Spaltist

Ei farse i Chișinău

Byporten i Chișinău

Bilde: Serhio

Den proeuropeiske sentrum-høgre-kandidaten Andrei Năstase vann ordførarvalet i den moldovske hovudstaden. Til lita nytte

Moldova er, som eg har skrive om i Minerva før, ikkje berre eitt av dei fattigaste landa i Europa. Det er også eit land som vert oversett. Slik er det trass i at det er noko av ein hotspot i drakampen om Europa si framtid, slitt mellom aust og vest, mellom Russland og EU. Aust i landet finn ein jamvel ein utbrytarrepublikk som overlever ved hjelp av russisk støtte, Transnistria.

Den moldovske hovudstaden Chișinău er ein grøn og frodig by, med fleire store parkar. Ein av dei er Parcul Dendrariu, der eg i april fekk høve til å oppleva ein del av valkampen i det ekstraordinære ordførarvalet i byen. I den store parken samla ei gruppe demonstrantar seg med plakatar der dei protesterte mot korrupsjon og mot ulovlege byggeprosjekt. Blant dei var den tidlegare presidentkandidaten Maia Sandu frå det proeuropeiske sentrum-høgre-partiet PAS, generalsekretær Igor Grosu i same parti, og også ordførarkandidaten for deira alliansepartnar AD, Andrei Năstase.

Dei tre hamra laus på korrupsjonen i landet, og peikte blant anna på eit nytt høgbygg like ved parken. Der vart det bygd luksusleiligheter der det eigentleg var planlagt eit fritidssenter for menneske med spesielle behov. Ifølgje Grosu var tomta seld frå det statlege eigedomsselskapet for ein latterleg billig penge.

Korrupsjonsanklager og politisk farse

Det er nær umogleg å skriva om moldovisk politikk utan at nettopp korrupsjon er temaet ein må venda attende til, gang på gang. Korrupsjonsskuldingar var også ein del av bakteppet for ordførarvalet i hovudstaden.

I slutten av mai 2017 vart byen sin liberale ordførar, Dorin Chirtoacă, arrestert, skulda for korrupsjon i samband med ei kontrakt med eit parkeringsselskap. Han var sett i husarrestert, og etterkvart suspendert frå ordførarvervet. Forretningskvinna Silvia Radu – som ikkje var folkevald – vart innsett som mellombels ordførar.

Ho vart av mange rekna å stå nær den søkkrike og mektige oligarken Vlad Plahotniuc, som er den sterke mannen i Moldova sitt etterkvart djupt upopulære sosialdemokratiske regjeringsparti PDM, men som i røynda har klart å skaffa seg langt større politisk spelerom enn som så.

Ytterlegare kontekst: I 2016 vart Moldovas tidlegare statsminister Vlad Filat dømt til ni års fengsel for korrupsjon, skulda for å ha teke imot smørjepengar i samband med den største politiske skandala i Moldova si historie som sjølvstendig stat. To år tidlegare forsvann nemleg rundt ein milliard dollar frå tre av landets store bankar, overført til papirselskap i Storbritannia og Hong Kong og betalt ut til ei rekkje bankkontoar i blant anna Latvia. Staten måtte berga bankane. Prislappen var på ein åttandedel av landet sitt bruttonasjonalprodukt.

Ein rapport frå det amerikanske analyseselskapet Kroll peiker ut ein hovudmann bak dette kvitsnippbankranet: forretningsmannen Ilan Shor, som i dag også er politikar, ordførar i småbyen Orhei. Men mange retter også peikefingeren mot Plahotniuc. Blant dei er Vlad Filat, som hevdar seg utsett for eit komplott. Blant dei er også Andrei Năstase, som i dag skulle ha vore Chișinău sin ordførar. 3. juni vann han nemleg det ekstraordinære ordførarvalet i Chișinău. Radu vart, noko uventa, slått ut alt i fyrste runde. I andre valomgang slo Năstase den prorussiske og sosialkonservative sosialisten Ion Ceban. Antikorrupsjonsbodskapen hans var – ikkje utan grunn – populær blant veljarar som føler seg lurt av både påstått provestlege og påstått prorussiske politikarar. Slik var det, til trass for at Năstase sjølv vert kritisert for koplingar til Plahotniuc’ tidlegare forretningspartnarar Victor og Viorel Tupa, som flykta landet etter anklager om både korrupsjon og utpressing.

Farsa er ikkje over

Eg skriv «skulle ha vore», for farsa er ikkje over. Năstase sin valsiger har kanskje gjeve den proeuropeiske opposisjonen nytt håp framfor det komande parlamentsvalet, men 19. juni vart valet rettsleg annulert. Det vart gjort med referanse til at båe dei to kandidatane på valdagen hadde nytta sosiale media til å oppmoda veljarane til å møta fram, noko retten hevda var i strid med det moldovske valkampregelverket. Avgjersla har sidan vorte stadfesta av både moldovisk høgsterett og av landet sin valkommisjon.

Det har ikkje overraskande ført til reaksjonar, både i Moldova og utanfor landet. I Chișinău har det vore demonstrasjonar til fordel for Năstase. Den amerikanske ambassada har uttrykt uro for annuleringa, som dei meiner undergrev moldovarane si tiltru til demokratiske prosessar. Liknande toner kjem frå EU. Statsvitaren Mihai Popșoi, som også er nestleiar i PAS, skriv i ein artikkel i Adevărul Moldova at den demokratiske fasada i landet har falle. Ifølgje han er det velkjent at Vladimir Plahotniuc har betydeleg påverknad på rettsvesenet, og at han nyttar denne til å kontrollera den politiske prosessen, og til å gå etter sine motstandarar.

Slike anklager vert – det er sjølvsagt ikkje overraskande, det heller – avvist av PDM. Sett utanfrå er det heller ikkje heilt enkelt å vita kva ein skal tru på og ikkje.

Men for å parafrasera Hamlet: Det er noko råttent i Moldova.

Kva skjer no?

Spørsmålet er kva som vil skje no. Historikaren og forskaren Armand Gosu seier i eit intervju med RFE/RL at demonstrasjonar i den moldovske hovudstaden kan veksa til noko meir. Ugyldiggjeringa av ordførarvalet kan vekka nytt folkeleg raseri mot det politiske etablissementet i Moldova, noko som har hatt dramatiske konsekvensar før. Det kan også føra til at Năstase si rolle som opposisjonell veks.

– Me bør sjå kva som har skjedd i Jerevan og Tbilisi, der massive protestar førte til at statsministrar gjekk av og til at det politiske landskapet vart forma på ny. Det kan vera at det no er Chișinău sin tur til å sjå slike protestar, seier Gosu i intervjuet.

Uansett er det grunn til å følgja med på det vesle landet i aust-Europa. Til vinteren er det val. Enn så lenge er det eit val den prorussiske opposisjonen ser ut til å koma til å vinna.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden