DEBATT

Nok eit klagande innlegg om opptak til høgare utdanning

DEBATT: Kanskje me burde auke talet på studieplassar i nokre av dei mest samfunnskritiske yrka, og bli litt meir fleksible i kva me krevje av utdanning for dei som skal jobba i disse yrka.

Publisert

Det verke som me må gjennom same dansen kvar sommar. Opptaket til høgare utdanning blese stille liv i redaksjonar i det ganske land etter den rolege agurktida. Både lokale og nasjonale medium er på ei hissig jakt etter sine lokale stjerneskot som kom inn på «draumestudiet». Dette studiet er i mange tilfelle medisin eller juss. Ingen av disse var underteikna sitt draumestudie, matematikk var, men det får vera ein annan diskusjon.

Korona-kulla er på full veg inn på høgare utdanning, med bøttevis av motivasjon og utan eksamenskarakterar. Ikkje at nokon skal lastast for det. Karakterinflasjon er tross alt noko ein del er godt kjende med på norske universitet og høgskular. Siste års karaktersnitt, eller teknisk sett konkurransepoeng, har igjen nådd nye høgdar. Dette gir årets diskusjon om opptak til høgare utdanning ein pangstart.

Som vanlig kjem det fleire løysingsforslag til korleis ein kan få bukt med diverse problem. Eit problem som ofte dukke opp, er korleis små desimalar avgjer om ein kjem inn eller ikkje. For studie som medisin, juss, odontologi og psykologi er nålauga trongt, og berre dei med aller, aller høgaste karakterar, ofte med bøttevis av tilleggspoeng, kjem inn. Om detta er rettferdig eller ikkje, kan jo alltids diskuterast. Eit anna moment er korleis enkelte brukar mange år og tusenvis av kroner på å ta opp fag for å finna disse siste små desimalane. Om dette er god bruk av samfunnets ressursar får vera opp til dei som vel den vegen.

Ei mogeleg løysing på dette som har blitt føreslått, er å innføra eit lotteri for alle med dei høgaste karakterane. Når så mange er villige til å venta så lenge og bruka titusenvis på å komma inn på disse studia, kjem dei vell til å vera villige til å bruka minst lika mange år på å venta på sitt årlege lodd i medisinlotteriet. Drøfting rundt rettferda ved å erstatta meritokrati med flaks får vera ei oppgåva til lesaren.

Viserektor ved UiO Bjørn Stensaker uttalte til NRK at mangfald bør vera eit viktig element i opptaket. Faktorar ein ikkje kan styra med skal altså vera med å avgjera kven som får gleda med å utføra framtidas koloskopiar. Det er jo ikkje til å stikka under ein stol at det er eit problem om det ikkje finnes mannlege legar, men er opptak basert på stereotypiar vegen å gå? Ein kan jo argumentera for at sånne irrelevante faktorar setter UiOs eigen statistikk over enkeltpersonen si mogelegheit til å ta utdanning. Det er vanskeleg å laga eit system som kun lønne dei som rektoratet ser som «verdige» utan å straffa mange andre.

Dersom ein ser karakterjag problematisk, bør ein jo vakna i kaldsveitte med tanken på kva karakterar ein må ha for å komma inn på «Oslo Vest kvota» på medisin eller juss.

Kva form for mangfald ein ynskje er sjeldan ein del av diskusjonen. Politisk eller meiningsmangfald er det tilsynelatande få i høgare utdanning som er interessert i. Det er kanskje best med dei formane for mangfald som ein lett ser eller høyrer, men som ikkje skapar noko fagleg konflikt. Sånn kan ein vell ikkje ha det?

Kanskje detta mangfaldsproblemet har djupare røter enn høgare utdanning? Fråfallet i vidaregåande skule og standpunktkarakter illustrere same trenden, jenter gjer det betre på videregåande skule enn gutar. Kanskje problemet med kjønnsfordeling bør løysast på skulen? Det hadde nok vore betre bruk av universitetas ressursar å prøva å finna ei løysing på detta.

Det er lite fair play å berre klaga på andre. Eg skal derfor prøva å komma med nokre gode forslag for å børa litt på nokre av disse problema. Sidan underteikna ikkje har noko erfaring med disse «draumestudia», får medisin vera det vilkårleg valde offer for mine forslag. Dei lange køane for å få fastlege illustrere kanskje at det er eit problem med måten disse studieprogramma blir organisert på. Overføringsverdien til andre studiar kan til tider vera tvilsam, men eit forsøk blir gjort.

Alle som har prøvd å tilsetta ein lege, veit kor vanskeleg det er. Det er relativt få medisinarar på utkikk etter nye utfordringar, kanskje spesielt som fastlegar i små kommunar. Kanskje problemet er at det rett og slett er for få som blir utdanna? Diskusjon har rast om «utdanningsmonopolet» UiO, UiB, UiT og NTNU har på bl.a. medisin. Når det er fira institusjonar, er det vell teknisk sett eit «utdanningsoligopol» det er snakk om. Kor i evangelia det står at Vår Herre berre skjenka Noreg fire studiestadar for medisin har ikkje underteikna klar å finna, og ein referanse hadde vore til hjelp.

Argumentet som blei brukt mot UiS, var storleik på fagmiljø. Dette argumentet verkar relativt vilkårleg, for å sei det forsiktig. Kor stort må eit fagmiljø vera for at ein kan tilby profesjonsstudie i medisin? Som tidelegare student ved UiO freistar det nesten å argumentera at UiB, UiT og NTNU blir for små, kun hovudstaden kan vell ha stort nok miljø for helse til å kunne tilby ei skikkeleg utdanning! Ein kan samstundes argumentera for at berre ein by med Høgsterett og Justisdepartement kan ha stort nok juridisk miljø til å utdanna juristar. Diskusjonen om at Høgsterett og departement burde ligga i Bergen skal lesaren sparast for i denne teksten.

Viss det blir for smalt å utdanna legar innanlands, så kan ein vell kanskje vurdera å senda fleire ut. Norske studentar i Ungarn har vore eit fenomen i mange år. Organa til ein nordmann eller ungarar er vell ikkje så forskjellig frå ein kanadiar eller indar?

Kanskje heile det norske utdanningssystemet er for rigid? Det er tross alt litt overlapp. Kvifor finnes det då ikkje ein måte å vidareutdanna seg til å bli lege? Eg er ikkje noko ekspert, men det må då vera litt overlapp mellom sjukepleie, farmasi, biologi og medisin? Det hadde kanskje vore ein veg for mange av dei som i dag vel å bruka mange år på å sanka alderspoeng. La dei begynna med sjukepleie, prøva seg litt på feltet, også lær dei det dei treng for å få autorisasjonen sin. Kanskje dei til og med spare nokre år.

Eg skal ikkje lata som at detta er ein enkel fasit som kan implementerast og løysa alle tenkelege og utenkelege problem. Dette er kanskje heller eit løysingsforslag til underhalding og inspirasjon. Det eg ynskjer at lesaren skal ta med seg, i tillegg til litt landsmål, er at kanskje me burde auke talet på studieplassar i nokre av dei mest samfunnskritiske yrka, og bli litt meir fleksible i kva me krevje av utdanning for dei som skal jobba i disse yrka. Fråfall i høgare utdanning får me ta ein anna dag.

Powered by Labrador CMS