Spaltist

Eit forsvar for ungdomen

Det er ikkje rart at ungdom er forbanna, skriver Øyvind Strømmen.

Bilde: Youtube/Screenshot/TEDxStockholm

Eller: Kor er konservatismen når ein treng han?

Greta Thunberg er «anklagende og apokalyptisk», skreiv Kathrine Jebsen Moore i Minerva for nokre dagar sidan. Det fyrste er sant – Thunberg rettar i høgste grad ei anklage mot vaksengenerasjonen og mot politikarar.

Men kva med det andre? Er det domedag Thunberg frykter? Og er det det klimastreikande ungdomar landet rundt og i mange andre land er uroa for?

Påfallanda mange på høgresida ser ut til å ha vald seg dette snakkepunktet: at det handler om domedagsfrykt. Det er neppe eit resultat av ei samansverjing. Spør du meg, er det eit resultat av dårleg tenkning. Men også av at konservatismen har slutta å vera konservativ.

Uro for domedag, eller uro for framtida?

Det er riktig – som Moore skriv – at Thunberg ved fleire høve har stilt spørsmål om kvifor ho skal studera «for en fremtid som snart ikke er mer, når ingen gjør noe for å redde den fremtiden». Det gjer ho også i sin TED-talk. Sjølv om Thunberg er langt frå humørlaus, er det ei dyster tale. Det er også ei tale prega av svart-kvit-tenkning, noko ho sjølv gjer eit poeng av. Sjølv knyter ho dette til si aspergersdiagnose. Eg vil påstå at svart-kvit-tenkning er ungdomens privilegium.

Men er det domedag ho fryktar? I TED-tala snakkar ho også om si eiga framtid. «I 2078», seier ho, «vil eg feira min 75-årsdag. Dersom eg har barn eller barnebarn, vil dei kanskje tilbringa dagen med meg. Kanskje vil dei spørja meg om dykk, folka som var her, attende i 2018. Kanskje kjem dei til å spørja kvifor de ikkje gjorde noko, medan det framleis var tid. Det me gjer eller ikkje gjer no, vil påverka heile livet mitt, og liva til borna og borneborna mine. Det me gjer eller ikkje gjer nett no, kan ikkje gjerast om av min generasjon i framtida».

Det ligg sjølvsagt ei anklage der. Men det er ikkje ein uro for domedag Thunberg formidlar. Det er ei uro for framtida.

«Når barn frykter dommedag, bør voksne fortelle dem sannheten», heiter det i Moore si overskrift. Eg vil setja fram eit alternativ: Når born fryktar for framtida, bør vaksne høyra etter. Ikkje avfeia dei. Ikkje vera så opptekne av kor store bokstavar dei snakkar med. Ikkje prøva å snakka det heile vekk. Ikkje ein gong svara med at ungdomsopprøret gjev oss håp, slik ein del urolege vaksne gjer: Det er ikkje born og unge si oppgåve å gje oss håp. Det er vår oppgåve å gje dei håp.

Vanskeleg å ikkje høyrast ut som ein alarmist

Skal me snakka om sanninga? Sanninga er at det ikkje berre er born som urolege. Den uroa Thunberg uttrykker er ikkje berre hennar. Den er å høyra frå klimaforskarar. Ein kan finna den uroa i FN-rapportar. Eg kjenner på denne uroa sjølv. Klimaendringane er ikkje lenger ei moglegheit som vert diskutert på TV, slik eg hugsar frå min barndom. Klimaendringane er synlege. I dag.

Og når ein skal snakka om dei moglege konsekvensane av dei, og snakka sant, er det vanskeleg å ikkje høyrast ut som ein alarmist.

Du trur me såg ei flyktningkrise for nokre år sidan? Du er uroleg for den sosiale berekrafta ved for høg innvandring? Kva med å vurdera kva som vil bli framtidas migrasjonsdrivar?

Eg skal ta eit døme. Det er henta frå den nyaste rapporten frå FN sitt klimapanel, ein rapport som her til lands drukna i nyhende om regjeringa sitt utkast til statsbudsjett, og deretter i diskusjonar om kva for veg Kristeleg Folkeparti skulle velja. Den aktuelle rapporten – ein spesialrapport om kva konsekvensar global oppvarming på 1,5 grader vil ha – kan omtalast som endå ein vekkjar. Berre det å bla litt i han, og lesa ein del artiklar som samanfatta innhaldet, var nok til at klimapessimismen seig inn over meg. Men lat meg peika til nokre poeng i rapporten, poeng det er verdt å dvela med.

Poeng nummer ein: Konsekvensane av global oppvarming på 1,5 grader vil særleg merkast av utsette og sårbare menneske, av fattige menneske. Det vert peikt på klimapanelet sin tidlegare konklusjon: Klimaendringar vil føra til auka ulikskap. FN-rapporten syner til klasse, til kaste og til kjøn. Og så syner han til ny forskningslitteratur som understrekar at fattige vil oppleva alvorlege konsekvensar, og som på ny understrekar at eksisterande fattigdom vil verta forverra.

Poeng nummer to: Blar ein om ei side, kan ein lesa at 450 millionar fleire menneske vil oppleva ei dobling i talet på flaumar, og flaumrisikoen globalt vil auka monaleg. På den andre sida vil fleire også oppleva tørke og vassmangel, og kystbefolkninga vil måtte bera konsekvensane av tapte korallrev.

I trygge, rike Noreg slepp me billegare unna. Men dette vil sjølvsagt ha konsekvensar også for oss: Ei slik utvikling vil føra fleire menneske på flukt, det vil føra til fleire ressurskonflikter. Det vil leggja grobotn for fleire krigar. Og det heile vil kunna styrka oppslutninga til ekstreme rørsler. Verda er ikkje større enn at Noreg vil merka det.

Du trur me såg ei flyktningkrise for nokre år sidan? Du er uroleg for den sosiale berekrafta ved for høg innvandring? Kva med å vurdera kva som vil bli framtidas migrasjonsdrivar?

Desse skildringane er ikkje apokalyptiske. Dette er det ein kan forventa dersom me når 1,5-gradersmålet. Det er tiltak for å nå dette målet klimastreikande ungdom etterlyser på plakatane sine, og når dei faktisk får snakka ut i intervju.

Og problemet er sjølvsagt dette: Verken norsk politikk eller internasjonal politikk styrer i dag i retning dette målet. Då vert konsekvensane verre, og framtidas utfordringar større. Det er ikkje rart at ungdom er forbanna.

Ein appell til konservatismen

Bård Larsen i Civita sin kritikk har ikkje vore retta mot ungdomen, men mot kulturfolka og akademikarane som stilte seg bak Extinction Rebellion si opprørserklæring, ei erklæring som også fekk både næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og Minerva-redaktør Nils August Andresen til å reagera.

Og eg kan forstå reaksjonen. Eg finn erklæringa deira trøblete på fleire punkt. Larsen omtaler det som «revolusjonært, venstreradikalt og apokalyptisk» (apokalypse no igjen). Mitt problem er eit anna, nemleg at retorikken opnar døra på gløtt for anti-demokratiske idear.

Det er ei dør miljørørsla må halda stengt. Som grøn politikar er også dette ein del av uroa mi: at klimaendringane, etter kvart som dei blir verre, skal føra til mistru mot det liberale demokratiet, til draumar om autoritære løysingar og til rop etter sterke menn.

Kvar er den konservatismen som skjøna at me må leggja band på oss, for å ta vare på det som er viktigast for oss?

Eg har vorte kalla «revolusjonær» sjølv også, fordi eg tilhøyrer eit parti som meiner at det må takast omfattande og radikale grep i møte med klimakrisa. Sanninga er at eg er ein uroleg liberal demokrat.

Eit av dei mest kjende konservative munnhella er Edmund Burkes «forandra for å bevara». I møtet med klimakrisa, kvar er det munnhellet? Kva er det me skal forandra? Kva er det me skal bevara? Kvar er den konservatismen som skjøna at me må leggja band på oss, for å ta vare på det som er viktigast for oss?

Kvar er den konservatismen som i dag tar innover seg kor dramatiske dei potensielle konsekvensane av klimaendringane faktisk er, kor grunnleggjande dei kan kasta om på samfunna våre, korleis dei er eit trugsmål mot både sosial og økonomisk berekraft, og ikkje berre den økologiske? At dette også medfører eit trugsmål mot det liberale demokratiet som er større enn uheldig retorikk frå nokre professorar eller ungdom som snakkar i svart og kvitt?

Greta Thunberg har starta eit ungdomsopprør for klimaet si skuld. Det er ei bragd. Ho snakkar i store bokstavar. I blant er dei for store. Det er mange av oss som heller snakkar i små. Ofte vert dei for små. Og det er det som er det eigentlege problemet. Det er det som gjer at ungdom har rett i å koma med anklager mot oss.

Fra forsiden