Fra papirutgaven

Etterlyst: Bondekonservatisme

Andre stader assosierer ein ikkje låge landbrukssubsidiar med høgresida, skriv Pål Mykkeltveit.

Bilde: Pixabay

Både høgrepopulistar og borgarlege folkeparti plar å vere store på bygda. Heilt slik er det ikkje i Noreg; det gjer det vanskelegare å skape fleirtal for sentrum-høgre.

Eigentleg har eg eit ambivalent tilhøve til landbruket sidan min eigen karriere som gardsarbeidar brått blei avbroten av galopperande høysnue allereie medan eg var i midten av tenåra. Men trass i denne traumatiske hendinga ber eg som mange nordmenn på romantiske førestillingar om norsk landbruk og norske bygder. Å skulle køyre gjennom eit framtidig Noreg der landskapet er grodd heilt att, gardane er nedlagde og tettstadene avfolka, høyrest berre for trasig ut. Då ville litt av poenget med Noreg vore borte.

Sidan eg skriv for eit tidsskrift som kallar seg konservativt, kan eg her minne om at slike ønskje om å ta vare på det ein likar, er det konservatisme handlar om. Dersom det hadde eksistert eit parti i Noreg som kunne kategoriserast som bondekonservativt, ville eg ilt til for å røyste på det. Men slik er det ikkje i Noreg. Partiet som ein gong representerte bondekonservatismen, Senterpartiet, har meldt overgang til venstresida. Høgrepartia blir på si side assosierte med teknokratisk fjernstyring frå høge kontorbygg i sentrale strøk.

Denne vonlause stoda er konsekvensen av ei stor misforståing. I mi verd (ei litt spesiell verd, men ikkje heilt surrealistisk) burde folk i distrikta som ønskjer å ta vare på landet slik det er, høyre til på høgresida. Venstresida burde vekkje assosiasjonar om sentralstyring mot ei usikker framtid. Slik er det då òg andre stader på kloten. Og slik hadde det vore i Noreg om ikkje historia hadde utvikla seg slik som ho tilfeldigvis gjorde. Kvifor det har blitt slik, skal eg forklare no. Eg er korkje forskar eller meiningsmålar, så her kjem ein artikkel med ein ørlite meir polemisk tone enn dei andre i denne idéseksjonen.

Konservativt på landet

Når det har vore val i eit eller anna vestleg demokrati, og programleiarane på TV syner fram eit kart med den geografiske fordelinga av røystene, er det som regel eit kjenneteikn som går att. Nesten heile kartet er fylt med fargen som representerer det mest konservative alternativet. Fargen til det mest progressive eller liberale alternativet dominerer berre i dei mest urbane eller folkerike stroka.

Eit openbert døme på det er sjølvsagt Donald Trumps valsiger i 2016 da USA-kartet blei farga i republikansk raudt bortsett frå ved kystane og i storbyområda. Trump fekk fleirtalet  av røystene i 2626 kommunar (counties) mot 487 for Clinton, ifølgje Associated Press. Men slikt skjer ikkje berre ved protestval med høgrepopulistar i front (kartet ville sett likt ut med ein tradisjonell republikansk kandidat). Flyttar vi oss til dømes til andre sida av Atlanteren, til det tyske valet hausten 2017, kan vi sjå at kandidaten til CDU eller CSU fekk flest røyster i 231 av dei 299 valkrinsane. Stort sett heile det tyske kartet er farga i den svarte fargen til dei kristendemokratiske regjeringspartia.

I kontrast til mange av søsterpartia rundt omkring i Europa har Høgre hatt ein meir urban profil enn dei politiske konkurrentane.

Både i norsk og internasjonal kontekst har det på bakgrunn av slike døme blitt skrive mykje om dei klassiske motsetningane mellom sentrum og periferi. Ein kan til dømes skrive om ulike verdipreferansar mellom kosmopolittar i byane og tradisjonalistar i distrikta eller om dei høgt utdanna vinnarane i den globaliserte økonomien versus taparane som er lågt utdanna og dømde til å sjå arbeidsplassar bli nedlagde og lokalsamfunnet avfolka. Uansett om samfunnet er veldig splitta langs desse skiljelinene eller ikkje, er det ein stor føremon for politiske parti som skal vinne val, å bli oppfatta som at dei representerer interessene til dei mange veljarane som framleis bur i distrikta.

Og som dei nemnde kart-illustrasjonane over valresultat plar syne, er konservative parti vanlegvis gode til det. Både den etablerte høgresida, søsterpartia til Høgre rundt omkring i Europa, og høgrepopulistiske parti, det vil her seie dei partia som fangar opp dei same veljargruppene som FrP, står sterkt i grisgrendte strok. I dei landa der borgarlege parti har eit meir eller mindre komfortabelt fleirtal i folket (her inkluderer eg raust dei høgrepopulistiske partia mellom dei borgarlege), er det dei og ikkje venstresida som nyt størst tillit i distrikta. Folket der er konservative og kjenner seg best representerte av høgresida.

Senterpartiets glideflukt

Men heilt slik er det ikkje i Noreg. Medan til dømes partiet til Sebastian Kurz, som vann valet i Austerrike i fjor, fekk færrast røyster i hovudstaden Wien, er Oslo eit av Høgres beste fylke. I kontrast til mange av søsterpartia rundt omkring i Europa har Høgre hatt ein meir urban profil enn dei politiske konkurrentane. Samstundes har det vore venstresida i Noreg som har spelt på nasjonalisme, også det ein kontrast til stoda i andre land.

Slik har det ikkje alltid vore. Bondepartiet blei i etterkrigstida oppfatta som eit høgre for bygdene. (Så seint som i 1981 oppfatta 45,7 prosent av veljarane partiet som «meir eller mindre konservativt».) Partiprogrammet som framleis gjaldt dei første åra etter namnebytet til Senterpartiet i 1959, slo fast at einevaldsstyret og den sosialistiske staten nærte den same mistrua til einskildmennesket og den same viljen til omfattande sentralstyring. I partihistoria frå 2001 kan ein lese at partiet forfekta ei tradisjonell borgarleg haldning om at staten ikkje måtte blande seg inn i næringspolitikken og den økonomiske politikken. Skattetrykket og dei offentlege utgiftene måtte ned. Oppbygging og drift av industri skulle overlatast til det private.

Andre stader assosierer ein ikkje låge landbrukssubsidiar med høgresida, slik ingen assosierer låge forsvarsutgifter med høgresida.

Men samstundes var partiet midt oppe i ei glideflukt mot venstre og eit anna syn på staten. I land som Danmark (Venstre) eller Sveits (SVP) utvikla partiet til bøndene seg til å bli det dominerande partiet på borgarleg side. I Noreg utvikla partiet til bøndene seg til å bli eit sosialdemokratisk parti og ein støttepartnar for Arbeidarpartiet. Det har gjeve partiet ein mykje smalare nisje å hente veljarar frå enn dei partia som representerer bøndene i andre land. Samstundes har det øydelagt for bondekonservatisme i norsk politikk. Sidan midten av 70-talet har oppslutninga til Senterpartiet ved stortingsvala lege på fem eller seks prosent, bortsett frå når det har ridd på ei protestbølgje og teke til seg veljarar frå andre parti, slik som på nittitalet (EU) og ved førre val (sentraliseringsreformer).

Ei viktig årsak til Senterpartiets glideflukt mot venstre var truleg at partiet var eit bonde- og distriktsparti som var borgarleg i staden for å vere eit borgarleg parti som var bonde- og distriktsvenleg. I takt med at sentraliseringa fekk halde fram ubroten, måtte ein etter kvart ta i bruk alle verkemiddel for å stogge ho. Då blei synet på staten endra frå fiende til ven. Det skjedde i samsvar med Robert Conquests andre politiske lov, som seier at einkvar organisasjon som ikkje uttrykkjeleg er ein høgresideorganisasjon, før eller seinare blir ein venstresideorganisasjon. Kanskje kjem denne lova (det er i alle fall noko i nærleiken av ei lov, tenk til dømes på kyrkja) av at interesseorganisasjonar gjer seg avhengige av staten. I andre land hadde ein eksplisitt borgarlege parti som kunne tilpasse delar av politikken sin til behovet for subsidiar og tollmurar, i staden for å gjere som Senterpartiet: å la behovet for subsidiar og tollmurar for kjernesakene farge heile politikken.

Utanlandske døme på konservative bondevener

Eit døme på at utviklinga kunne vore annleis i Noreg, er Sveits. Her er det det nemnde Schweizerische Volkspartei som går for å vere partiet til bøndene. SVP er eit verdikonservativt og marknadsliberalistisk parti med stor skepsis til staten, på mange måtar eit FrP utan oljepengar, men partiet argumenterer annleis når det kjem til landbruket. «La oss ikkje ofre landbruket på alteret til frihandelen», dukkar opp som ei overskrift når eg går inn på Facebook-sida deira. Når eg trykkjer på lenka, kjem det opp ein harang om korleis regjeringa må tryggje interessene til bøndene, auke rammeføresetnadane og halde fast på høge tollmurar mot utanlandske matprodukt.

Over grensa mot nord i Bayern held CSU til. Medan SVP går for å vere høgrepopulistiske, er CSU i alle fall eit tradisjonelt styringsparti sjølv om profilen er meir konservativ enn sentrumslina til søsterpartiet CDU under Angela Merkel. Også CSU kombinerer borgarleg marknadsliberalisme og sparepolitikk (med mål om å gjere Bayern gjeldfritt innan 2030) med vern av bøndene mot marknadskreftene. Om dei klarar det, er ei anna sak. Men det nesten einerådande partiet på borgarleg side i Bayern har òg sakseigarskapen i landbrukspolitikken.

I utlandet har den typen folkeleg venstresidenasjonalisme som heldt Noreg ute av unionen i 1994, gått fullstendig ut på dato.

Ein annan bonderomantikar er den erkekonservative britiske filosofen Roger Scruton. I ein kronikk på tampen av fjoråret tek han til orde for at Brexit må gje Storbritannia rurale landskap og levemåtar tilbake. EUs felles landbrukspolitikk var meint å støtte småbrukarar, men har av di subsidiar blir gjevne på grunnlag av bruksareal, kome fråverande storbønder og kapitalintensivt jordbruk til gode, nett slik politikken til den norske regjeringa blir kritisert for å gjere. Mot det meiner Scruton at Storbritannia no vil kunne satse på det som folk verkeleg ønskjer seg frå landbruket, som ikkje berre er mat, men vene kulturlandskap og biodiversitet. «Subsidiar burde hjelpe bønder til å vedlikehalde det vi elskar ved landsbygda vår, ikkje bidra til profitten til dei fråverande som har gjort så mykje for å øydeleggje ho», skriv Scruton.

EU ikkje lenger høgresak

Sakseigarskap til landbrukspolitikken og distriktsvenleg profil er altså ikkje noko som treng å halde eit parti borte frå den borgarlege sida. Andre stader assosierer ein ikkje låge landbrukssubsidiar med høgresida, slik ingen assosierer låge forsvarsutgifter med høgresida. For Senterpartiets del har EU-saka òg vore viktig for overgangen til venstresida. To gonger har ho øydelagt for regjeringssamarbeid mellom dei og Høgre. Men i dag er ikkje EU ei sak som skil høgre- og venstresida slik ho gjorde på nittitalet. I utlandet har den typen folkeleg venstresidenasjonalisme som heldt Noreg ute av unionen i 1994, gått fullstendig ut på dato. For venstresida har internasjonalisme og nedbygging av grenser blitt ein verdi som veg tyngre enn sjølvråderett og skepsis mot frihandel og storkapital. I Noreg har EU-motstanden vore sterkast i partia til venstre for Ap, men i utlandet klarar ikkje veljarane til slike parti lenger å sameine dei kosmopolitiske verdiane sine med motstand mot EU. Difor er det først og fremst høgrepopulistar som frontar EU-motstanden no.

Denne erkjenninga kjem også sigande inn i Noreg. Sjølv om EU-motstanden i Noreg er enda meir massiv enn tidlegare, skapar unionen litt andre assosiasjonar enn han gjorde på nittitalet. Ved EU-avrøystinga i 1994 sa til dømes 57 prosent av kvinnene nei, medan det var ja-fleirtal på 52 prosent hos mennene. Men i dag er mennene meir kritiske til både EU- og EØS-medlemskap enn kvinnene, ifølgje ei måling Klassekampen skreiv om i november i fjor. Sidan vi veit at kvinner jamt over er meir venstrevridde enn menn, eit klart fleirtal av veljarane til alle dei raude partia på Stortinget er kvinner, kan vi ane ei endring av imaget til EU frå noko framandt og turbokapitalistisk til noko moderne og progressivt. Men i alle høve, no som Høgre i tillegg regjerer saman med nei-partiet FrP, verkar det ikkje meir sannsynleg at EU-saka skal sprengje ei borgarleg enn ei sosialistisk regjering.

Ingen Sp-overgang til høgre

I norsk politikk er semja stor, og ein må etter kvart bruke lupe for å få auge på dei praktiske skilnadane i den økonomiske politikken. Vi får tru at det skjer av di veljarane vil ha det slik. (I Danmark kommuniserer no alle dei tre største partia at dei skal vere rause med offentlege utgifter og strenge i innvandringspolitikken.) Når eg blar i programmet til Senterpartiet, finn eg i tråd med det ingenting som burde setje ein stoppar for eitkvart samarbeid med høgresida, i alle fall ikkje meir enn det programma til Venstre eller Krf gjer. Det står ein god del fint der om eigedomsretten og om mindre byråkrati. Å vere oppteken av nærleik til styresmaktene og små levedyktige lokalsamfunn er òg god borgarleg politikk i mi bok.

Ei form for bondekonservatisme vil bli naudsynt for å vinne over eit fleirtal av veljarane.

Liberale på høgresida likar å hevde at Senterpartiet er det partiet som er mest innvandringskritisk (på grunn av motstanden mot Schengen og arbeidsinnvandring), men det er nok berre i teorien. Partiet øydela for tiggarforbodet til regjeringa og røysta for oppmjuking for dei einsamkomande afghanarane. Utkastet til det aktuelle programmet var prega av ei rekkje dissensar frå høvesvis den innvandringsliberale sosialdemokraten Kjersti Toppe og den openbert borgarlege politikaren Ola Borten Moe. Det syner at striden om kven partiet kan samarbeide med, som har prega det i periodar, i alle fall sidan 70-talet, framleis ligg under overflata.

Det tyder ikkje at Senterpartiet nokon gong kjem til å samarbeide med høgresida på ny. Partileiinga avviser i alle fall det kategorisk per i dag. «Høyre har gått i en ekstremt liberalistisk og sentraliserende retning», som nestleiar Anne Beathe Tvinnereim sa til Minerva etter valet i fjor. Det er ei utsegn som sjølvsagt tener til å overdrive avstanden deira til Høgre, og tyder på at partiet er avhengig av å halde fiendskapen mot sentraliserande mørkemenn i hovudstaden ved lag. Elles vil dei ikkje kunne hanke inn alle protestveljarane dei er avhengige av for å kome ut over den eigentleg nokså smale profilen deira og ei oppslutning på fem-seks prosent.

Glaskula

Slik sett er det òg forståeleg at Senterpartiet reint bokstaveleg er Noregs mest konservative parti, motstandarar av alt frå kommunesamanslåingar til tredje rullebane på Gardermoen og liberalisering av den kartellprega taxinæringa. Ei vedvarande stode der dei borgarlege partia blir oppfatta som fiendar av distrikta, og assosierte med ekstrem sentralisering og nyliberalisme, vil tene partiet godt. Dersom desse konfliktane skulle ebbe ut etter at støyen omkring den pågåande runden med kommunesamanslåingar og andre reformer har lagt seg, vil det derimot bli lite å skape merksemd rundt for Senterpartiet. Men dersom konfliktane ikkje forsvinn, som er det eg kan sjå i glaskula mi, vil det bli vanskeleg å oppnå borgarlege fleirtal ved framtidige val.

I glaskula mi ser eg nemleg òg at KrF kjem til å gå ut på dato og døy ut, og at Venstre, som har eit enda smalare veljargrunnlag enn Senterpartiet, vil halde fram med å vake omkring sperregrensa. I ei slik stode kan ikkje alle protestrøystene gå til Senterpartiet, som er ein fast samarbeidspartnar med venstresida. Alternativet er difor at høgresida må byrje å bli oppfatta som distriktsvenleg, slik normaltilstanden frå andre land tilseier at ho burde bli. Det burde ikkje minst Framstegspartiet merke seg, som etter kvart står svakt i dei store byane og kanskje må reindyrke distriktsprofilen sin ytterlegare i framtida, men òg Høgre, dersom det nokon gong skal bli eit borgarleg folkeparti etter modell frå andre land. Ei form for bondekonservatisme vil bli naudsynt for å vinne over eit fleirtal av veljarane. Her peikar eg kanskje lenger fram i tid enn mot valet i 2021, men på sikt har ikkje høgresida råd til å bli oppfatta som fiendar av folket i distrikta.

Essayet er henta frå idéseksjonen i Minervas papirutgåve 1/2018 der temaet er borgarleg valsiger i 2021. 

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden