Spaltist

Gule vestar, grøne vestar

I Europa er det ikke bare gule vester som demonstrerer, men også grønne. Selv om de i blant er i strid med hverandre, må vi lytte til begge, skriver Øyvind Strømmen.

Bilde: European Greens/Flickr, CC BY 2.0

Klimaopprørsk ungdom skaper bølgjer i Belgia. Skal ein unngå framtidas eliteforakt, bør ein lytta til dei grøne vestane også.

Dei gule vestane i Frankrike har fått meir merksemd, iallfall i norske media. Men førre helg demonstrerte over 70 000 menneske i den belgiske hovudstaden Brussel, med krav om at belgiske myndigheitar aukar sin innsats mot klimaendringane.

Demonstrasjonen føyer seg inn i ei rekkje slike i Belgia den siste tida. Tilbake i desember var det om lag like mange i ein klimademonstrasjon i Brussel, og aksjonen Youth for Climate har stått bak gjentekne demonstrasjonar, der studentar og skuleborn har skulka undervisninga for å delta. Førre torsdag var det titusenvis av dei.

Initiativtakar er 17 år gamle Anuna De Wever, som starta med skulestreikinga for berre nokre veker sidan, gjennom ei melding i sosiale media. «Me får kanskje ikkje stemma, men det handlar om vår framtid», seier ho.

Oss luksuskyllingar imellom

På nettet har sjølvsagt skitslenginga kome, «det suraste regnet», som Kim Clemens, journalist i Het Nieuwsblad skriv. Han syner til kommentarar om «luksuskyllingar» (luxekippen), «urealistiske hippiar»: I beste fall vert demonstrantane kalla naive, i verste fall «veganistiske fitteskaller» (veganistische kutkoppen). Det er til å kjenna att.

Clemens siterer også sosialpsykologen Vicky Franssen som seier at dei færraste vil gje slepp på luksus og komfort, anten det er billege flybillettar eller kjøtet på tallerkenen.

Her ligg ei utfordring i klimakampen: Ei omstilling til eit grønt samfunn inneber ikkje at det vil verta slutt på verken det eine eller det andre, og er ikkje vegen til eit nitrist og totalitært samfunn av den typen den amerikanske TV-pratmakaren Glenn Beck teiknar opp i sin dystopiske (og ganske dårlege, for å vera ærleg) roman Agenda 21. Men: flyreiser er sterkt ureinande, og dei teknologiske løysingane ligg stadig fram i tid.

Og kva med kjøtet? Det finst ein del tull med tal på området, og Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet har rett i kjøtkakene mine og dine neppe er det største problemet. Men likevel: Kjøtproduksjon er meir ressurskrevjande enn produksjon av kjøtkaker. Det påverkar CO2-rekneskapen det også.

Slikt er det ikkje alle som liker å høyra. Det er fleire «luksuskyllingar» blant oss enn klimademonstrantane i Brussel.

Peikefingeren

Kanskje er du provosert no. Biologen og filosofen Robert Mersch vert også sitert av Clemens. Han seier at klimadebatten i Belgia tidlegare har vore lite polarisert, men at det har forandra seg dei siste månadane. Så legg han til at dei som ikkje er engasjert i klimaspørsmålet gjerne får ei kjensle av å verta definert som fæle folk. Dei ser ein belærande peikefinger og går i forsvarsposisjon. Dei vert sinte, og har ikkje lyst å høyra etter.

Ein ser det i norsk debatt også. Denne veka lanserte Lan Marie Nguyen Berg eit framlegg om å gje folk i Oslo som vel å kvitta seg med bilen, eit års gratis kollektivtransport og eit år gratis bildeling. Framlegget er ei såkalla gulrot, og vart møtt positivt av både Framstegspartiet og av Nettavisen på leiarplass, uvante vener for Miljøpartiet Dei Grøne. I Dagbladet sitt kommentarfelt på Facebook velta derimot raseriet fram. Under fullt navn kom folk med argumenter som bestod i at Berg er idiot, sinnsyk og gal, en «skrulle», at hun må ha røykt fleinsopp og at forslaget må være «det dummeste jeg har hørt». Andre nytta litt lengre resonnement, og då var det gjerne to gjengangarar: Nokre treng jo bilen. Og i distrikta er busstilbodet dårleg.

Jo, takk, eg er miljøpartist, eg med, og eg bur mange timar med bil eller tog frå Oslo, i ein liten vestlandskommune. I MDG sitt valprogram vert det understreka at Noreg er eit langstrakt land, at det trengst ulike løysingar ulike stader, og at – hald deg fast – bilen mange stader er det einaste alternativ, og ein difor bør prioritera godt veivedlikehald og trafikktryggleik.

Det finst sjølvsagt dei i miljørørsla, som dei fleste andre stader, som er overivrige i sin bruk av peikefingeren. Men det finst også mange innbilte peikefingrar. I dette høve vart enkelte forbanna av å høyra eit framlegg som handlar om å gje folk ei ekstra gulrot for å gå over frå privatbil til bildelingsordningar og kollektivtransport.

Ei utfordring for grøne parti? Sjølvsagt. Men det er ei utfordring for alle parti, som i åra som kjem vert nøydde å finna løysingar for å omstilla det norske samfunnet.

Ei oppskrift på sinne

MDG sine belgiske søsterparti Groen og Ecolo er sjølvsagt godt nøgde med at miljøsaka i desse dagar til dei grader vert sett på agendaen i belgisk politikk.

Som Christof Vanschoubroek skriv i avisa De Standaard er det likevel eit tveegga sverd for partia. Skal ein ha klimapolitikk som oppnår resultat, må det også ha konsekvensar. Det må kort fortalt verta enklare og billegare å leva miljøvenleg, og dyrare og vanskelegare å ureina. Når dette vert omsett til konkret politikk, får det imidlertid også konkrete konsekvensar, konsekvensar som grip inn i lommebøkene til folk. Den grøne omstillinga vil kosta.

Groen-leiar Meyrem Almaci svarer gjerne på kritikk mot dette gjennom å seia at det vil kosta meir å ikkje gjera noko. Ho seier vidare at klimapolitikken må vera sosial. Ho ynskjer seg forsoning mellom dei gule og dei grøne vestane.

Problemet er sjølvsagt at ein del tiltak vil ramma ulikt. Nokre vil vera enklare å bera dersom ein har mykje å ta av. Nokre vil vera enklare i det heile å få til i byen enn på bygda. Slik er det jamvel i vesle Belgia. Eit skifte frå «raude» til «grøne» skattar kan kanskje vera forlokkande for miljøengasjerte på høgresida. Men då franske president Macron kutta i formueskatten og ville auka drivstoffavgiftene samstundes, fekk det likevel dei gule vestane ut i gatene. Sjølv om den rørsla inneheldt mykje rart: ikkje alt deira sinne var ugrunna.

Fleire og høgare miljøavgifter går dårleg saman med ein politikk som gjev skatteletter til dei rikaste. Det er ei oppskrift på sinne.

Nullsumskatt som løysing?

Både i Noreg og i Belgia vert miljøavgifter og andre miljøtiltak gjerne framstilt som usosiale, men sjeldan som noko anna enn eit retorisk våpen. Kritikarane fremmer ikkje alternativ som faktisk vil fungera betre.

Eit slikt alternativ kan vera såkalla karbonavgift til folket – som inneber at gradvis aukande avgifter på fossile brennstoff vert betalt ut igjen til folk flest. Diverre har MDG og SV vore ganske åleine om å snakka om ei slik løysing i Noreg. Ein Civita-rapport om karbonavgifter som nullsumskatt er rett nok inne på mykje av det same, men der kopla til kutt i inntektsskatt, sidan ein meiner utbetaling i form av ei slags borgarløn vil ha «kraftig politisk slagside». Regjeringserklæringa inneheldt på si side berre eit svakt spor av idéen, i form av auke i den flate CO2-avgifta på fem prosent årleg, men reduserte skatter og avgifter for å letta omstillinga for dei berørte.

I ein annan samanhang har eg skrive at ein bør lytta til dei gule vestane og deira frustrasjon. Eg meiner det. Og det inneber også at eg lyttar til folk som kallar mine partikollegaer for idiotar, og som meiner at eg har røykt sokkane mine. Det gjer eg, sjølv om eg skulle ynskja at dei fann meir folkeskikk og betre argument.

Samstundes bør fleire norske politikarar, og belgiske, lytta til klimademonstrantane, «dei grøne vestane». Det er alvor no. Det er på tide å tenkja lenger enn på korleis ein kan laga retorikk ut av eliteforakt og kjøtkakekjærleik. Det er på tide å tenkja større. Og det er på tide å tenkja nytt. Den utfordringa går til dei store styringspartia her til lands. Høgre. Arbeidarpartiet. Om dei klarer å svara, vil dei kanskje unngå noko av framtidas eliteforakt.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden