Intervju

Ikkje god Høgre-politikk

INTERVJU: Høgres programkomité vil fjerne retten til tilsvar på eiga målform. – Det er ikkje vond vilje, men fleirtalet forstår ikkje mindretalet sin språksituasjon, seier leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård.

Høgres programkomité vil fjerne retten til tilsvar på eiga målform. Det er ikkje vond vilje, men fleirtalet forstår ikkje mindretalet sin språksituasjon, seier leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård.

18 september la programkomiteen i Høgre fram sitt forslag til Stortingsprogram for perioden 2013 – 2017, kalla «Nye idear – betre løysningar». Blant sakene som fekk mest merksemd var forslaget om å fjerne retten til å få tilsvar på eiga målform frå ein statstilsett. Programkomiteen foreslår å erstatte dagens rett med «ein rett for tilsette i staten og språknøytrale kommunar til å nytte si eiga målform». Altså ein rett til å nytte sitt eige språk, men ikkje til å få svar på det. Programmet skal no behandlast internt i partiet, og mykje kan enno skje før det skal røystast over i mai på Høgres Landsmøte.

Ein av dei som gjerne tek debatten, er Høgre-medlem og leiar av Noregs Mållag Håvard B. Øvregård.

Kva er det eigentleg Høgre vil her?

– Nei, det er ikkje heilt klart for meg kva dei meiner med dette. Høgres programkomité seier dei vil fjerne krav om tilsvar på eiga målform. Men kva om ein statstilsett skriv på bokmål til ein nynorskkommune, eller omvendt, og dette skal formidlast vidare til innbyggarane i kommunen som forventar å få informasjonen på den målforma kommunen har vald. Då må desse kommunane bruke ekstra ressursar på å omsetje informasjon frå staten. Sidan det er fleire i staten som heller skriv bokmål enn nynorsk, er det særleg nynorskkommunar og nynorskbrukarar som vil tape på programkomiteen sitt framlegg. Framlegget er ei belastning for nynorskkommunar, ei svekking av nynorskbrukarane sine rettar og ei undergraving av nynorsk som statsspråk. Eg trur ikkje dette var intensjonen til programkomiteen.

Men når ein av tre går ut av den vidaregåande skulen utan å kunne lese og skrive skikkeleg, kvifor skal vi halde fram med å lære ungane våre to språk og tvinge statstilsette til å kunne bruke begge?

– Å lære to ulike språk, eller målformer om du vil, gjev alle barn ein ekstra verdi. Internasjonal forsking er tydeleg på verdien av å lære fleire språk. Ei EU-studie frå 2009 peikar på seks område der fleirspråklegheit verkar å gje ein fordel: læring generelt, kompleks tenking, mental fleksibilitet, mellommenneskeleg kommunikasjon og seinare reduksjon i mentale evner ved høg alder.

Øvregård legg til at Europarådet sin rapport om språklæring i Noreg tydeleg seier at den norske tospråksituasjonen med nynorsk og bokmål, er ein styrke.

– Dei oppsummerar det slik: ”there exists in Norway a rich potential for the development of policies which promote plurilingualism in individuals because, although they are largely not aware of it and value it little, Norwegians are plurilingual already.”

Pugg mindre, skriv meir
Men nynorsken døyr jo? Er ikkje Høgre berre realistiske i debatten?

– Nynorskens snarlege død har vore varsla sidan språket vart fødd, men aldri før har det vore skrive så mykje nynorsk som no. Det var eit politisk prosjekt i over 50 år på 1900-talet å slå saman desse to språka, men ein har no gitt opp det prosjektet. Eg synest det er litt rart å høyre liberale menneske i Høgre og Unge Høgre seie at “det hadde vore mykje lettare med berre eitt språk”. I mine øyre seier dei då at det hadde vore så mykje lettare om nynorsk ikkje fanst. Det er å seie at «kvifor skal ikkje vi alle bruke fleirtalets språk når det er så mykje lettare?».

Er det ikkje vanskeleg å vere Høgre-mann når du er så ueinig med partiet i målsaka?

– Sjølv om eg er Høgre-medlem og ganske klar på mitt eiget politiske standpunkt, så meiner eg diverre at det er god grunn til ikkje å ha spesielt god tillit til partiet i saker som gjeld nynorsk. Programkomiteen seier at dei vil redusere retten og plikta til å lære seg, og å møte, nynorsk. Ein kan ikkje på den eine sida seie at ein er oppteken av nynorsk slik Bent Høie og Torger Ødegaard gjer når dei seier at dei liker dikt på nynorsk og Tarjei Vesås, men likevel ynskje å ta frå oss nynorsken. Dette handlar om norsk kulturarv, og å sikre retten for alle til å kunne både uttrykke seg på og møte sitt eige språk.

Høgre har diverre brukt meir tid på å brenne nynorskbøker enn på å forbetre norske lærarar sin kompetanse og auke elevane sitt engasjement for og forståing av språket.

Kva burde Høgre heller gå inn for?

– Eg vil at vi skal teste alle lærarar når dei er ferdige på lærarutdanninga for å sjekke at dei er gode nok til å undervise i og på nynorsk. I Høgre seier vi at vi vil ha betre lærarar, og det er fullt mulig. Men då må vi heve kompetansen deira. Vi må også gjere sidemålsopplæringa til meir enn å pugge grammatikk. Det er mykje viktigare at elevane skriv meir på språket, så dei opplever meistring. At dei får prøve seg fram med nynorsken sjølv og ikkje blir sitjande der å bøye «ein gut – guten – fleire gutar – alle gutane».

Øvregård legg til at han meiner Unge Høgre hadde eit godt forslag på Høgres Landsmøte i fjor. Dei foreslo to obligatoriske framandspråk fra og med 1. trinn på barneskulen, med bakgrunn i at det er lettare å lære språk dess yngre ein er.

– Ein konsekvens av dette, er at ein begynner med sidemål tidligare. Men Unge Høgre reiser i staden rundt på norske vidaregåande skular og skryt av at dei skal gjere eit språk i skulen valfritt: «vi vil du skal sleppe eit fag – nynorsk». Det er desverre effektivt stemmefiske i møte med skuletrøytte elevar, men det er ikkje god Høgre-politikk å seie korkje «jobb mindre», «yt mindre» eller «lær mindre».

– Kva viss språket mitt var borte som statsspråk?
Kvifor skaper målsaka så stor debatt? Finst det eit «nynorskhat» der ute?

– Nynorsk skapar ikkje det same sinnet i dag som det gjorde før. Nordmenn er blitt mykje meir tolerante, og det går betre på alle område, unntatt i Høgres og FrPs politiske program. Det nynorskhatet som eksisterte i gamle dagar, er ikkje kult lenger. Men Høgre har diverre brukt meir tid på å brenne nynorskbøker enn på å forbetre norske lærarar sin kompetanse og auke elevane sitt engasjement for og forståing av språket. I ei undersøking frå TNS Gallup i 2006 kom det fram at om ein startar opp med obligatorisk sidemålsundervisning tidligare, i åttande klasse, så blir elevane mindre negative til nynorsk. Det er heilt klart samanheng mellom haldningane og meistringskjensla elevane sit med.

Kor kjem det moderne argumentet mot nynorsk frå?

– Det nye argumentet mot nynorsk er ikkje vond vilje sånn som det ein gong var, men enkelt og greitt at fleirtalet ikkje forstår mindretalet sin språksituasjon. Om Høgre går inn for å fjerne rett til tilsvar på eige mål, er dette eit stort steg i retning av å drepe nynorsk som offisielt statsspråk. Nynorsken, ein ev dei viktigaste norske identitetsfaktorane, vil bli berre eit regionalt og lokalt administrasjonsspråk.  Eg er sikker på at om sidemålet blir gjort valfritt i skulen, så vil ein undergrave nynorsk fullstendig som nasjonalt språk. Kva viss språket mitt var borte som statsspråk? Det hadde vore praktisk, tenkjer dessverre mange. Eg trur ikkje Høgres programkomité ynskjer å utrydde nynorsk, men eg trur heller ikkje at dei forstår mindretalet sin språksituasjon. Dei forstår ikkje at mindretalsspråk må staten aktivt ta vare på for å behalde.

 – Det dei ynskjer er vel berre å gjere det lettare for norske elevar å blir ordentleg gode på eit språk?

 – Elevane vert ikkje betre i eitt språk av å sleppe det andre, dei vert tvert om betre i hovudmål av å også lære sidemål. I tillegg er den norske språsituasjonen med nynorsk og bokmål som jamstilte offentlege målformer ei påminning på det mangfaldet vi har i landet. Eit mangfald i geografi, i dialektar, og altså – i språk. Erkjenninga av mangfaldet er jo nettopp det som har bunde dette landet saman i alle år, “By og bygd, hand i hand”. Problemet hadde vore om det ikkje var mogeleg for alle å lære sidemål, men i dag veit vi kva som kan gjerast for å ordne “sidemålsproblemet”, korleis elevane skal lære meir, ikkje mindre. Dersom ein hadde auka norske lærarar sin kompetanse på nynorsk, innført sidemålsfaget tidligare, pugga mindre gloser og eksperimentert meir med språket, hadde det ikkje vore noko problem for norske elevar å lære seg to målformer. 

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden