett psykologar uttale seg i media om korleis folk bør lære seg å gå glipp av ting i dagens overstimulerande forbrukarkultur. Ein god stad å starte er i så fall turistattraksjonar. Vi fekk ikkje med oss Michelangelos David då vi var i Firenze, og eg har bestemt meg for at eg aldri skal gjere det heller. I det heile byrjar eg å lure på om eg skal unngå storbyar og gje Syden ein sjanse likevel.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden