Spaltist

Ei luftspegling over fjorden

Norsk samferdselspolitikk er på ville vegar, skriv spaltist Øyvind Strømmen.

Bilde: Hordaland.no

Motorvegdraumen i Hordaland vil gje lite anna enn eit dyrt, overdimensjonert vegmonument midt i vestlandsk natur.

Vegprosjektet Hordfast skal bli ein del av ein firefelts samanhengande motorveg mellom Bergen og Stavanger, som skal halvere dagens reisetid.

Men ideen om å byggja ny, ferjefri E39 i Hordaland – med bru frå Tysnes til Os – er ein idé av det uvanleg dårlege slaget. Det er han av fleire grunnar.

Lat oss byrja med kostnaden. Det er ingen tvil om at dette vil verta dyrt å byggja. Hordfast vert planlagt med ei over fem kilometer lang flytebru over Bjørnefjorden.

Svære pengesummar er allereie nytta, berre på planlegginga. Utbygginga vil kosta titals milliardar.

Vedlikehaldskostnadene vil også verta enorme. Prosjektet si samfunnsnytte er diskutabel. Samstundes vil det medføra betydeleg naturinngrep, og også betydelege inngrep i kulturlandskap.

I eit høyringsfråsegn i fjor skreiv fylkesmann Lars Sponheim at planane – slik dei då låg føre – truleg ville innebera «det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid». Smak på dei orda. Det er ikkje heilt kvardagslege ord.

Nyleg omtalte Bergensavisen heile prosjektet som eit «luftslott», og peikte også på det openberre: «Det er virkelig store penger å spare på å planlegge litt mindre».

Kven vågar å seia det?

Og likevel, trass alt dette, har fleire vore positive til førehandsinnkrevjing av bompengar på prosjektet. Det gjeld til dømes for Framstegspartiet i sjølve utstillingsvindauget deira, Os kommune. I formannskapet i Os sa Høgre og Frp ja til førehandsinnkrevjing av vel femti millionar kroner av bompengar, for å finansiera planlegging. MDG, Venstre og Arbeidarpartiet røysta imot. Så kom Terje Søviknes heim frå regjering, og dei blåblå snudde.

På fylkestinget i Hordaland ville Høgre kjøpa aksjar i Hordfast AS, som det er vanskeleg å sjå på som anna enn eit lobbyselskap (sjølv kallar selskapet, som er etablert av NHO, seg for ein «pådrivar»).

Berre tre parti ville seia tvert nei: Miljøpartiet Dei Grøne, SV og Raudt. Ikkje for det: Det er ein del som tyder på at fleire parti tel på knappane no, men at dei ikkje heilt vågar å seia det openberre, nemleg at eit prosjekt som er så spinnvilt dyrt, og så kostbart også på andre vis, burde ha vorte prioritert vekk for lenge sidan.

Bompengar

«Nok er nok», seier bompengemotstandarar rundt omkring i landet, og peiker på aukande bompengeprisar inn til bykjerner, stader der det faktisk finst alternativ. Men kven blant stortingspartia har motet til å seia det om draumen om ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim, ein draum som kan gje bilistane ei rekning på 110 milliardar kroner, og ein samla bompengepris på 3700 kroner på vegstrekninga, ifølge ei utrekning frå 2016? Kven skal våga å seia at det er på tide å gjera andre prioriteringar?

Sjølv er eg ingen bompengemotstandar. Det vil seia: Eg meiner ei eller anna form for vegprising er naudsynt for å avgrensa trafikk inn til sentrumskjerner. Bompengeringar er enn så lenge det næraste me kjem.

Men i dag har bompengefinansiering vorte ein måte å finansiera alle moglege slags vegprosjekt på, sjølv om Frp freidig tillet seg å vera for vegprosjekta, og både for og mot bompengane på same tid. Bompengar vert slik nytta eller planlagt nytta til mange prosjekt.

Det gjeld for dei aller mest fornuftige: dei som leier trafikk utanom sentrumskjerner, dei som syter for auka trafikktryggleik og dei som legg til rette for syklande og gåande, også på bygda. Det gjeld også for dei mest håplause: dei som legg opp til å pumpa meir trafikk inn i bykjerner der ein strevar for å betra luftkvaliteten, og der bilen gjer krav på langt meir areal enn den burde.

At bilistar som då må betala bompengar på alle baugar og kantar kan kjenna på frustrasjonen, ja, det kan også ein grøn politikar forstå.

Ei ordning med meir avansert vegprising, der ein betaler meir der alternativa finst, og mindre der dei ikkje finst, ville absolutt ha sine føremoner, både for bygd og by.

Samferdelspolitikk på ville vegar

Men problemet med denne draumen om spinnvilt dyre bruer og store motorvegar er større enn at det berre handlar om bompengar. Norsk samferdselspolitikk er på ville vegar.

Ja, det handlar sjølvsagt om at me burde ha satsa meir på tog, men det handlar også om det som druknar i støyen frå dei store vegdraumane.

I mitt heimfylke handlar det til dømes om rassikring i indre Hardanger, der også strekningar med mykje trafikk er rasutsette. Det handlar om å få på plass ein ny veg mellom Bergen og Voss. Den treng ikkje vera diger, men han treng å vera god, og han treng å vera trygg. Det handlar også om å få betre veg langs dagens E39.

Det er på tide å dimensjonera ned på motorvegdraumar som skapar fleire problem enn dei løyser.

Og det er på tide å gjera prioriteringar som handlar om liv og helse. Ikkje om å reisa gigantiske vegmonument etter seg, midt i vestlandsk natur.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden