Spaltist

Fem teser om konspirasjonsteoriar

Det er vanskelig å tro på at jorden er flat uten samtidig å tro på konspirasjonsteorier, skriver Øyvind Strømmen.

Bilde: Paul Hurtado/Flickr

Det er dei svart-kvite fiendebileta, ikkje YouTube, som er problemet.

Konspirasjonsteoriar går som ein farsott blant skuleungdomar, heitte det på nrk.no attende i februar. «No er lærarar og forskarar uroa over utviklinga».

NRK-artikkelen gjev også nokre døme: eitt av dei er trua på at jorda er flat, og det er eit ganske paradoksalt døme. Å tru at jorda er flat er eigentleg ikkje eit døme på ein konspirasjonsteori, sjølv om konspirasjonsteoriane sjølvsagt raskt følgjer på denne heller underlege førestillinga: Dersom jorda faktisk er flat, er det jo openbert ganske mange som har skrøna for oss, og ein del av dei må jo vita at dei fer med skrøner.

Noregs mest kjende flat jord-entusiast, Christian Paaske, meiner vitskap – inklusive, altså, trua på at jorda er rimeleg kuleforma – har overteke for religion i å vera «makthavernes fremste ideologiske redskap for kontroll». Han meiner difor at det er viktig å få fram at jorda eigentleg er flat. – Det er moderne religionskritikk, meiner han. Det høyrest unekteleg ut som konspirasjonsteoriar.

Slik sett er «flat jord»-førestillinga eit godt døme på det konspirasjonsteoriforskaren Michael Barkun kallar «stigmatisert kunnskap». Trur på ein – vel – ganske rar ting, er det lett for at du også byrjar å tru på fleire. Om myndigheitene lyg til oss om fasongen på planeten (eller skiva) me bur på, kva kan ein eigentleg stola på av det dei seier i det heile? Ikkje særleg mykje.

Latteren i halsen

Men flat jord-dømet er illustrerande også av ein annan årsak. Det framstår som ganske fjollete, og lattervekkjande. For dei fleste framstår nok tanken om at jorda er flat, som merkeleg og smått fjollete, og kanskje også som lattervekkjande. Ungdomen er ikkje åleine om å le. Netflix-dokumentaren Jorden er flat (Behind the Curve) har nok fått ein heil del til å trekkja på smilet. Det er kanskje eit litt trist smil. Men likevel.

Noko av «farsotten» blant ungdom handlar nok også om nett det: at det er noko å le av, noko å lata seg underhalda av. Det skal ein kanskje ikkje ta for tungt. Det kan vera mykje god underhaldning i konspirasjonsteoriar, det veit dei fleste som har sett ein thriller på kino, X-Files på TV eller som har lese kiosklitteratur på ein togtur. Det er nok også difor at altfor mange journalistar har ringt til folk som skriv om konspirasjonsteoriar for å stilla det følgjande spørsmålet: «Men kva for ein er den mest morosame?».

Min favoritt er ideen om at det britiske kongehuset, og Hillary Clinton (alltid Hillary Clinton), eigentleg er ei blodsugande romøgle i menneskeham. At folk i ramme alvor trur det, har fått meg til å le høgt. Det er mindre morosamt å lesa lange bøker som handlar om det. Og endå mindre morosamt å oppdaga korleis desse førestillingane heng saman med antisemittiske konspirasjonsteoriar, med jødehat ein ikkje treng ein sterk karakter i historie for å kjenna til dei historiske konsekvensane av.

I NRK-artikkelen er historielæraren Sjur Aaserud intervjua. Han er heller ikkje lattermild. Ifølge NRK uroar han seg særleg over kor kort vegen er frå tullevideoar til alvorlege konspirasjonsteoriar.

– Om ein sit framfor PC-en og er ein aktiv søkar, kan ein enkelt komme over antisemittiske konspirasjonsteoriar og anti-USA-konspirasjonsteoriar, seier han. – Dei er berre eit tastetrykk unna.

Og til det kan ein jo innvenda at ein verken treng å vera aktiv søkar eller å trykka særleg mykje, det er berre å ta seg ein runde i eit kommentarfelt på sosiale media.

Aaserud etterlyser retningsliner og meiner medvit rundt konspirasjonsteoriar i langt større grad må inn i læreverk og læreplanar.

Meir nyleg – i bladet Utdanningsnytt – skriv stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg (Ap): «Skal vi stilltiende godta at YouTube sprer konspirasjonsteorier blant skoleelever?». Solberg skriv også: «Da utdanningsminister Jan Tore Sanner ble utfordret på problemstillingen av NRK, var hans svar å vise til viktigheten av opplæring i kildekritikk. Dette er jeg helt enig i, og Arbeiderpartiet har vært opptatt av dette i mange år. Men jeg mener vi er kommet dit at det må diskuteres om dette er det eneste svaret». Han etterlyser «større skyts i kampen mot falske nyheter enn faktisk.no».

Eg har vore oppteken av konspirasjonsteoriar som problem i ei årrekkje. Det er lenge sidan eg slutta å le noko særleg av dei. Men eg skal vedgå at Aaserud sitt innlegg gjer meg litt uroleg. Det smaker litt for mykje av ein moralsk panikk. Og eit av problemet med moralsk panikk (utover at det får konspirasjonsteoriar til å trivast), er at ein ofte ender opp med verkeleg dårlege løysingar, uavhengig av om ein har gode intensjonar.

«Ubehagelege og beklagelege følgjer»

Det er ikkje det. Om det finst moralsk panikk der ute, kan eg til ei viss grad skjøna den. Eg les for tida boka Republic of Lies av den amerikanske journalisten Anna Merlan. Den startar med at ho fortel om korleis ho som featurejournalist reiste på det ganske bisarre luksuscruiset Conspira-Sea, der konspirasjonsteoritruande møtte likesinna. Ho vart berre ein gong skulda for å vera CIA-agent. Og sjølv om ho fann reisa både stressande, i blant svært morosam og i blant uventa opplysande, var det ein tur ho prøvde å gjera seg ferdig med. Så vart konspirasjonsteoriane brått ein viktig del av det ho dekka til vanleg: politikk.

Og i dag har USA ein president som aktivt har omfamna relativt spinnville konspirasjonsteoriar, kanskje fordi det har vore opportunt, kanskje fordi han faktisk trur på dei. Samstundes har også sentrale politikarar i det demokratiske partiet spela på konspirasjonsteoriar.

Og dei siste åra har det dukka opp stadige debattar om falske nyhende. Det er ikkje til å undrast: Dei speler ei rolle i den verkelege verda. Dei legg grunnlag for faktisk politikk. Og for direkte faenskap. Og då kan ein jo reagera med litt panikk.

Og så kan ein også tenkja at det medfører eit visst ansvar. Som det heiter i avisa Morgenbladet, bør «våre kollegaer i pressa» omtale spinnville konspirasjonsteoretiske rykte, og syna fram korleis dei er ugrunna og meiningslause, og lærarar i grunnskulen bør også syta for å at skuleborn får oppklaring i kva som er tilfelle og ikkje. Elles kan det oppstå «ubehagelege og beklagelege følgjer».

Det var ganske nyleg dei skreiv dette. I 1869. Etter at det hadde oppstått opptøyer i byen som no heiter Oslo, grunna rykter om at Frimurarlosjen fanga folk, slakta dei, salta dei ned på tønner og selde dei til «tryntyrken» (muslimane altså) som mat.

Det er ei påminning om at dette knappast er eit nytt fenomen, ei påminning ein for øvrig kan finna i Anna Merlan si bok, og for den del i Jesse Walkers svært interessante bok The United States of Paranoia, som ho i blant baserer seg på.

Men lat meg ta den påminninga som utgangspunkt i nokre teser om konspirasjonsteoriar.

Fem teser om konspirasjonsteoriar

Den fyrste: Det er sjeldan snakk om teoriar i det heile. Det var ikkje ein teori som førte til opptøyer utanfor Frimurarlosjen sine lokale i 1869: Det var ein heilt konkret anklage. Sjølv om ein del gøymer seg bak at dei «berre stiller spørsmål», er det heller ikkje teoriar det dreier seg om når ein støyter på påstandar om at amerikanske myndigheiter sjølv stod bak terroråtaka 11. september. Konspirasjonsteoriar er ikkje lause, akademiske tankar om at det kan tenkjast at det finst ein samanhang som ein bør undersøka. Dei er som regel heilt konkrete anklager. Retta mot grupper. Og mot enkeltpersonar.

Den andre: Konspirasjonsteoriar er på sett og vis ganske allmennmenneskelege. Me liker å laga mønster av det uforståelege, og har lett for å sjå samanhengar som ikkje finst, og då kanskje særleg om dei kan stadfesta fiendebilete me har frå før. Det er ikkje eit fenomen som er heimehøyrande i berre ei politisk leir, sjølv om dei har lettare for å få fotfeste i politiske utgrupper. Dei har også lettare for å få fotfeste der det frå før finst mistillit, om det no er av gode eller dårlege årsaker.

Merlan skriv: «Det er i Amerika ofte (men ikkje alltid) ei viss kopling mellom konspirasjonsteoriar og faktiske konspirasjonar». Slik er det i andre land, også. Det tyder ikkje at det er noko i dei spinnville konspirasjonsteoriane du støytte på i eit eller anna kommentarfelt. Men det tyder at du kanskje gjekk glipp av eit poeng når du lo av at fleire av dei som formidla dei, skreiv at dei hadde gått på «Livets harde skule». At det er snakk om folk som har opplevd ein heil del motbør, som har ramla på sidan av storsamfunnet og utanfor det gode selskap. Der, på utsida av døra, har dei ikkje berre funne fiendebilete, men også aksept. På innsida møter dei mest forakt.

Attende i 1994 påpeikte sosiologiprofessoren Ted Goertzel, som Merlan siterer, at konspirasjonsteoriar lettare veks fram blant dei som meiner at situasjonen for vanlege folk er i ferd med å verta verre, og blant dei som meiner at dei fleste politikarar ikkje er interessert i korleis vanlege folk har det». Vil ein motverka konspirasjonsteoriar? Motverk slike inntrykk.

Den tredje: Konspirasjonsteoriar kan sjølvsagt vera beint fram dødbringande, noko konspirasjonsteoriar blant alskens former for ekstremistar synleggjer, men dei er også skadelege på andre måtar. Dei sporar samfunnsdebatten av, ved at støyen frå dei druknar ut debattane som faktisk burde vore ført.

Det kan til dømes finnast gode grunnar til å diskutera korleis norsk barnevern fungerer. Men det vert vanskelegare å snakka om det når det dukkar opp konspirasjonsteoretikarar som meiner at det er snakk om organisert barnetjuveri for å tena vondskapsfulle interesser. Det kan finnast årsaker til å diskutera vaksinering, men det vert vanskelegare når det dukkar opp folk som meiner at vaksiner er livsfarlege, og del av eit vondskapsfullt komplott for å herska over befolkninga, for å ta livet av folk eller for å putta CIA-chippar i oss alle. Det finst definitivt gode grunnar for å utsetja islam for religionskritikk, men det vert vanskelegare når folk byrjar å prata om Eurabia, skuldar sosialdemokratar for forræderi eller lagar seg andre måleriske fiendebilete av muslimar, med konspirasjonsteoretiske førestillingar i botn. Vil du motverka konspirasjonsteoriar? Ikkje spel på lag med dei. Ikkje inviter dei på fesjå for å vera edgy.

Den fjerde: Konspirasjonsteoriar er gamalt nytt. Ikkje gløym det, sjølv om han som før var ein litt snurrig, men eigentleg ganske sjarmerande, bygdeoriginal, no har vorte eit «troll» i sosiale media, og del av ein gjeng som slett ikkje er så sjarmerande. Joda, store internettaktørar bør ta ansvar, slik at ein nazinettstad ikkje er det fyrste som dukkar opp når skuleungdom søkjer etter fakta om Martin Luther King. Men ikkje gjer internett til problemet. Internett er eit medium. Det er konspirasjonsteoriane som er problemet. Det er konspirasjonsanklagene som er problemet. Det er dei svart-kvite fiendebileta bak som er problemet.

Den femte: Det er lov å le. Men ikkje gløym at konspirasjonsteoriar eigentleg ikkje er vidare morosame. Og at det finst mykje anna som er morosamt på YouTube. Kattar som ser agurkar bak seg. Slike ting.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden