Spaltist

Eg lyttar og lengtar etter togvisjonar frå politikarane

Det hadde vore mogleg å få reisetida på Bergensbanen ned mot fire timar, skriv Strømmen. (Her Hallingskarvet i bakgrunnen.)

Bilde: NSB / Rune Fossum / Flickr

Eg har vorte glad i toget. Eg set pris på å reise sakte. Men eg skulle gjerne hatt fleire medpassasjerar, og då må det gå fortare.

Eg var nyleg i København eit par dagar, på ein studietur i regi av opplæringsutvalet i Hordaland, der eg er medlem. Sidan eg skulle til Oslo like i forkant av dette, passa det godt å ta toget.

Eg liker godt å reisa med tog. Det er det fleire årsaker til. Ein av dei er at eg faktisk set pris på å reisa sakte. Eg set pris på å sitja med ein kaffikopp og ei god bok, i eit godt sete, med relativt grei beinplass. Eg set pris på å kunna sjå ut store vindauge på ein landskap som fyk forbi i eit tempo som ikkje er alt for høgt. Eg har til og med lært meg å setja pris på den manglande internettdekninga på store delar av Bergensbanen. Den gjev ein pause frå sosiale media og frå nettaviser, og når også mobildekninga fell ut, ein pause frå kvardagsmaset.

Toget har vorte ein stad der eg les bøkene som elles vert liggjande i ein haug med bøker eg burde lesa. Og viktigare: Det har vorte ein stad der eg les bøkene eg har lyst å lesa. Ei halvgod krimbok. Ei dokumentarbok om eit felt eg ikkje jobbar med. Slike ting. Det å reisa langsamt gjev meg også tid til å tenkja. I motsetnad til flyplassar. Det er få ting som gjer meg så stressa som flyplassar.

Eg har vorte glad i toget. Sidan eg bur på Vestlandet og stadig vekk bruker toget til Tigerstaden, har eg kanskje ikkje hatt anna val.

Blant dei mest miljøvenlege vala

Men det er sjølvsagt også ein annan grunn til at eg reiser med toget: Når ein fyrst skal reisa, er det å reisa med tog blant dei mest miljøvenlege vala. Diverre er det slik at mange av oss her i landet, inkludert underteikna, reiser for mykje med fly. Eg voner og trur at teknologiutvikling skal hjelpa oss med å verta meir miljøvenlege sjølv med luft under vengene, men i dag er flyreiser noko av det styggaste for klimarekneskapen vår. Og før nokon kjem med anklager om moralisme: Det gjeld også for min rekneskap.

Om ein ser på dette i global målestokk, plasserer det oss åleine i eliten. Folk flest flyg ikkje. Og sjølv dei som flyg, flyg ikkje så mykje som oss. I 2015 var tre av dei mest trafikkerte flystrekningane i Europa norske innanriksruter. Oslo-Trondheim, Oslo-Bergen, Oslo-Stavanger.

Der vart eg ståande ei heil stund, med trillekoffert, laptopveske og ein handlepose.

Eg kom til å tenkja på dette då eg var på veg heim att frå København, også med tog, og etter eit familiebesøk i Skåne. Etter togbyte i Gøteborg hadde eg kome så langt som til Halden før eg vart lempa over på buss-for-tog, bussen gjekk til Råde og der vart eg ståande og venta ei heil stund, med trillekoffert, laptopveske og ein handlepose med min variant av harryhandel: julmust og pocketbøker.

«Kvifor tek eg toget?», tenkte eg.

Bli abonnent på Minerva, høyresidens nettavis: Kun 1,- første måneden!

Problema

Svaret har du allereie fått. Og sidan eg er sjølvstendig skribent, og faktisk kan jobba medan eg er på eit tog, har eg tida til det. Det har kanskje ikkje du. Så eg skal lata det at eg vart litt småsur over det som sikkert vart ein småfeil ein stad nord for Halden fara, og i staden for skal eg peika på ein del av dei andre og større problema på mi togreise tur-retur Bergen-København.

Problem nummer ein: Bergensbanen.

Det hadde vore mogleg å få reisetida på Bergensbanen ned mot fire timar. Det som skal til, er ei ny Ringeriksbane, ei ny Vossebane og gjerne ein ny togtrasé frå Mjølfjell og austover. Båe dei to fyrstnemnde prosjekta er jamvel med i Nasjonal Transportplan, Ringeriksbana ser ut til å kunna få oppstart i 2021, noko som vel ikkje er ille for ei strekning som har vore påtenkt sidan 1800-talet. Den nye Vossebana har Stortinget dytta fram i tid, men me kan jo vona på oppstart i 2024.

At både veg og bane mellom Bergen og Voss er rasutsett, har ikkje vore nok til å overtyda dei styrande politikarane om at ein fortgang er naudsynt. Det er hakket verre til ventetid enn å måtta stå ei lita stund på Råde. Og det er verre både for dei som er uroa over trafikktryggleik og for dei av oss som skulle ynskja at toget vart konkurransedyktig med fly mellom Bergen og Oslo, og då ikkje berre for dei av oss som liker å reisa sakte.

Problem nummer to: Å ta tog til København.

Det er ikkje noko problem å kjøpa billett til Gøteborg med NSB, som køyrer på strekninga. Det kan ein jamvel gjera på app. Men om ein skal vidare til København, vert det straks litt meir krevjande. «Skal du reise med tog til København?», spør nettsidene til NSB om ein freistar seg på eit slikt dristig billettkjøp. Dei fortel deretter at ein kan kjøpa billett frå svenske SJ. Ein skulle tru at det hadde vore mogleg for jernbaneselskap å snakka saman, og å laga eit billettsystem som gjorde det enkelt for nordmenn som vil reisa til Europa utan fly. Slik er det visst ikkje.

Fram til 2004 var det direktetog mellom Oslo og København. No må ein byta tog i Gøteborg. I røynda er det imidlertid få strekningar i Norden som er betre eigna til hurtigtog enn nettopp denne strekninga. Befolkningsgrunnlaget er betydeleg. Marknadspotensialet er solid. Geografien byr ikkje på utfordringar av den typen dei som ynskjer seg hurtigtog mellom dei store norske byane møter. Eit hurtigtogsamband kunne ha blitt bygd i løpet av relativt få år. I 2012 og 2014 snakka ein om moglegheita for å ha eit slikt samband på plass innan 2025. Reisetid Oslo-København? Ned mot to og ein halv time.

Eg merka ei viss uro for at det også i 2025 skal vera togbyte i Gøteborg.

Men der eg stod på ein perrong på Råde, merka eg ei viss uro for at det også i 2025 skal vera togbyte i Gøteborg og kanskje også litt buss-for-tog på norsk side av grensa.

For meg er det kanskje greitt. Eg har ikkje noko imot litt tid i Gøteborg, til å få ein matbit og til å handla svensk krim i pocketutgåve. Men er det noko ei togreise mellom Bergen og København får meg til å tenkja, ja, så er det at ein ikkje gjer det enkelt å velja miljøvenleg. Skjønt, ein kan i det minste ta Bybanen til Flesland flyplass.

Eit skilt på Trengereid

På Trengereid stasjon utanfor Bergen står det eit skilt der ein må kryssa jernbanesporet. På veg heim frå København la eg for ein gongs skuld merke til det. Det er ei åtvaring om at ein må sjå og lytta etter toget før ein kryssar linja.

Eg ser, lyttar og lengtar etter visjonar for toget frå høgaste politiske hald. Men medan eg ventar på det, trur eg at eg kan ta meg ein kopp kaffi til, og finna fram fleire gode bøker.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden