Ein nikkersadelsmanns vedkjenningar

Kalde, ukokte wienerpølser. Sludd i nakken. Kladdar under skia. Jo, skulens skidag er verkeleg verdt å ta vare på.

Publisert Sist oppdatert

Kalde, ukokte wienerpølser. Sludd i nakken. Kladdar under skia. Jo, skulens skidag er verkeleg verdt å ta vare på.

Sosiolog Arve Hjelseth skriv på Dagbladet.no om kvifor skidagen bør avskaffast som fellestiltak ved landets skular. Det kostar pengar å utstyre ungane med utstyr til ein sport dei knappast er innom andre dagar enn den obligatoriske skidagen. Den gjev lite mosjonsutbyte dersom du er dårleg på ski. Og er ikkje i grunnen skisporten såpass smal at den ikkje lenger fortener ein slik eksklusiv plass i norsk skule? Alle desse argumenta er på mange måtar gyldige. Så kvifor blei eg så rasande (ja, rasande!) då eg las innlegget hans? Svaret ligg truleg ein stad mellom det religiøse, det nostalgiske og det konservative – noko som overraska meg, all den tid eg ikkje reknar meg for å vere korkje religiøs, nostalgisk eller konservativ. Men eg er villig til å utlevere meg som politisk avvikande dersom det kan hjelpe skiportens fremme. Det er eit pussig, lite land vi bur i.

Dei fleste verdiar vi ser på som særnorske er det i grunnen dei færraste av oss som dyrkar. Når oppdaga du sist eit ukjent kontinent, sånn eigentleg? Likevel er det eitt eller anna her som bind oss saman, og dette ”eitt eller anna” er meir presist ei skibinding som festar oss til den planken vi liker å kalle fellesskapen. Den kan smørast med raud eller blå voks, eller noko lilla, ekkelt klister, men framover går den, tak for tak. ”Du skal vera på Bufast all din dag”, tenkjer vi nøgd, og blir der vi høyrer til. Etter jobb snirklar vi stasjonsvogna opp mot skogen.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement til kr 699,- i året,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement til kr 89,- pr mnd,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1050,-

Bestill her