Med distraksjon som metode

Reaksjonane på Kristoffer Joner sin kampanje er meint å vere ein distraksjon, for å ta bort fokus fra det kampanjen handlar om - å sikre rettstryggleik for asylsøkjarar.

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje få som reagerer på kampanjen til Joner, som det siste døgnet har samla inn eit millionbeløp til NOAS (Norsk Organisasjon for Asylsøkere). Kampanjen var eit svar på Sylvi Listhaug sin "lik-og-del"-post på Facebook om New York Times sin dekning av Noregs strenge asylpolitikk.

Men det er ikkje språket Listhaug sine forsvararar heng seg opp i. Det er kven som står bak språket som har blitt problematisert. Joner fekk hjelp av eit PR-byrå! Folk vart lurt, vert det påstått.

Aller først: Det at eit reklamebyrå er involvert, anten gratis eller betalt, gjer ikkje eit bodskap umiddelbart uærlig. Sylvi Listhaug, som har bakgrunn i First House, burde jo vite dette. PR-byråa er ikkje ei gift i den norske offentlegheita, som forsurar eitkvart bodskap. Vanlegvis kjem denne lettbeinte PR-byråkritikken frå venstresida, men i dag tok opportunismen overhand på høgresida òg, slik at dette tullet fekk fotfeste og Facebook-delingar i hopetal.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement til kr 699,- i året,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement til kr 89,- pr mnd,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1050,-

Bestill her