Fra papirutgaven

Krigen som ikkje lèt seg vinne

FRA PAPIRUTGAVEN: Ein epidemi av drap har råka landa mellom produsentar og brukarar av kokain. Kvifor drøftar me ikkje konsekvensane av krigen mot kokain?

FRA PAPIRUTGAVEN: Ein epidemi av drap har råka landa mellom produsentar og brukarar av kokain. Kvifor drøftar me ikkje konsekvensane av krigen mot kokain?

Denne artikkelen er opprinnelig publisert i Minerva 4/11. Bestill Minervas papirutgave her.

I august 2010 vart ei stor gruppe emigrantar på veg nordover mot USA stansa av tungt væpna bandittar i delstaten Tamaulipas i Mexico. Dei vart tekne til ein avsides stad i småbyen San Fernando, der dei fekk eit ultimatum: Dei måtte velje mellom å smugle narkotika inn i USA eller å verte skotne. Migrantane var ærleg arbeidsfolk, på jakt etter ei framtid i USA, så dei nekta å samarbeide med narkogjengane. Nokre timar seinare vart lika til 72 skotne og mishandla menneske funne, og bileta, for grufulle til å kunne skildrast i ord, kom i aviser og fjernsyn, også her i Noreg. For oss   var det eit kort glimt inn i skuggesidene av krigen mot kokain.

President Felipe Calderón i Mexico forstod raskt samanhengen. I ei pressemelding hevda han at årsaka til massakren var krigen mellom to ”kartell”, ”Los Zetas” og ”el cartel del Golfo”, om kontrollen over transportårer for kokain og marknader for sal. ”Dei bruker utpressing og kidnapping som mekanismar for finansiering og rekruttering”, hevda han. President Calderón valde å tolke den aukande valden dei siste fire—fem åra som eit symptom på at krigen mot kokaingjengane byrja å verke; når krybba er tom bitest hestane. Få andre var like optimistiske.

Narkotikadebatten på Minervanett: Les også “Gammel narkotikapolitikk møter ny kunnskap” av Ole Røgeberg

Fleire årsaker til valdsepidemi
Denne hendinga er interessant av fleire grunnar: For det fyrste fordi ho i all si gru er så typisk. Ho representerer ein valdstrend i ein region som strekkjer seg frå Mexico sørover gjennom Mellom-Amerika til Andes. Den same trenden er også synleg i delar av Karibia. Desse områda har til felles at dei ligg på vegen mellom dei som gjerne kjøper kokain (dei største marknadene, i alle fall), og dei områda der folk gjennom fleire tusen år har dyrka koka til kvardagsleg og religiøs bruk.

For det andre illustrerer ho korleis fleire mekanismar grip inn i kvarandre og underminerer samfunnsinstitusjonar. For det tredje demonstrerer ho kor hjelpelaust det mexicanske rettssystemet eigentleg er mot desse øydeleggingane. President Calderón skulda ”Los Zetas” for å stå bak. Det spesielle med ”Los Zetas” er at organisasjonen vart danna av spesialtrena styrkar frå hæren og politiet, spesialistar på våpenbruk og militær strategi. Det er ikkje noko særtilfelle. Ei lang rekkje drap og andre valdshandlingar har vorte knytte direkte til enkeltpersonar eller heile grupper i politiet og dei andre sikkerheitsstyrkane. Enda alvorlegare er avsløringane av at dei kriminelle organisasjonane og gjengane samarbeider og får hjelp frå byråkratar, politikarar og dommarar på ulike nivå.

I Mexico reknar ein med at minst 40 000 har mista livet som direkte konsekvens av krigen mot kokain sidan president Calderón starta sin offensiv for fem år sidan. I Mellom-Amerika er talet på drap i høve til folketalet omkring tre gonger så høgt som i Mexico.

For det fjerde viser ho korleis heimlanda til migrantane vert bundne saman i eit fellesskap av sorg og medkjensle, medan andre delar av verda kollektivt synest ute av stand til å kjenne noko djupare enn nysgjerrig sensasjonshunger i møte med slike bilete og forteljingar som me fekk sjå og høyre etter massakren i San Fernando. Dermed kan hendinga også fungere som utgangspunkt for ein refleksjon over kvifor og korleis det kan ha seg at me no har ført krig mot kokain i minst fire tiår utan at sjølve strategien, bruken av krig som middel og metafor, kjem under kritisk refleksjon og diskusjon i ei brei offentlegheit her i Noreg og andre stader der premissane for krigføringa vert lagde.

Narkotikadebatten på Minervanett: Les også “Dissidentene på Løvebakken”

Eg kunne ha valt andre, men like sterke og forteljande døme som utgangspunkt: I Guatemala forsvann ein heil buss full av reisande frå nabolanda i sør for eit års tid sidan. Då bussen endeleg vart funnen igjen, var alle om bord drepne. I El Salvador og Honduras har det fleire gonger kome til regelrette krigar mellom ulike gjengar, ofte, men ikkje alltid, knytte til narkohandelen i dei overfylte fengsla, med meir enn hundre drepne som resultat, mange brende i hel levande. Det er ikkje mangel på valdsepisodar. I Mexico reknar ein med at minst 40 000 har mista livet som direkte konsekvens av krigen mot kokain sidan president Calderón starta sin offensiv for fem år sidan.

Likevel er det viktig å leggje merke til at valden og problema er enda verre andre stader i regionen enn i Mexico, til dømes i Guatemala, Honduras, på Trinidad og på Jamaica, for å nemne nokre stader. I Mellom-Amerika er talet på drap i høve til folketalet omkring tre gonger så høgt som i Mexico.

Eg trur dessutan at eit liknande resonnement kan førast i spora etter heroinhandelen og kampen mot opiumsproduksjon i Asia. Det er altså naudsynt å tenkje igjennom konsekvensane av tiltaka mot misbruk av narkotika og dei konsekvensane det får i land utafor Europa og USA.

Er eit fellesskap med empati mogeleg?
Me veit mykje om hendinga i San Fernando fordi ein av migrantane, ein ung mann frå Ecuador på reise for å finne ein slektning i USA, overlevde med alvorlege skotskadar. Han kunne fortelje om dei avgjerande minutta då migrantane nekta å gjere som narkobanden sa. Me veit enda meir fordi dei døde kroppane naturlegvis vart sende heim, der dei vart tekne imot av sørgjande familiar, lokale politikarar og pressefolk i Guatemala, El Salvador, Honduras og andre stader.
Familiane fikk fortelje sine historier til aviser og fjernsyn. Det kom ein straum av historier om sorg og sakn som me her i Noreg sikkert berre kan forstå dersom me samanliknar med det som skjedde dei fyrste vekene etter Utøya.

Narkotikadebatten på Minervanett: Les også “Fri flyt” av Christopher Nielsen

Drapa i San Fernando batt saman lesarar og sjåarar frå Ecuador i sør til Mexico i nord i medkjensle og sorg. Men hendinga illustrerer også kvar grensene for medkjensla går. Medan fjernsyn, radio og aviser i Latin-Amerika fekk fylgje dei døde og familiane gjennom sorg og refleksjon, og gav høve til ettertenksam empati og det som mediefilosofen Franco Berardi kallar kollektiv re-komposisjon, endar medieforteljingane om San Fernando i Europa og USA stort sett med sjokk og forvirra undring (Berardi 2011). Neste dag har tanken vorte avbroten av nye sjokk og ny forvirring over noko anna ein annan stad.

Etter massakren i San Fernando gjekk det heller ikkje så bra med nokre av etterforskarane som freista å finne ut kva som verkeleg hadde skjedd. To etterforskarar vart drepne nokre veker etterpå. Media i Mexico må samstundes i aukande grad unngå gravande journalistikk om krigen mot kokain. Mexico er eit av dei farlegaste landa i verda for journalistar, ifylgje Committee to Protect Journalists og andre som arbeider med slikt. For å forstå dei djupare mekanismane bak narkovalden er me heilt avhengige av gravande journalistar. Dei har vist oss korleis skadeverknadene spreier seg gjennom samfunnsinstitusjonane, etter kvart som dei kriminelle gjengane bruker overskota sine til å kjøpe politifolk, dommarar, byråkratar og politikarar.

Men mange land og regionar har gått igjennom liknande økonomiske moderniseringsprosessar utan at det har ført til gjengar, kriminelle organisasjonar, emigrasjon og vald. Det er berre ei årsak som har kraft til å forklare kvifor alle desse mekanismane til saman har ført regionen inn i det uføret som no rår: krigen mot kokain.

Moderniseringsprosessar
For å forstå samspelet mellom kokain og vald i Mexico og elles i Latin-Amerika lyt me nyste litt i fleire av trådane som kanskje kan gje oss innsikt i årsakene bak massakren i San Fernando. Dei fleste av landa som er hardast råka av valden knytt til kokainhandelen, har lange historier med ulike former for autoritære regime. Fleire har gått igjennom lange periodar med borgarkrig, militærdiktatur og systematiske brot på menneskerettane. Det vart i desse periodane etablert nettverk og uformelle maktstrukturar i hær, politi, domstolar osv. I tillegg har krigane sett djupe psykiske spor hjå mange menneske, noko som også bidreg til bølgja av valdeleg kriminalitet som har råka landa dei siste åra.

Samstundes har særleg Mexico, men også Mellom-Amerika, freista å omstrukturere økonomien sin i rask takt. Marknader er opna, matvarer kan importerast friare enn før, prisane fell, og mange bønder har mist livsgrunnlaget. Dermed har migrasjonen frå landsbygda til byane skote fart, utan at det har løyst problema for dei som jaktar på fast arbeid. Det vert skapt altfor få arbeidsplassar i den formelle delen av økonomien, noko som igjen har vore med på å setje fart i migrasjonen nordover mot USA.

Narkotikadebatten på Minervanett: Les også “En modell for statlig regulering” av Eva Magdalena Stambøl

Ingen veit nøyaktig kor mange frå Mexico og Mellom-Amerika som bur og arbeider i USA, men det er mange millionar. Den samla verdien av pengane desse migrantane sender heim til familiane sine, er den viktigaste kjelda til inntekter for dei mindre mellomamerikanske republikkane.

Samstundes har den intense migrasjonen nokre alvorlege negative fylgjer som er relevante for å forstå framveksten av kriminelle nettverk og gjengar. Til dømes veks mange barn og unge no opp i byane utan jamleg kontakt med ein eller begge foreldra, som kanskje har reist til USA for å arbeide. Dei tradisjonelle banda mellom slekt og vener var ofte tette, særleg på landsbygda, men i dag, i raskt veksande byar, har barn og unge ofte liten eller ingen vaksenkontakt. Mange lèt seg då freiste av dei sterke banda mellom medlemmene av gategjengar som har spreidd seg raskt. Dei lever i utkanten av kokainproblemet, men sikrar seg inntekter gjennom småsal av narkotika, utpressing og annan småkriminalitet. Styresmaktene har vore ivrige etter å leggje skulda for den generelle valden på desse gjengane, sjølv om dei berre står for ein del av valden og ein liten del av narkohandelen. Likevel høyrer dei heime mellom dei mange årsakene som til saman har ført til valdsproblemet i regionen.

Men mange land og regionar har gått igjennom liknande økonomiske moderniseringsprosessar utan at det har ført til gjengar, kriminelle organisasjonar, emigrasjon og vald. Det er berre ei årsak som har kraft til å forklare kvifor alle desse mekanismane til saman har ført regionen inn i det uføret som no rår: krigen mot kokain.

Kokahistorie
Urfolk i Colombia, Ecuador, Peru og Bolivia har dyrka koka i fleire tusen år. Blada vart brukte som eit mildt stimulerande middel i både sosiale og religiøse samanhengar. Både produksjon og bruk var viktige delar av kulturane i regionen, og er det i stor grad enno. Statusen til kokabladet endra seg dramatisk på 1950-talet, då ekspertar frå FN peika på tygging av kokablad som ei viktig årsak til fattigdommen mellom urfolk i regionen. Det var på mange måtar ein logisk konklusjon; men det var også ein konklusjon som høvde godt for dei rike landa. Ein såg vekk ifrå viktige nyansar, og peika ut ein passande syndebukk.

Det var veksten i bruken av kokain i rike land utover på 70- og 80-talet som for alvor intensiverte kampen mot koka. Bruk av kokain er noko heilt anna enn bruk av kokablad. Medan tygging av kokablad er mildt stimulerande, høyrer kokain til ein heilt annan kategori. Gjennom ei rad kjemiske prosessar vert verkestoffa i kokabladet destillerte fram. Skadeverknadene er også av ein heilt annan karakter enn når det gjeld tygging av kokablad, særleg på lengre sikt. Men på kort sikt gjev kokain ei kjensle av styrke og klårheit, noko som verkar tiltrekkjande på brukarar frå mange lag av samfunnet. Bruken mellom ”vellukka” menneske i næringsliv, kunst, kultur og akademia voks i periodar raskt.

Les Nils August Andresens leder til nummeret “Legaliser Narkotika”

Bruken av krigsmetaforar i kampen mot kokain byrja vel eigentleg allereie på slutten av 60-talet i USA, men skaut for alvor fart utover på 80-talet med presidentane Reagan og Bush. Årsaka var at eit nytt produkt laga av kokain, crack, kom på marknaden. Crack gjorde brukarane raskt avhengige og ofte både ustabile og valdelege. Løyvingane til tiltak for å hindre at kokain kom fram til brukarane, auka raskt, samstundes som ein stendig større del gjekk til militære tiltak i utlandet. Krigen mot kokain vart noko meir enn berre ein måte å snakke på.

Diverre var det ikkje ein konsistent politikk — kampen mot kokain måtte vike når andre interesser stod på spel, til dømes ”krigen mot kommunisme”.   Samstundes som amerikanske styresmakter trappa opp krigen mot kokain enkelte stader, samarbeidde dei med ei rad kokainsmuglarar av politiske årsaker, til dømes sentrale medlemmer av Contras i Nicaragua og den tidlegare presidenten i Panama, Manuel Noriega (Albert 1993). Det medverka til å underminere legitimiteten til krigen mot kokain mange stader i Latin-Amerika.

Krigen mot kokain kan ikkje vinnast så lenge ein ikkje kan stole på dei som skal utkjempe krigen.

Kva er årsakene til at krigen ikkje lèt seg vinne?
Også relativt konservative amerikanske tankesmier har lenge reist tvil om strategien bak krigen mot narkotika. RAND, til dømes, har gjennom fleire tiår hevda at tiltak for å hindre tilgang til narkotika må spele ei underordna rolle i ein effektiv strategi mot misbruk. Andre tiltak, som rehabilitering og førebygging, er ifylgje RAND meir effektive.

Likevel har krigsmetaforen fått spele ei spesielt viktig rolle etter kvart som ein stendig større del av innsatsen har fokusert på tiltak som fyrst og fremst ser narkotikamisbruk som eit kriminelt problem, gjerne knytt til nasjonale utanrikspolitiske interesser. Ifylgje RAND er strategien så lite vellukka at han må ”revurderast”.

Andre er langt meir kritiske. The Washington Office on Latin America meiner at ”The U.S.-led war on drugs has failed to suppress illicit drug production or trafficking, while harsh drug laws have led to human rights abuses, overcrowded prisons and threats to democratic institutions”. Likevel hevdar United Nations Office on Drugs and Crime at det finst nokre lyspunkt (UNODC 2011): Etter ein lang periode med fleire og større beslag av kokain globalt har volumet stabilisert seg dei siste åra. Det vert også sagt at utviklinga i Colombia viser at krig mot kokain kan nytte (Mejia & Posada 2008). Likevel er det grunn til å vere kritisk til dei mest optimistiske vurderingane til UNODC. Det har vorte ein tradisjon at dei i sine rapportar meiner å sjå eit lys i enden av tunnelen. Slik har det vel vore heilt sidan dei på slutten av 90-talet byrja å produsere årlege rapportar som summerer opp situasjonen og kjem med framlegg om kva som kan gjerast.
Etter 40 år med krig mot kokain må me konkludere med at det har synt seg bortimot umogeleg å halde nede kokainproduksjonen og kokainhandelen med repressive tiltak.

Desse økonomiske mekanismane har gjort det nærast umogeleg å få til langvarig reduksjon av kokainproduksjonen. Kvar gong krigen ser ut til å lukkast, til dømes i Colombia, skaper det sterke incentiv til å auke produksjonen i Bolivia eller Peru. Det er derfor The Economist omtaler det som ballongeffekten: Når du klemmer ein stad, bular det ut ein annan. Det står alltid nokon klar til å ta over marknader når andre vert drepne eller arresterte.

I dag står me dessutan overfor resultata av langvarige reinvesteringar av inntekter frå handel med kokain i dei lokale økonomiane. Kvart år fører dei kriminelle organisasjonane ein stad mellom 100 og 200 milliardar kroner ut av USA. Desse ressursane vert investerte i lokalt næringsliv og i eigedom, i tillegg til det som vert brukt på å bestikke politi, hær, rettsvesen og politikarar. Inntektene frå sal av kokain er større enn heile bruttonasjonalproduktet til fleire av dei mellomamerikanske statane. Det skal ikkje mykje fantasi til for å forstå korleis ein slik straum gjennom 20 — 30 år påverkar og formar alle sider ved samfunna. Krigen mot kokain kan ikkje vinnast så lenge ein ikkje kan stole på dei som skal utkjempe krigen, han lèt seg ikkje vinne om ein ikkje veit om hær, politi og rettsvesen er på den eine eller andre sida.

Kvar er diskusjonen om krigen mot kokain?
Valden i Mexico har globale årsaker knytte til måten me fører krig mot kokain på. Den svarte økonomien og korrupsjonen underminerer strategien om krigføring mot kokain når inntektene frå kokainsal vert brukte til korrupsjon eller reinvesterte i produsent- eller transittland.

Det er nettopp dette samspelet mellom slike globale mekanismar som gjer at nasjonalt forankra debattar med fokus på nasjonale interesser produserer så mangelfulle ”løysingar” på narkotikaproblemet. Difor er det naudsynt å leite etter ei forklaring på kvifor globale samanhengar er så lite synlege når narkotikaproblem vert diskuterte offentleg, til dømes i media.

Det vil kanskje ikkje overraske nokon at eg, som er lærar i journalistikk, trur at journalistar og media spelar ei rolle her. Det er vel kjent at media likar å setje nyhende frå utlandet inn i eit heimleg perspektiv, noko som gjer det lettare for lesarar og sjåarar å identifisere seg med dei som sakene dreier seg om. Journalistiske forteljingar er som oftast djupt forankra i norsk kultur og norske nasjonale perspektiv.

Det er ikkje berre av det vonde — norske, journalistiske forteljingar om narkotika har ofte omsorga for offeret, misbrukaren, i fokus. Kva kan gjerast for at ikkje fleire må lide på same måte? Motstykket til offeret er den skuldige, den ansvarlege, den som sel eller smuglar narkotika. Mykje offentleg debatt om narkotika tek utgangspunkt i narkotika som eit kriminelt problem, som fyrst og fremst må løysast av politi, domstolar og fengselsvesen. Desse to hovudrammene for journalistiske forteljingar og offentleg debatt har ein tendens til å fortrengje andre perspektiv. Dermed vert globale samanhengar nærast usynlege. Det er ein fare for at journalistikk reproduserer det me trur me allereie veit, men som ikkje er nok til å forstå nye, globale problem.

Dekninga av Mexico er for det fyrste lita. Ho ser for det andre ikkje ut til å vekse i særleg grad. For det tredje handlar mykje mest om turisme, kultur og fotball — det vert laga lite som kan gje innsikt i globale årsaker til valden. Valden vert mest av alt redusert til spektakulære episodar, springande fortalde, utan naudsynt informasjon for å reflektere vidare over årsaker og samanhengar.

Slik var det også med massakren i San Fernando. Massakren vart ein ny episode i ei lang rekkje lausrivne episodar, der ny informasjon eigentleg ikkje fører til noka djupare innsikt, men berre er nye variasjonar over skildringar me har høyrt før, men som i seg sjølve gjev lite rom for innleving eller empati. Ofra er hovudlause, mishandla, hengande opp-ned frå ei bru. Ja visst, men kven var dei, kven var glad i dei, kva drøymde dei om? Korleis kan dei verte noko meir enn grufull statistikk?

Den episodiske forteljarforma står i kontrast til dekninga av Mexico og Mellom-Amerika. Der møter me sorgtunge mødrer som knugar bilete av drepne søner og døtrer i hendene medan dei fortel om kven desse ofra var, kjærastar som lurer på korleis livet skal kunne gå vidare utan dei som er   borte, og born som sikkert ikkje heilt er i stand til å førestelle seg kva som har skjedd. Det er historier og forteljingar som gjev innsikt og stimulerer til refleksjon. Dei kan vere med på å produsere eit globalt fellesskap som er naudsynt for å tenkje systematisk rundt globale årsaker og verknader.

Fleire døyr no i krigen mot kokain i Mexico og Mellom-Amerika enn i krigane i Irak og Afghanistan.

Ein nasjonalt avgrensa empati
Valden i Mexico, Mellom-Amerika og Karibia konfronterer oss med eit dilemma: Krigen er i seg sjølv så skadeleg at me må revurdere tiltaka. Fleire døyr no i krigen mot kokain i Mexico og Mellom-Amerika enn i krigane i Irak og Afghanistan. Valden er enno meir intens i nabolanda lenger sør. I kampen for å redusere misbruket av kokain kan me ikkje hevde at målet helgar middelet.

Les også «Å redusere lidelse»

Valden og dei andre samfunnsproblema krigen mot kokain fører til, lèt seg ikkje løyse lokalt eller regionalt. Dei krev ei globalt forankra revurdering av tiltaka i kampen mot narkotikamisbruk. Det beste Mexico kan håpe på, er å tvinge ein del av problemet til ein annan stad, kanskje eit anna land.

Narkotikapolitikken her heime er forankra i ein nasjonalt definert rasjonalitet og ein avgrensa empati. Deliberasjon går føre seg innafor rammer som stengjer ute mekanismar og krefter som er avgjerande for å forstå narkotikahandelen. Det sperrar for ein naturleg rekonfigurasjon av fellesskapet, ei ny forståing av kven ”vi” er, eller det som filosofen Gilles Deleuze kalla ”subjektivisering”. Eit globalt fellesskap er naudsynt for å kunne reflektere heilskapleg over korleis tiltaka våre heng saman med globale årsaker og verknader. Krigen mot narkotika er underminert av globale fylgjer som ligg utafor det som er synsfeltet i den nasjonale offentlege debatten.

Referansar

Albert, S. (1993). The case against the general : Manuel Noriega and the politics of American justice. New York: Scribner.
Berardi, F. (2011). After the Future. Oakland: AK Press.
Mejia, D., & Posada, C. E. (2008). Cocaine Production and Trafficking: What Do We Know? : World Bank.
Rodríguez, R. R. C. (Ed.). (2010). 25 años de investigación. El México Narco. Mexico: Editorial Planeta.
Thoumi, F. E. (2003). Illegal drugs, economy and society in the Andes. Washington, D.C.
Baltimore: Woodrow Wilson Center Press.
United Nations Office on Drugs and Crime. (2011). World Drug Report 2011. Vienna

  • Roy Krøvel (f. 1964) er Phd i historie med avhandling om Mexico. Han har publisert flere bøker og artikler om krig og konflikt, blant annet Kokainkrigen. 20 år av en velsignet forbannelse, Tapir 2004. Krøvel er også sivilingeniør med sikkerhet og risikoanalyse som spesialfelt.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden