Spaltist

Eit forbod forgjeves?

National Action sin visuelle stil – her med Hitler i solbriller – gjorde sitt til at dei også vart omtala med nyordet «nipsters», ei forkorting av nazi hipsters.

Det vil ikkje vera vanskeleg for britane å forsvara forbodet mot nynazistgruppa National Action. Spørsmålet er om det vil fungera.

Førre fredag vart den nynazistiske gruppa National Action forbode i England. Med det vart organisasjonen den fyrste høgreekstreme organisasjonen oppført på forbodslista etter den britiske terrorismelova frå 2000. Frå før er ei rekkje jihadistiske organisasjonar, samt ETA, PKK og den sikh-nasjonalistiske gruppa Babbar Khalsa oppført på lista, medan ei rekkje valdelege irsk-nasjonalistiske grupper var forbodne alt før lova vart innført.

Mest merksemd har det nok vore knytt til forbodet mot Al Ghurabaa, leia av den rabiate salafisten Anjem Choudary, eit forbod som også har råka det britiske myndigheiter med rette ser på som vidareføringar under andre namn, som Islam4UK og Muslims Against Crusades. Choudary, som i september 2016 vart fengsla på bakgrunn av støtte til den sjølverklærte islamske staten, har vore ein sentral aktivist innan europeisk salafijihadisme, og har også koplingar til norske Profetens Ummah.

Har du sett bilete av sinte, skjeggete menn med plakatar som «Butcher those who mock Islam», «Kill those who insult Islam» og «Freedom go to hell»? Sjansen er stor for at dei kjem frå Al Ghurabaa sin demonstrasjon utanfor den danske ambassaden midt i den såkalla karikaturstriden i 2006.

National Action står ikkje for noko mindre ufyseleg ideologi. Gruppa vart grunnlagt i 2012, av dei to unge aktivistane Ben Raymond og Alex Davies. Dei henta idear frå to ganske obskure rørsler i nyfascismen si brokete historie. Ei var amerikanske National Renaissance Party, som vart grunnlagt så langt attende som i 1949, men som gjekk i oppløysing etter at leiaren James Hartung Madole døydde av kreft i 1979. Den andre var Renaissance Party of North America, leia av canadiske Sebastian Ernst Ronin. Men dei unge britane såg også at det var naudsynt å skaffa seg merksemd. I september 2013 vart organisasjonen sine nettsider lansert. Dei var godt designa, flashy, ungdommelege.

«National Action er primært retta mot ungdomen. Ungdomen er nøkkelen til framtida. Når folk byrjar å stø oss (den ytre høgresida), treng dei ein organisasjon som dei faktisk kan stø – respektabel, militant, velorganisert og radikal, ein organisasjon som ikkje til stadigheit gjer skam på seg sjølv gjennom sin eigen dumskap eller manglande emne til å tenkja framover», heitte det i ein bloggartikkel skrive alt før dei nye nettsidene vart lansert.

Men om fokus låg på ungdomen, var ideologien gamal og til å kjenna att. National Action framstilte seg sjølv som både anti-kapitalistiske og som motstandarar av venstresida. Organisasjonen var erklært nasjonalsosialistisk, og delte ut løpesedlar om behovet for å «reinsa» Storbritannia for «parasittar». Ben Raymond omtala Anders Behring Breivik som ein helt, og har uttrykt si beundring for Hitler. Og sjølvsagt fulgte jødehatet med. Hausten 2014 slo det ut i full blom. Då vart National Action-aktivisten Garron Helm dømd til fire vekers fengsel for hatytringar etter å ha tvitra til parlamentarikaren Luciana Berger frå Twitter-kontoen sin, Æthelwulf. Helm hadde klistra ei gul stjerne i panna på eit bilete av Berger, kalla henne ei «kommunistisk jødinne» og brukte ein hashtag som formidla at Hitler hadde rett. I kjølvatnet av domen starta Andrew Anglin på nettstaden Daily Stormer ein kampanje for å utsetja Berger for meir hets, «Operation: Filthy Jew Bitch». Daily Stormer blir i blant rekna med i den såkalla alt-right-rørsla. I røynda står nettstaden for rein nynazisme.

National Action hadde lite imot merksemda. Ved årsskiftet 2015 lova organisasjonen at det ville bli eit endå dårlegare år for ZOG, den sionistiske okkupasjonsregjeringa, altså, eit rimeleg velkjent antisemittisk omgrep. Og nye rekruttar kom til.

I 2015 hamna organisasjonen på ny i søkjelyset, denne gongen grunna eit drapsforsøk. 14. januar oppsøkte 26-årige Zack Davies den lokale Tesco-butikken, der han med ein hammar og ein machete gjekk til åtak på tannlækjaren og sikhen Sarandar Bhambra, berre fordi han «såg asiatisk ut». Medan han gjekk til åtak ropte han: «Dette er for Lee Rigby», ein referanse til den britiske soldaten som vart drepen i eit knivåttak utført av ekstreme islamistar to år tidlegare. «Det var irrelevant kva religion han hadde», sa Davies i avhør. «Det handla om korleis han såg ut. Det spelte ikkje noko rolle for meg kva religion han hadde, det handla om kva rase han såg ut til å tilhøyra».

Zack Davies var aktiv i sosiale media. I eit videoklipp han la ut, kopierte han Anders Behring Breivik si «høgreekstreme helsing». På eit bilete publisert berre timar før drapsforsøket på Bhambra var han avbilda med finlandshette og ein stor kniv, med National Action sitt flagg i bakgrunnen.

For britiske myndigheiter var det kanskje likevel ei anna hending som fekk begeret til å flyta over, nemleg drapet på parlamentarikaren Jo Cox. Drapsmannen, Thomas Mair, hadde ikkje noko kontakt med gruppa, men på sosiale media var ei avdeling av organisasjonen raske med å omfamna drapsmannen på Twitter. Den aktuelle Twitter-kontoen publiserte eit bilete av Mair, med teksten: «#voteleave, lat ikkje denne mannens offer vera forgjeves. #JoCox ville ha fylt Yorkshire med fleire undermenneske».

minerva-national-action2

Organisasjonen tok også i bruk slagordet «Død over forrædarane, fridom for Storbritannia», dei same orda som Mair nytta då han fyrste gong vart framstilt for retten.

Også andre døme peiker på ein stadig meir ekstrem organisasjon. På ein konferanse i 2015 skal ein av talarane ha ropt at jødane burde gassast og etterlyst ein rasekrig. Ein av gruppa sine sentrale medlemer, Jack Renshaw, er under etterforskning for å ha kome med ei liknande fråsegn under ein demonstrasjon i mars 2016. Det ville ikkje vera fyrste gongen. Renshaw – ein tidlegare aktivist i ungdomspartiet til British National Party – skreiv i november 2015 dette på bloggen sin: «Storbritannia, og faktisk heile Europa, vaknar opp til jøden igjen. Den nye generasjonen nasjonalistar rettar peikefingeren mot den gamle fienden, og det er på tide! Når vår tid kjem, vil den jødiske eliten og dei judeofile forrædarane som vart nytta som handdukker verta stilt for retten – om dei vert funne skuldige, vil dei få den straffa som vert vurdert å vera den riktig – for meg er det henging».

Det er ikkje noko særleg tvil om at National Action var ein vemmeleg organisasjon, som opent kjempar for ein valdsforherligande, forkvakla og djupt rasistisk ideologi. Sjølv om forbod mot konkrete, politiske organisasjonar unekteleg støyter bort i nokre liberale dilemma, vil britiske myndigheiter neppe slita med å forsvara si avgjersle.

Det eigentlege dilemmaet er: Vil det fungera? Svaret er todelt. På den eine sida: Forbodet vil gjera det vanskelegare for National Action å møtast, å planleggja og å spreia ideane sine. Nettsidene deira er allereie stengt (men den gamle bloggen deira er stadig tilgjengeleg). At britiske myndigheiter går til det steget å forby ein høgreekstrem organisasjon, er samstundes ei symbolsk handling, ein måte å understreka at dei tek høgreekstremisme på alvor på.

På den andre sida: Forbodet vil sjølvsagt ikkje ta knekken på høgreekstrem ideologi. Frå ein høgreekstrem ståstad vil det snarare gje National Action-aktivistane ein etterlengta martyrstatus. «Dei vil få eit fantastisk rykte om dette stemmer», skreiv ein brukar på eit av nettets nynazistiske fora før forbodet vart stadfesta. «Dette er meir av ei teneste enn av ein crackdown». «Når ei dør lukkar seg, opnar det seg ei anna», skreiv ein annan. Leiarane og medlemene i National Action kan lett ta ein Anjem Choudary, stifta ein ny organisasjon under eit anna namn, og så gjenta prosessen når britiske myndigheiter igjen reagerer. I ei fråsegn har organisasjonen allereie hinta om ei slik løysing, og avslutta med ord: «National Action er døde. Nasjonalsosialismen lever».

I verste fall kan eit forbod mot denne høgreekstreme gruppa også fungera som noko av ei kvilepute, og i alle fall er han eit sidespor: kampen mot ekstrem ideologi må fyrst og fremst førast på andre arenaer enn gjennom lovverket.

Forresten – som ei fotnote: i samband med forbodet har eit bilete av Ben Raymond dukka opp i britisk presse. På biletet heldt han det som ser ut som ein AK47 Kalasjnikov, rett nok på ein rimeleg klønete måte. Biletet er etter sigande teke i Finland. Der har National Action vore på vitjing til den såkalla Nordiske Motstandsrørsla, ein organisasjon som også er aktive i Noreg. Den svenske avdelinga har allereie arrangert ein demonstrasjon utanfor den britiske ambassaden i Stockholm.

Bli abonnent!

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv Minerva for 1,- ut april.
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden