Kultur

Fifty shades of kiosklitteratur

Fifty Shades of Grey er først og fremst interessant som fenomen. I kvalitet har dei mange fellestrekk med kiosksjangeren.

Fifty Shades of Grey er først og fremst interessant som fenomen. I kvalitet har dei mange fellestrekk med kiosksjangeren.

Fifty Shades of Grey
E.L. James
Vintage Publisher, 2011 

Du veit det frå før, men lat oss ta det igjen. Fifty Shades of Grey-trilogien er, ifølge Gyldendal, historias raskast seljande bøker. Bøkene er solgt i over 20 millionar eksemplar i USA, 12 millionar i Storbritannia, og slik kunne vi ha halde fram. Marknadsført som «bokserien alle snakkar om» og tidenes største bestseljar, sel den som hakka møkk, også i Noreg. Men Fifty Shades er alt anna enn kvalitetslitteratur. Bøkene er først og fremst eit interessant fenomen, og kan lesast som nettopp det.

Det mest spennande er dermed ikkje handlinga, men kvifor bøkene sel. Dette skal eg kome tilbake til, men først skal vi ta ein kikk på kva fenomenet Fifty Shades of Grey er for noko.

Storsinn er viktig hos kiosklitterære heltinner. Dei er heltar på trass av at dei ofte ter seg både dumt og kujonaktig

Det første som slo meg, var likskapen med kiosksjangeren. Du har ei kvinne som er i ein utgangspunktet utsett posisjon, uerfaren, gjerne naiv og med lite kunnskap om verda bortsett frå den ho sjølv har levd og vakse opp i. Ho driv med noko uskuldig, for eksempel er Silje Arngrimsdatter i Margit Sandemos Sagaen om Isfolket aleine i verda etter at pesten har drepe familien hennar. Ho bur og arbeider som tenestejente på ein gard. Liv i May Grete Lerums serie Livets Døtre, har blitt usett for incest av bestefaren og får eit barn med ham.  Ho vert utsett for alle samfunnets represaliar, inkludert at dei prøver ta frå henne barnet. Difor rømmer ho sjølvsagt, slik ei kva kiosklitteraturheltinne ville ha gjort, og blir saman med bøddelen. Han kan ho bli saman med, fordi ho som mange kiosklitterære kvinner er fri for fordommar og ikkje fanga i tidas trongsyn etter ein oppvekst på ein isolert gard på ei fjellhylle. Ho har ein toleranse og ei verdsoppfatning frå 2012, men lever ofte på 1500 eller 1700-talet. Storsinn er viktig hos kiosklitterære heltinner. Dei er heltar på trass av at dei ofte ter seg både dumt og kujonaktig. Alt vert forklart utifrå deira ibuande godheit.

Anastastasia Steel i Fifty Shades of Grey er ein litteraturstudent på tjueein år. Ho er jomfru, så klart, og ikkje interessert i menn. Du finn knapt ei kiosklitteraturheltinne som har seksuell erfaring på side ein. Litt av konseptet ligg i at ho skal tileigne seg denne etterkvart. Litt av spenninga i bøkene ligg i kven ho blir gift med og ligg med. Målet er, som i Fifty Shades of Grey, ein relasjon til ein mann, og handlinga bygger ofte rundt denne mannen.

Hovudperson utan eigenskapar
Anastasia, eller Ana som er kallenamnet hennar, er fornuftig langt over grensa til kjedeleg, jobbar mykje og studerer hardt. Ho har sjølvsagt ei litt tøffare og meir utsvevande venninne, Kate. Venninna er kontrasten Ana effektivt blir målt opp mot, og som er med på å skape Ana som litterær karakter. Kates seksuelle erfaringar og frimodige livsførsel er nødvendig for å bygge opp under biletet av Ana som uskuldig, rein og dydig. Dette er ein vanleg måte å skape kiosklitteraturkvinner på då dei sjeldan har nok eigne eigenskapar til å bere ei historie. Dei vert skapt i kontrast til slemme eller umoralske menneske rundt seg. Men Kate er verken slem eller moralsk. Ho er erketypen på ein ung student med jobb som redaktør i ei studentavis. Ana derimot, er ein skuleflink litteraturnerd, om enn smashing good looking, som arbeider på eit Elkjøp-liknande kjøpesenter. Ho er sjølvsagt altfor forsiktig av seg til å vere både journalist og redaktør. Derav Lolita-imaget, eller Askepott om du vil, på ingen måte klar over sin eigen vakre utsjånad.

Fifty Shades er Twilight
Andre likskapstrekk med kiosksjangeren er lange og svært detaljerte scener. Dette finn ein også att i eksempelvis bestseljaren Twilight. Handlinga er beskriven ned på detaljert setningsnivå, ofte med lite handling. Få minutts handling tek mange sider. Karakteren reflekterer og tenker enkle tankar rundt praktiske problemstillingar. Korleis skal eg kunne bli ilag med ein vampyr, som i Twiligt? Eller, som i Fifty Shades of Grey, korleis kan den kjekke supermillionæren Christian Grey vere forelska i meg, Anastasia Steel?

Og utifrå korleis Steel blir framstilt, er det i grunn også vanskeleg å forstå. Ana er strippa for personlege eigenskapar, bortsett frå at ho går på jobb, kjem heim frå jobb, les til eksamen og er så betatt av Christian Grey at ho knapt klarer puste når han er i nærleiken. Ana er beskriven utifrå ytre handling, ikkje utifrå indre eigenskapar. Ho er ein karakter som berre får eigenskapar i kontrast til Christian og Kate sine synspunkt og handlingar, ikkje i kraft av seg sjølv. Det er Christian og Kate som er dei sterke karakterane, og Kate den som er både mest interessante og mest realistisk. Ana manglar i det store og det heile personlegdom.

Det er Twilight, men vampyren er bytt ut med ein sadomachosist. Dessutan har dei sex.

Christian Grey og Anastasia Steel er ytterpunkt på kvar sin måte. Han styrtrik på grensa til det utrulege, og ho så naiv at ein skulle tru at ho utifrå livsførsel var femten år i eit bedehusområde. Skal ein karakter som Anastasia Steel kunne skrivast bok om, må ho møte nokon som er interessant. Fifty Shades of Grey er historia om den uskuldige litteraturstudenten som møter ein supermillionar som er sadomachosist. Grey har, på trass av brei seksuell erfaring med ei rekke kvinner, aldri hatt eit fast forhold. Når han møter Ana blir dette sjølvsagt annleis. Ho er den rette for ham, og han den rette for henne. Elles hadde plottet aldri fungert. Plottet i Fifty Shades of Grey kretsar rundt korleis Ana skal forhalde seg til den vanskelege og mystiske Christian Grey. Det er Twilight, men vampyren er bytt ut med ein sadomachosist. Dessutan har dei sex.

Erotisk litteratur
Om ein skal sette Fifty Shades of Grey opp mot norsk erotisk litteratur av nyare dato kan ein lese Hedda H. Robertsens bøker Skutt i filler av Mads Mikkelsen og Ildfuglen. Robertsens bøker er erotisk litteratur av høg litterær kvalitet. Men dette er ikkje det einaste som skil Robertsens bøker frå Fifty Shades of Grey. Til skilnad frå Anastasia Steel er kollektivsambuarane Amalie og Simone i Ildfuglen intellektuelle unge studentar som tek aktive val i sitt, lat oss kalle det forbruk av menn. Gjennom vala blir dei tydelege karakterar. Dei driv sjølv handlinga framover. Menn er ikkje eit mål i seg sjølv for Simone. Dei er eit middel, eller eit plaster på eit sår. Og dei to venninnene i Ildfuglen er sjølvsagt ikkje jomfruer frå side ein.

Dei seksuelle skildringane i Ildfuglen er raskare overstått, og langt meir presist skildra, enn dei lange scenene med sado-, eller for den del heilt ordinær oralsex, i badekaret hos Christian Grey. Det er ikkje gjensidig kjærleik involvert i Robertsens Ildfuglen. Det handlar om sex, eller om noko anna. Om flukta frå ei verkelegheit ein ikkje taklar. Og medan stay ups og kroppspleie er sjølvsagte ingrediensar i Amalie og Simones liv, veit Anastasia Steel neppe kva dette er for noko. Ho går rundt i museflettene sine, snublar og ramlar ut i gata når Christian Grey er i nærleiken, og er så og sei ukyssa. Likevel er ho kåt som eit svin. Langt kåtare enn nokon av Hedda H Robertsens karakterar nokon sinne framstår som. Kanskje framstår ho meir kåt, fordi ho fokuserer enormt på kåtskapen sin, som sjølvsagt er heilt nyoppdaga. Ho har heller aldri før fått ein orgasme før ho møter Grey. Alt dette er sjølvsagte erfaringar for Robertsens karakterar, men så bygger også Robertsen eit univers som er reelt. Fifty Shades er til tider komisk verkelighetsflukt, men i likhet med kiosklitteraturen sel den godt.

Uerfarne kvinner og sjølvsikre, eller erfarne, menn dei møter på sin veg, er noko folk liker å lese om. Mange av desse  kvinnene er så unge og har så lita erfaring at dei gjerne let seg voldta, som Ingebjørg, i Ingebjørg Olavsdatter av Frid Ingulstad. Og det er ikkje fordi ho er billeg, men fordi ho er så snill at ho ikkje greier sette foten ned. Difor er også Johanna i Storgårdsfolk av Eva J. Stensrud forlova med den drikkfeldige Gønnar. Det er kvinner som tek dårlege val fordi dei manglar livserfaring. Dette skaper spenning. Livserfaringa som Simone og Amalie i Ildfuglen har når ein slår opp på bokas første side, er ei erfaring kiosklitteraturens kvinner sjeldan oppnår. Dei er naive, dumme og uerfarne, og flaks for dei ordnar ting seg når dei på eit eller anna tidspunkt møter ein fantastisk mann, eller blir brent som heks. Det er ingen anten eller. Hadde dei ikkje vore slik, hadde ikkje handlingane vore mogelege å skrive fram. Fifty Shades of Grey bygger rundt same kvinnesyn, men kiosklitteraturen er mindre Lolita-aktig. Kvinnene er stort sett vakre bygdejenter, faste i fisken og med vakkert hår. Menn fell sjølvsagt som fluger, eller vil ha dei, berre må ha dei, og dermed også tek dei med makt.

Bruk og kast av menn
Kollektivsambuarane Amalie og Simone i Ildfuglen kan minne om bestevenninne Susy og Billie i Alexia Browns Frognerfitter. Men Frognerfitter er ingen erotisk roman. Det er ei bok om livet på Frogner. Om dop, sex, menn og festar. Den eine festen slår den andre i hel, menn blir bytt så ofte at ein ramlar av. Ein får lite eller ingen eksplisitte erotiske skildringar, men dei ligg der, i bakgrunnen. Menn og seksuelle relasjonar er alltid eit mål Susy og Billie jagar etter. Det er menn dei held seg til. Dei treng ein mann, men dei kan også dumpe og bli dumpa rett som det er. Dei har sjølvsagt også ungar med ubrukelege dustemenn, og må ta hand om desse aleine. 

Det er nærliggande å tru at ho, om ho ikkje hadde blitt så kåt då ho møtte Christian Grey, hadde vært jomfru til ho gjekk i grava.

Noko slikt kunne aldri Anastasia Grey ha funne på. Det er nærliggande å tru at ho, om ho ikkje hadde blitt så kåt då ho møtte Christian Grey, hadde vært jomfru til ho gjekk i grava. Dyden skal ein ikkje gi billeg vekk, i tråd med moralen forfattaren av Twilight, Stephenie Meyer, står for. Twilight-Bella kan ikkje ha sex med vampyr-Edward før dei er godt gift. Uflaks for Bella vert ho gravid like etter bryllaupet. Ho held på å dø, det er trass alt ikkje berre berre å bli gravid med ein vampyr, men abort er ikkje eit begreip som eksisterer i Bellas univers. I likskap med Anastasia Steel elskar ho sin utkåra så høgt at ingenting, ikkje eingong varulv, kan kome imellom. I Fifty Shades er varulven bytt ut med Christians mørke fortid. Forholdet må trass alt gå på ein prøve, og bestå. Ekte kjærleik går ein i døden for, og vel så det.

Twilight fanfiction
På dette tidspunktet i skrivinga av denne omtalen, poster eg ein status på Facebook og ber om innspel til kvifor Fifty Shades sel så godt. Eit av svara kjem frå Oda Rygh. Fifty Shades of Grey turnes out to be, trommevirvler, Twilight-fanfiction og eg skammar meg skikkeleg som ikkje var klar over dette frå før. Fanfiction er kort sagt historier om karakterane i eit originalverk, skrive av ein fan og publisert på internett. For eksempel kunne du, som fan av Tom Egelands Bjørn Beltø, ha skrive ein tekst der Beltø reiser til månen, og publisert den på web. Det ville ha vore fanfiction.

Fifty Shades var opphavleg publisert under tittelen «Master of the Universe» under pseudonymet Snowqueen’s Icedragon. Karakterane i internettmanuset var, ja du gjetta riktig, Bella og Edward frå Twilight. Og fordi «Snowqueen’s Icedragon», alias E. L. James, meinte at Bella og Edward, definitivt, har for lite sex i Twilight, skreiv ho fanfiction der dei knapt gjer anna. Dette er også eit trekk ved fanfiction. Ein skriv karakterane inn i settingar ein meiner treng utdjupast i originalverket, eller moment ein meiner manglar. Manus vart plukka opp, og resten er historie.

Kvifor den sel
Fifty Shades of Grey er rein, plain underhaldningslitteratur bygd rundt eit godt brukt plott. Det er gjenkjenneleg. Vår helt utan eigenskapar møter nokon som gjer handlinga interessant. Så ballar det på seg, dei har masse grundig skildra sex i lange, lange scener, og elskar kvarandre som dei aldri har elska nokon verken før eller seinare. Gjorde ein det, ville heilt plottet rakne.      

Folk liker å lese noko dei har lese før, og Fifty Shades er i tillegg erotisk litteratur pusha som akseptabel lesestoff.

Det hadde vore interessant å sett ei bok alla Fifty Shades levert i ein høgare litterær kvalitet med interessante karakterar og eit meir spenstig plott. Spørsmålet er om dette ville nådd ut til det same omfanget av lesarar. Det hadde antakeleg ikkje vore mogeleg. Folk liker å lese noko dei har lese før, og Fifty Shades er i tillegg erotisk litteratur pusha som akseptabel lesestoff. Det er vanskeleg å finne andre forklaringar på kvifor trilogien sel så godt. Men dette er ikkje litteratur. Det er rein plain kiosksjanger med litt fleire sider per bok. Trilogien får ikkje-lesarar til å lese, og skuflar erotisk litteratur ut til massane.         

Til slutt. Der finst to årsaker til å lese Fifty Shades. Bøkene kan, for den kresne, lesast som fenomen, men kjøp då berre bok ein. Du orkar neppe lese meir enn halve. Og om du tilhøyrer gruppa som elskar kiosklitteratur er det ingen tvil. Du gjer eit kupp. Her får du mange ekstra langtekkelege scener per krone.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden