Forsiden

Ein svart bataljon

Nynazismen lever i Ukraina. Det bør uroa dei av oss som vonar på ei fortsett demokratisk utvikling i landet.

Nynazismen lever i Ukraina. Det bør uroa dei av oss som vonar på ei fortsett demokratisk utvikling i landet. 

Attende i mars 2014 skreiv underteikna at ytre høgre sin oppslutnad i Ukraina var diskutabel, og at dei to kandidatane frå ytterste høgrekant hadde mindre enn fem prosent til saman på meiningsmålingar før presidentvalet. Resultatet deira i valet i mai vart endå dårlegare. Svobodas Oleh Tyahnobok fekk 1,16 prosent og Høgresektorens Dmytro Yarosh fekk berre 0,7.

Ei rekkje journalistar, ekspertar og kommentatorar har teke det som gode nyhende, og som prov på at ytre høgre står svakare i Ukraina enn det høgreradikale partiet Svoboda sin oppslutnad på over ti prosent i 2012. «Ironisk nok viser resultatet frå valget i Ukraina at de høyreradikale, med sine to prosents oppslutning, er betydningsløse, spesielt sammenlignet med oppslutningen om lignende grupperinger i mange andre europeiske land», skreiv Bård Larsen i Civita i slutten av mai.

Lyashko førte ein populistisk valkamp, hylla militarisme og lova å få Krim-halvøya attende til Ukraina.

Diverre vert dette litt for enkelt, då ein overser det langt sterkare resultatet til ein tredje presidentkandidat, Oleh Lyashko, som fekk 8,32 prosent av røystene, og dermed kom på tredjeplass i valet. Lyashko førte ein populistisk valkamp, hylla militarisme og lova å få Krim-halvøya attende til Ukraina. Ikkje nok med det, partiet han leier – det Radikale Partiet – ligg ifølgje meiningsmålingar ann til å gjera eit svært godt parlamentsval i haust. Det er urovekkjande, sidan Lyashko og det Radikale Partiet (RP) hadde med seg fleire medlemmer av den såkalla Sosialnasjonalistiske Forsamlinga (SNF) på laget når dei stilte liste til lokalvalet i Kiev i mai. SNF er for drøy for Høgresektoren, har ein variant av den såkalla ulvehaka som symbol og står, ifølgje seg sjølv, for ein raseorientert, sosial, militant og kompromisslaus nasjonalisme. Organisasjonen spring ut frå rein, skjær nynazisme. Sjølv om ein ikkje skal overdriva SNF si rolle i høve det Radikale Partiet, skal ein ikkje sjå vekk frå at medlemer av den ekstreme organisasjonen også kan få plass i det ukrainske parlamentet etter det planlagte nyvalet i haust, via nettopp RP.

Krosstog og rasekrig
SNF stod også bak etableringa av den såkalla Azov-bataljonen, ei slags friviljug politistyrke, som er utstyrt av det ukrainske innanriksdepartementet og som tek del i det som de facto er ein borgarkrig i aust-Ukraina, ein krig som har kosta meir enn 1.500 menneske livet dei siste fire månadane, og som også har ført til at hundretusenvis av menneske har flykta over grensa til Russland. Og medan Russland – med sin aggressive stormaktspolitikk og sin støtte til separatistar i aust, blant dei også høgreekstreme krefter – ber ansvaret for den krigen, er Azov-bataljonens eksistens noko som bør gje grunn til djup uro. Bataljonen er leia av Andriy Biletsky, som også er leiar for SNF og for denne gruppa sin paramilitære fløy. The Telegraph fortel at Biletsky nyleg ytra at den ukrainske nasjonen sitt «historiske oppdrag» no er å leia verdas kvite raser i eit krosstog «mot dei semittisk-leia Untermenschen».

Dette er – kort fortalt – ikkje særleg sympatiske folk. Diverre vert dei møtt med ein viss sympati i Ukraina, og dei slepp også billeg unna i ei rekkje ukrainske media, slik den ukrainske forskaren Anton Shekhovtsov syner i ein nyleg artikkel på nettstaden Open Democracy. Shekhovtsov skriv også at det han kallar den russiske stadfortredarkrigen mot Ukraina fungerer som ei perfekt unnskyldning for legitimering av ukrainske nynazistar: «Dei som er involvert i dette – særleg innanriksdepartementet som væpnar dei og ukrainske media som ukritisk godtek deira ‘patriotisme’ […] forstår ikkje at nynazistane utgjer ei reell fare for det ukrainske samfunnet».

Det er same Shekhovtsov som tidlegare har uttalt seg svært kritisk om eit overdrive fokus på ytre høgre si rolle i den ukrainske revolusjonen. Det kan vera eit hint om at det kan vera lurt å høyra etter.

I Noreg har Azov-bataljonen berre fått avgrensa merksemd i media.

I Noreg har Azov-bataljonen berre fått avgrensa merksemd i media. Eit unnatak er ein artikkel i Aftenposten, som ikkje fortel stort anna at dei rekrutterer stadig fleire «nasjonalistiske ukrainere». Eit anna unnatak er den venstreradikale nettstaden Radikal Portal, som rett nok – endå ein gong – syner til den marxistleninistiske gruppa Borotba, ei gruppe som var motstandarar av den ukrainske revolusjonen og som også store delar av ukrainsk radikal venstreside har markert sterk avstand frå.

I Sverige er mediamerksemda rundt bataljonen større. Mykje av grunnen til det er at fleire svenskar har reist til Ukraina for å slåss saman med dei. Ein av dei er nynazisten Mikael Skillt. Skillt har band til Svenskarnas Parti, men har også ein bakgrunn frå det svenske forsvaret. Sjølv har han fortalt at han kjemper i aust-Ukraina i svensk uniform. I eit intervju med Sveriges Radio skildrar han kampane i Ukraina som ein «rasekrig»: «Det här kan vara grunden till något mycket större. Det är inte omöjligt att den här Kievregeringen kommer att falla», legg han til.

Vanskeleggjer oppbygginga
På den høgreekstreme nettstaden Motgift.nu er det publisert eit påstått intervju med ein annan svenske i Ukraina, identifisert som Robin. Han fortel korleis han er inspirert av dei såkalla fjorten orda, «We must secure the existence of our people and a future for White Children», mynta av den amerikanske høgreekstreme terroristen David Lane. Motgift spør kvifor Azov-bataljonen ikkje gjer revolusjon i Ukraina. «Robin» svarer:

För dem som har satt sig in i hur konfliktlösning på inrikesnivå ser ut så vet de att det vore tämligen omöjligt att då nå en seger. Det viktiga nu är att hålla i hop Ukraina, det som finns kvar. Jag vill inte säga för mycket men det här är nationella, och kampen slutar aldrig.

Også i Finland har Azov-bataljonen vekt noko merksemd. Med utgangspunkt i ein artikkel i italienske Il Giornale og i det russiske utanriksdepartementet si klage til finske myndigheiter, har svenskspråklege Borgåbladet samanlikna deltakarar i Azov-bataljonen med dei som dreg til dømes Syria for å kjempa i islamistiske ekstremistgrupper.

Det er ikkje heilt urimeleg: også i dette tilfellet er det snakk om folk med ytterleggåande idear, som kan verta både ytterlegare radikalisert og få konkret stridserfaring som deltakarar i ein krig. Kombinasjonen kan utgjera eit klårt trugsmål.

Men fåra er større for Ukraina. I eit intervju med svensk radio seier nemnde Shektovtsov at han er redd, ikkje for at Azov-bataljonen skal lukkast i å etablera eit diktatur, men for at dei kan spreia kaos og vanskeleggjera oppbygginga av eit demokratisk Ukraina. I tillegg er grupper som Azov-bataljonen med på å gje russisk propaganda meir truverde. Kombinasjonen burde uroa ein kvar som stør liberalt demokrati.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden