Debatt

Ein konspirasjonsteori blir fødd

– Så vidt eg veit, er det einaste som skil Holmøy frå dei 24 andre som blir flytta på at han er eit kjent namn, skriv Sveinung Rotevatn.

Bilde: Venstre / Sveinung Bråthen / Flickr [CC BY-SA 2.0]

Ein forskar må skifte avdeling i SSB. Han har tidlegare forska på innvandring. Ergo er han utsatt for ei politisk motivert avskilting. Eller?

På Minervanett 24. oktober kunne vi lese artikkelen ”Mannen bak innvandringsregnskapene får ikke forske mer”. Mannen i dette tilfellet er ikkje ein gjenstridig fjellformasjon i Romsdalen, men Erling Holmøy, forskar i Statistisk sentralbyrå (SSB). Holmøy er kjent for mange, sidan han har vore med på gjennomføre utrekningar som har blitt brukt av mellom andre Brochmann-utvala, Produktivitetskommisjonen og Finansdepartmentet.

Bakgrunnen for saka er ei intern omorganisering i SSB, der forskingsavdelinga skal reduserast frå 75 til 50 medarbeidarar. Dei som blir overtallige, får tilbod om å jobbe vidare i statistikkavdelinga, der det er behov for meir analysekompetanse framover på grunn av ei omlegging i dataproduksjonen.

Dette inkluderer Holmøy, noko han er svært misnøgd med – og gir uttrykk for både på Minervanett, i Klassekampen (25. oktober), hos Nettavisen og ikkje minst på gårsdagens Dagsnytt Atten. Der var omplasseringa av Holmøy toppsak, og programleiar Fredrik Solvang brukte dei første 15 minutta på ei utspørjing av SSB om kvifor Holmøy må skifte beite.

Forklaringa frå SSB er at Holmøy ikkje oppfyller dei krava byrået har brukt når dei skulle avgjere kven som får vere med vidare i den nye forskingsavdelinga. Reint konkret gjeld det at han ikkje har nok publiseringspoeng i såkalla nivå 2-tidsskrift, det vil seie dei internasjonale tidsskrifta som ligg fremst på forskingsfronten.

Ein kan vere usamd eller samd i at dette er eit fornuftig krav frå SSB. Sjølv har eg ikkje føresetnadar for å meine noko om det, men det har sikkert mange i akademia – og det kan vere ein måteleg interessant debatt for offentlegheita.

Det problematiske, derimot, er at artiklane om saka har som underliggande premiss at Holmøy har mista jobben fordi han har forska på innvandring.

Det problematiske, derimot, er at artiklane om saka har som underliggande premiss at Holmøy har mista jobben fordi han har forska på innvandring. Overskrifta i Minervanett meir enn antydar dette (”Mannen bak innvandringsregnskapet får ikke forske mer”).

Og store delar av utspørjinga i Dagsnytt Atten hadde dette som tema. Eit utdrag av spørsmåla frå programleiar Solvang:

  • Stemmer det at SSB har gitt Holmøy i oppdrag å utarbeide disse innvandringsregnskapene?
  • Kan du bekrefte at seksjon for innvandringsrelatert statistikk flyttes til Kongsvinger og dermed mister alle sine ansatte med solid erfaring (…) da ødelegger du et fagmiljø?
  • Kan du bekrefte eller avkrefte dette sitatet fra Holmøy om hans innvandringsanalyser: ”Det er på det rene at deler av ledelsen er skeptiske til mine analyser. Det inkluderer SSB-sjef Christine Meyer”
  • Er du skeptisk til hans (innvandrings)analyser?
  • Du skjønner at spørsmålet blir stilt når SSB-sjef Christine Meyer sier til Dagsavisen at den ene saken hun er villig til å demonstrasjonstog for, er fortsatt innvandring til Norge?

Det var vanskeleg å høyre sendinga, eller lese avisartiklane om saka, utan å sitje igjen med ei kjensle om at her kan det ha foregått noko muffens. I alle fall dersom ein i utgangspunktet er tilbøyeleg til å tru at den liberale eliten gjer alt for å hindre at sanninga om innvandring kjem på bordet.

Men kva er det eigentleg som tilseier at SSB-leiinga her skal ha ”avskilta” Holmøy på grunn av forskinga han har gjort på innvandring? Det einaste som talar i denne retning er at Holmøy sjølv, i intervjuet med Nettavisen, uttalar:

Det er på det rene at deler av ledelsen er skeptiske og kritiske til mine [innvandrings]analyser. Det inkluderer SSB-sjef Christine Meyer”.

Dette er ei ganske vag antyding, men skal ein ta den på alvor er det tale om ei svært alvorleg skulding mot SSB. Dersom leiinga der har omplassert Holmøy ut frå politisk motivasjon, vil det ikkje berre vere djupt problematisk, men truleg også ulovleg. At Holmøy kjenner seg dårleg behandla er det ingen tvil om. Men det er ikkje med det sagt at han har rett i sine mistankar. Som sjølvsagt blir avvist på det sterkaste av SSB sjølve.

Det er heller ikkje godt å seie kvifor ein eventuell konspirasjon mellom leiinga i SSB skulle gå ut over Holmøy. Meiner han eigentleg noko om innvandring som er kjent? Har han forska på desse spørsmåla på eige initiativ? Så vidt vi er kjent med i offentlegheita, har han ganske enkelt gjort jobben sin og levert på dei oppdraga han har fått – av SSB-leiinga.

Så vidt eg veit, er det einaste som skil Holmøy frå dei 24 andre som blir flytta på at han er eit kjent namn.

Dei offentleg kjente fakta i saka er desse: 25 forskarar har blitt flytta på. Ut frå objektive kriteriar. Som ikkje har noko med innvandring å gjere, verken direkte eller indirekte. Meir veit vi ikkje. Så vidt eg veit, er det einaste som skil Holmøy frå dei 24 andre som blir flytta på at han er eit kjent namn. Bør ikkje media i ein slik situasjon ha noko meir å bygge på enn antydningar frå den forulempa personen sjølv, før ein skriv saker som gir eit etterlatt inntrykk av at her har det foregått ein politisk vendetta?

Allereie på reaksjonane i sosiale medier gjennom gårsdagen, merka ein at dette blir brukt for alt det er verdt frå den delen av opinionen som i utgangspunktet er mest kritiske til innvandring. Som eit bevis på at at dei som får fram ”sanninga” om innvandringspolitikken blir skvisa ut av systemet.

Og eg er ikkje i tvil om at desse artiklane vil bli dratt fram i diverse nettdiskusjonar i årevis framover. Overskriftene seier jo alt, ikkje sant? Om den gongen ”mannen bak innvandringsregnskapene” vart avskilta av SSB.

Då er det greit å hugse at vinklinga på artiklane, ut får all kjent informasjon på noverande tidspunkt, byggjer på ein rein konspirasjonsteori frå vedkomande sjølv.

Les også svar fra nyhetsleder Kristian Meisingset: Om kritikken av saken om Erling Holmøy og SSB.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden