Politikk

Ei historie om fanatisme

Dette er forteljinga om korleis gyldenfarga ris fekk meg til å innsjå at eg tok feil, og at eg hadde latt meg lura.

Dette er forteljinga om korleis gyldenfarga ris fekk meg til å innsjå at eg tok feil, og at eg hadde latt meg lura.

Sjå for deg følgjande scenario: Eit stort fleirtal av forskarane på eit felt er samde om noko. Men det er ikkje desse forskarane som får dominera debatten på området. Dei som dominerer er delvis eit lite – men stundom aggressivt – mindretal av forskarar, og delvis glade amatørar som nøye vel ut lausrivne bitar av fakta, gjerne tek i bruk utdaterte eller dårlege studiar for å underbyggja sine syn, og som i nokre tilfelle blandar dette saman med reine konspirasjonsteoriar.

Og det er berre å vedgå det: eg har vore ein av desse glade amatørane. Sjølv om eg har halde meg unna dei openberre konspirasjonsteoriane har eg uforvarande late meg påverka av dei. Ein ugrunna alarmisme står sterkt i opinionen generelt. Han står endå sterkare i miljørørsla, som eg sjølv tilhøyrer.

Det eg skriv om er noko nordmenn faktisk frykta meir enn både naturkatastrofer og terror

Eg snakkar ikkje om den breie vitskaplege semja rundt klimaendringar. Dette er ei vitskapleg semje miljørørsla lyttar til, og også nyttar som argument for å få gjennomslag for politiske endringar. Blant dei som gjerne vert referert er American Association for the Advancement of Sciences (AAAS), som slår fast at vitskapen er klår: Menneskeskapte globale klimaendringar er ein røyndom.

Det eg skriv om er noko nordmenn, ifølgje ei undersøking frå 2007, faktisk frykta meir enn både naturkatastrofer og terror. NA24.no rapporterte om undersøkinga under tittelen: «Nordmenn frykter Frankenstein-mat». Det eg skriv om er moderne bioteknologi, nærare bestemt genmanipulering, eller – for å nytta eit mindre ladd omgrep: Gensløyd.

Matkrise, men nei til GM-mat
Det finst likevel det som er verre enn nordmenn si frykt. I 2002 nekta zambiske myndigheiter innbyggjarane sine importert GM-mais som naudhjelp under ei alvorleg matkrise. Det vart gjort med referanse til «føre var»-prinsippet. Zambiske forskarar støtta opp under avgjersla, og refererte blant anna til samtalar med den norske forskaren Terje Traavik ved Norsk institutt for genøkologi. Traavik har vore ei av dei mest kritiske stemmene til mat frå genmodifiserte avlingar, også her heime.

Av spørsmåla rundt gensløydmat er det spørsmålet som er enklast å svara på, nettopp dette: Er han farleg? Det korte svaret er eit ord på tre bokstavar. Nei.

AAAS har uttalt seg om dette også – rett nok mange år etter matkrisa i Zambia. Også her seier dei at vitskapen er klår, og at det å eta mat som inneheldt ingrediensar frå GM-avlingar ikkje er meir risikabelt enn å eta den same maten med ingrediensar frå plantar som er avla fram på tradisjonelt vis.

Kvar plante er ulike, kvart døme på gensløyd er ulikt, korleis ein kvar person reagerer er ulikt

Det finst eit lenger svar på spørsmålet også, nemleg at det er ganske meiningslaust. Som Margaret Mellon i Union for Conserned Scientists – dei er GM-skeptikarar – seier i eit intervju med den grøne nettstaden Grist: «Det ser ikkje ut for at det er nokon risiko som gjeld all gensløydmat og alle menneske. Kvar plante er ulike, kvart døme på gensløyd er ulikt, korleis ein kvar person reagerer er ulikt». Ein må, ifølgje Mellon, setja opp ei liste over alt som kan vera problematisk og analysera kvar av desse risikoane. Eit ekspertråd sett ned av FAO og Verdas helseorganisasjon gjorde noko av dette alt i 2000. Les ein den vurderinga, får ein vita det ein kanskje burde visst frå før: Dei potensielle problema med GM-avlingar er på dette området omlag dei same som problema ein kan få med tradisjonell planteavl.

Her passar det å fortelja historia om potetsorten Lenape. Denne sorten vart utvikla av forskarar på 1960-talet, gjennom tradisjonell avl. Det var ei fantastisk potet, rik på stivelse, og veleigna til å laga chips. Dessutan var ho motstandsdyktig mot sjukdomar. Og det heile var for godt til å vera sant: Lenape synte seg å vera giftig. Ein heil del av dei som åt av poteta endte opp med solid kvalme. Genene hadde skulda. Lenape hadde høgare innhald av giftstoffet solanin enn andre potetslag.

Slikt kan sjølvsagt også henda med gensløydplantar. Når ein låner gener, kan ein få uventa resultat, om det no er noko tilsvarande Lenape-poteta, eller om det er fordi sluttresultatet kan framkalla allergiar ingen tenkte på.

Difor er det rett og rimeleg med grundig testing av GM-produkt. Men det er ikkje rett og rimeleg med panikk rundt all mat som er produsert ved hjelp av genmodifiserte plantesortar. Og når denne panikken fører til at GM-mais ikkje vert levert til folk i ei matkrise, då er det verkeleg vanskeleg å forsvara.

Problem og ikkje-problem
Før eg går vidare er det verdt å understreka at produksjon av gensløydorganismar reiser ei rekkje problemstillingar og også relevante og viktige politiske spørsmål. Desse spørsmåla kan grovt delast i to kategoriar. Den eine handlar om marknadsmakt, og knyter seg blant anna til i kva grad ein skal kunna ta «patent på liv». På bioteknologisektoren finn ein store og tunge marknadsaktørar, blant dei eit av dei selskapa som kanskje har mest bruk for godt betalte PR-konsulentar, Monsanto.

Skal ein tru noko av det ein les på internett, er Monsanto omlag på nivå med Beelzebub

Skal ein tru noko av det ein les på internett, er Monsanto omlag på nivå med Beelzebub, og det eigentlege hovudkontoret deira ligg etter alt å døma i helvetesbyen Dis, og ikkje i Creve Couer, Missouri (der ligg forresten også kontora til ein annan gigant på området, DuPont, som – fortent eller ikkje – ikkje har eit tilsvarande belasta rykte). I denne artikkelen skal eg ikkje bruka plass på ein diskusjon rundt Monsanto utover å slå fast to ting. Det fyrste er at det eksisterer ein heil del konspirasjonsteoriar rundt konsernet. Det andre er at Monsanto – som alle andre selskap, og særleg store marknadsaktørar som dette – må finna seg i å verta gått etter i sømmane. Når ein gjer det, og om ein klarer å sortera vekk ein heil del tøv, er det ikkje alt som ser like bra ut.

Eit døme på konspirasjonsteoriane? På Svalbard er det etablert eit globalt frølager, som vert nytta til å oppbevara sikkerhetskopiar av frø frå frøsamlingar over heile verda. Det er eit prosjekt som ifølgje regjeringa vil hindra at frøsortar går tapt, til dømes som følgje av naturkatastrofer, krig eller ressursmangel. Det er eit prosjekt av typen Utviklingsfondet kallar «viktige», om enn ikkje «gode nok alene». Frølageret er eit resultat av eit samarbeid mellom norske myndigheiter, Nordic Genetic Resource Center og Global Crop Diversity Trust. Av dei som har donert pengar til det sistnemnde er  The Bill and Melinda Gates Foundation, Bill Gates’ enorme filantropiske stifting. Der jobbar også Monsanto-veteranen Rob Horsch. Og dermed er det opna for førestillingar om at sjølv dette prisverdige prosjektet er ein del av Monsanto sine mørke planar om eit slags komplett verdsherredøme, som omtalt blant anna på ein av dei internasjonale konspirasjonsteorinettstadane framfor nokon, Global Research.

Den andre kategorien av spørsmål handlar om miljø. Det er viktige spørsmål.

Naturleg-fella
Igjen kan det vera greitt å ta ein avstikkar. I delar av miljørørsla – og kanskje ikkje minst i alternativrørsla – er det ein tendens til å sjå på det som er «naturleg» som bra, medan det som er «unaturleg» er dårleg. Dette vert også nytta i marknadsføring, du veit – når nokon skryt av at det dei sel har berre naturlege ingrediensar, eller – hakket drøyare – er «fritt for kjemikalier».

Var naturfaglæraren din på ungdomsskulen like skalla som Walter White blir etter kreftbehandlinga i Breaking Bad? Der har du årsaken. Slike påstandar er nok til å få ein kvar naturfaglærar til å riva ut håret. På denne måten blir mais som ikkje er genmodifisert altså «naturleg», medan maisen som er genmodifisert blir «unaturleg». Sidan karar med kvite frakkar er involvert blir denne maisen faktisk eit reint Frankenstein-monster, sjølv om monsteret var namnlaust, og dr. Victor Frankenstein jamnt over har ein langt tøffare klesstil i alle filmar som er laga.

Mennesket – for å seia det kort og brutalt – har alltid tukla med naturen

Problemet med denne todelinga er sjølvsagt at det er reint, skjært tull: Maisen er i høgste grad menneskeskapt, det er snakk om framavla plantesortar. Moglegvis er også mais i seg sjølv avla fram av menneske, frå slektningen teosinthe, som ikkje er rare greiene å bli mett av. Om menneskeleg planteavl er naturleg eller ikkje, vert eit meir filosofisk spørsmål, avhengig av om ein plasserer mennesket som ein del av naturen, eller som eit merkeleg vesen som eksisterer utanfor naturen. Eg føretrekkjer det fyrste. Å laga ei skarp oppdeling mellom det naturlege og det unaturlege er å gå i ei felle, sidan mennesket – for å seia det kort og brutalt – alltid har tukla med naturen. Det fell naturleg for oss.

I høve gensløyd er det likevel slik at denne tuklinga skjer på eit anna nivå enn tidlegare: ein tuklar målretta på gennivå. Er det snakk om såkalla transgen gensløyd, der ein hentar gener frå ein art og plasserer dei hjå ein heilt annan art, er det også meir av noko nytt, enn om ein driv med cisgen gensløyd, der ein hentar gener frå same art eller frå ein art som er seksuelt kompatibel. Det siste kunne ha skjedd – i det minste i teorien – heilt utan menneskeleg hjelp.

Naturleg-fella ligg også bak ei konflikt som er uunngåeleg når ein i miljørørsla diskuterer gensløyd, nemleg konflikta mellom genmodifiserte avlingar og økologiske avlingar. Her er det på tide å provosera: Miljørørsla gløymer i blant kvifor dei er for økologisk landbruk.

Økolandbruket handlar blant anna om å byggja på levande økologiske system og krinslaup, arbeida med dei, etterlikna dei og hjelpa til med å ta vare på dei. Det handlar om å ta vare på miljøet, til dømes ved unngå ureining. I praksis handlar det også om å stilla noko strengare krav til dyrevelferd. Alt dette er gode idear.

I motsetnad til kva ein del trur handlar økologisk landbruk også om – for å sitera Oikos – landbruk som «heile tida er i utvikling», ei utvikling «som formast av forsking og kunnskapsauke innan agronomi, biologi og teknikk». Dette har blant anna ført fram til at ein del økologiske bønder nyttar seg av eit sprøytemiddel basert på bakterien Bacillus thuringiensis. I bladet Økologisk landbruk vert dette middelet faktisk omtala som reint ut «eminent mot kålsommerfugl og kålmøll», og ein klager over at det – i motsetnad til i EU – ikkje er tillatt i bruk i Noreg. Søkjer ein på denne baselusken på nett vil ein elles finna at middelet er omtala som både «naturleg» og «sikkert» for kjøkenhagen.

Er GM bra for miljøet?
Med utgangspunkt i synet på forsking og kunnskapsauke, også innan teknikk, kan ein jo lura på kvifor utviklinga innan bioteknologi ikkje vert omfamna av også øko-rørsla. Noko av svaret handlar utvilsamt om «naturleg»-fella. Ein del handlar om skepsis til store marknadsaktørar, der øko-rørsla har rettferd som eit av sine grunnleggjande prinsipp.

Dessutan handlar det om noko anna – nemleg at ein svært stor del av dei faktiske gensløydplantane som har kome på marknaden er plantar som er utvikla nettopp for å verta nytta i kombinasjon med syntetiske sprøytemiddel av den typen øko-landbruket helst unngår. Det dreier seg blant anna om såkalla «Roundup Ready»-plantar. Dette har fleire betenkelege sider, og det finst grunnlag for å diskutera både korleis det påverker biomangfoldet, og for korleis det kan bidra til at det dukkar opp «superugras» som er resistent mot giftstoffa. Ein tredje grunn til skepsis er at sprøytemiddelrestar dukkar opp i maten. Ingen av desse innvendingane er avgrensa til GM-mat. Ingen av dei er avgrensa til merkevara Roundup heller; det glyfosatbaserte sprøytemiddelet kan vera betre enn sprøytemidla det erstattar.

Poenget burde etterkvart byrja å teikna seg opp. Det er inga enkel oppgåve å ta stilling til gensløyd

Ein annan utbreidd kategori genmodifiserte plantar er dei såkalla Bt-plantane. Her dukkar det opp ein kjenning. Han heiter Bacillus thuringiensis. Gener frå denne bakterien har vorte sett inn i ulike plantar, slik at dei sjølv produserer eit protein som er giftig for visse typar skadedyr. Desse plantane, produserer med andre ord sitt eige plantevernmiddel. Resultatet er i utgangspunktet enkelt og greitt: Bøndene nyttar seg av mindre sprøytemiddel. «Det er klårt at Bt-plantar har ført til sterk reduksjon i bruk av sprøytemiddel», seier Marcia Ishii-Eiteman frå Pesticide Action Network i eit intervju med Grist. PAN er også GM-skeptikarar. «Men», leggjer ho til, «som ein såg føre seg for 10 år sidan, byrjar me å sjå at insekt vert motstandsdyktige».

Det fyrste er bra frå eit miljøvernperspektiv. Det andre er langt meir betenkeleg. Og båe delar er naturlegvis noko som også kan skje gjennom bruk av Bacillus thuringiensis direkte, «naturleg» og «sikkert» til trass. I sum har innføringa av Bt-plantar så langt likevel gjort meir gagn enn skade på dette området. Lat meg gjenta det: I høve målet om redusera bruken av sprøytemiddel – eit mål miljøvernrørsla deler – har innføringa av Bt-plantar vore positiv.

Inga enkel oppgåve, og ei veldig enkel oppgåve
Poenget burde etterkvart byrja å teikna seg opp. Det er inga enkel oppgåve å ta stilling til gensløyd. Det bør ikkje vera eit ja-nei-spørsmål, sjølv om mange behandlar det som dette. Gensløyd er blant anna viktig for å framstilla medisinar, blant dei hormonet insulin til diabetikarar. Det er sjeldan ein høyrer GM-motstandarar snakka om det, kanskje delvis fordi mange av dei rett og slett ikkje er klår over den gensløyden si rolle i moderne medisin.

Det bør heller ikkje vera eit ja-nei-spørsmål i landbruket. Her er mange i miljørørsla på gal kurs. Kor ille det kan verta kan illustrerast med ein GM-plante som definitivt og utvilsamt er av det gode, nemleg såkalla Golden Rice. Dette er ris som har vorte genmodifisert slik at han kan gje meir betakaroten i kosten, eit tiltak som hjelpa feilernærte born i fattige land. Prosjektet har fått støtte frå både Rockefeller Foundation og Gates Foundation (her kjem dei vanlege konspirasjonsteoriane sjølvsagt inn i bildet, igjen). Ein kan stilla fornuftige spørsmål om Golden Rice, både om korleis den har vorte nytta i PR-kampanjar for gensløyd generelt og i høve om han vil vera effektiv nok i å bekjempa feilernæring, men prosjektet er i seg sjølv strålande. Det er eit godt døme på at ein kan gjera veldig bra ting ved hjelp av gensløyd.

Og kva skjer? Eit prøvefelt for risen på Filippinane vart rett og slett angripe av anti-GM-aktivistar. Risen vart øydelagd. Bak stod aktivistar frå ulike organisasjonar, blant anna den sterkt venstreorienterte bondeorganisasjonen Kilusang Magbubukid ng Pilipinas, men også frå Masipag, ein organisasjon som samarbeider med det svenske naturvernforbundet og som har fått svenske bistandspengar. Greenpeace – som har arbeidd mot Golden Rice i ei årrekkje – hadde lite å innvenda mot aksjonen. Det er vanskeleg å forstå kvifor, med mindre ein tolkar det som utslag for rein skjær fanatisme – der ein nulltoleranseideologi i høve gensløyd vert sett føre viktig humanitært arbeid. Det er ein fanatisme miljørørsla burde leggja frå seg.

Eg er stadig ein glad amatør på dette området, og gensløyd er kompliserte saker, så det vil neppe endra seg. Men eg vil ikkje vera ein slik glad amatør som forkastar vitskap med utgangspunkt i ideologisk blindskap, eller som avviser nyvinningar som kan redusera bruken av sprøytemiddel i landbruket, styrka mattryggleiken eller som kan rett og slett kan redda liv; iallfall ikkje ein slik som gjer det på grunnlag av idear som – når ein grev i dei – også inneheldt konspirasjonsteoretiske element.

Det er inga enkel oppgåve å ta stilling til GM-teknologien som heilskap, nettopp fordi det ikkje er eitt spørsmål. Å ta stilling til Golden Rice er derimot enkelt. Som ein som har banna over blåskjermen til Windows utruleg mange gongar kan eg endeleg seia: Eg står på same side som Bill og Melinda Gates. Det burde fleire gjera.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden