Kulturkommentar

Ein facebookvegg som nettavis

Bilde: Skjermdump fra Resett.no 30. august 2017.

Resett er ingen norsk Breitbart. Det er ein sint facebookvegg.

I programerklæringa til Helge Lurås si nye nettavis manglar det ikkje på store ord. Etter å ha teikna opp ein karikatur av 1968-arar som minner mest om den ein finn i den såkalla identitære rørsla, seier erklæringa at Resett er etablert for å «gjenreise realismen i norsk debatt og nyhetsdekning», ikkje noko mindre. «Nordmenn er nødt til å begynne å stå opp for seg selv. Kun med stolthet og kraft kan landet bygges videre.»

Målet for nettstaden er – framgår det av erklæringa – ein intellektuell heim for «de mange som ikke føler seg representert av dagens massemedier».

Det er vel slikt som har fått enkelte til å snakka om nettstaden som eit forsøk på å laga ein norsk Breitbart. I eit intervju i medier24.no seier Lurås at han ikkje trur det, og at nettstaden verken har ambisjonar om å «tilfredsstille noen ytterliggående fløyer» eller om å vera eit «uromoment for å skape masse støy og bråk». Han lover at nettstaden skal gjera ein god jobb og levera kvalitet.

Det hadde vore ein god idé. Sjølv er eg plassert i det norske sentrum-venstre, men eit av få tidsskrift eg har vald å abonnera på er det britiske, konservative tidsskriftet The Spectator. Det er ikkje så ofte eg er samd med så mykje av meiningsinnhaldet i tidsskriftet, men det er svært solid, har grundige og gode analyser, og er dessutan prega av bitande, britisk humor. Å setja seg ned med The Spectator og ein god kopp te er stor kos, og det er dessutan ein god måte å få mine eigne synspunkt utfordra på. The Spectator er definitivt ikkje min intellektuelle heim, men det er ein intellektuell heim.

Bli abonnent på Minerva, høyresidens nettavis: Kun 1,- første måneden!

NTB-meldingar og Facebook-klipp

Resett? Vel, så langt består nyhetsdekninga deira i hovudsak av to ting: NTB-meldingar og saksing frå Facebook.

Då eg gjekk inn på nettsidene onsdag formiddag var toppsaka slik: «– Reaksjonene bekrefter det Listhaug sier» (overskrifta er sidan endra). Artikkelen er utstyrt med byline til Resett sin nyhenderedaktør, Elisabeth Sjølie, men er ein nyfiken nok til å klikka seg vidare får ein ikkje opp anna enn eit bilete av ein brennande bil teke av ein svensk pressefotograf og dessutan ei facebookmelding skrive av Kjetil Rolness. Dette er ikkje ein god jobb. Det er ikkje kvalitet.

Resett liknar på facebookveggen til ein ganske dyster og ganske sint innvandringskritikar.

På sin eigen opne facebookprofil spør Kjetil Rolness: «Resett. Betyr det gjenbruk? Uten å spørre?». Han røper også at Lurås har vore i kontakt med han for å be om bidrag, utan å få positivt svar. No gjenbruker Resett ei facebookoppdatering istadenfor.

Det er neppe ein heldig måte å skaffa seg stoff, men samstundes er det ganske illustrerande for dei fyrste dagane til den nye publikasjonen. Resett liknar førebels nettopp på ein facebookvegg, og nærare bestemt på facebookveggen til ein ganske dyster og ganske sint innvandringskritikar.

Meiningsinnhaldet

Facebookmeldingar og NTB-nytt er sjølvsagt ikkje det einaste Resett byr på. Resett har også intervjua valbodvakter i Høgre, Frp og Raudt om «demografiske utfordringar». Og dei har vitja Eras-festivalen. Dessutan er det publisert ein del meiningsstoff.

Jo da, den politiske profilen er så langt klår.

Maria Zähler har skrive om Arbeidarpartiet, som «for noen» ser ut som «en gjeng med opportunister som ønsker å sementere sin egen maktposisjon» og som «rikfolk og akademikere som skyver en slags kollektiv vestlig skyldfølelse for alt som er vondt i verden foran seg for å kunne importere mennesker som i stor grad stemmer på dem selv». Thor Dag Halvorsen har gått til åtak på NRK for «radbrekking av anstendig journalistikk». Sivert Sæterbø skriv om bygdefestar og om svarte brasilianarar som «ville bli kalt negre»: «Norge og Europa flommer over av mennesker vi ikke aner bakgrunnen til der mange er terrorister og potensielle terrorister, men slik vil venstresiden og mediene ha det», held han fram. Sverre N. Andersen skriv at alternative media bidreg til at «folk begynner å forstå at det er greit å bli sinte og foraktfulle når innvandrere bygger fremmede gudshus i vårt land».

Jo da, den politiske profilen er så langt klår, sjølv om avisa også har sluppe til Tormod Bakke si positive omtale av Stovner. Gjennomlesning av stoffet frå Resett sine fyrste dagar gjev meg i blant ei kjensle av å lesa ei slags moderne utgåve av Anders Langes Avis. Berre meir humørlaus. Og meir forutsigbar.

Kan den oppskrifta fungera? Jo, det kan den sikkert. Men med mindre Resett har anna å by på vert det ikkje noko å kosa seg med over ein kopp te, og heller ikkje ein stad å få utfordra sine eigne synspunkt. Og at nyhetsstoffet kjem frå NTB må jo vera eit paradoks for dei som ynskjer seg alternative media.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden