Bøker

Kven er dei identitære?

Muslimske innvandrarar vert av dei identitære sett på som ei slags invasjonsstyrke, skriv Øyvind Strømmen.

Bilde: Youtube

Den identitære rørsla rettar seg ofte mot islam, men er vel så mykje anti-konservativ og anti-liberal.

NY BOK

  • The Identitarians: The Movement against Globalism and Islam in Europe
  •  Jose Pedro Zuquete
  • 2018

På ein gamal plakat frå den høgreradikale studentgruppa GUD – som vart etablert i 1968 – kan ein sjå ei svart rotte, som står med ei sleggje i hendene. «Velkomen til Europas fiendar», står det over – i raude bokstavar, ved sidan av ein variant av den keltiske krossen som er kjend frå høgreradikale krinsar.

På bakken under rotta kan ein sjå ulike symbol på det moderne Amerika, knust i fillebitar. Der ligg Fridomsgudinna, ein MacDonalds-logo og hovudet til onkel Skrue.

Den svarte rotta er fortidas «Pepe the Frog». Det var den franske musikaren og teiknaren Jack Marchal som gav unge høgreradikalar eit nytt symbol, gjennom teikneserien Les Rats Maudits (Dei forbanna rottene), der heltane – høgreorienterte rotter – støyter saman med sine venstreorienterte motstandarar.

Marchal var sjølv aktiv ytterst på den franske høgresida, i både GUD, Occident og Ordre Nouveau. Han var tidleg også involvert i Front National, og sidan i utbrytarpartiet Parti des forces nouvelles.

Eigentleg var rottekarakterane noko av eit tjuveri, akkurat som Pepe, knabba frå den belgiske teikneserieskaparen si svarte rotte Anthracite i teikneserien Chorophylle.

Eg kom til å tenkja på den svarte rotta medan eg las den portugisiske statsvitaren José Pedro Zúquete si nye bok The Identitarians: The Movement against Globalism and Islam in Europe, som kom ut nyleg.

Sjølv om Zúquete skriv om ei relativt ung høgreradikal, rørsle, som særleg har gjort seg gjeldande i det fransk- og det tyskspråklege Europa er det nemleg ikkje vanskeleg å kjenna att dei identitære si tenkning.

Den har djupe røter attende i den franske nouvelle droite-rørsla, og endå lenger enn det, til tilhengjarane av ein konservativ revolusjon i Weimar-Tyskland. Zúquete siterer Pierre Vial, som i 1994 grunnla rørsla Terre et Peuple (Jord og folk): «Det tyske ordet völkisch skildrar Terre et Peuple si doktrine perfekt».

Eit solid overblikk

Det er frå før lite akademisk litteratur tilgjengeleg om den identitære rørsla, og endå mindre på engelsk. På tysk finst rett nok Die Identitären: Handbuch zur Jugendbewegung der Neuen Rechten in Europa, men den er skrive med eit klårt aktivistisk utgangspunkt. Zúquete si bok er i større grad ein freistnad på å forstå den franske identitære rørsla, italienske Casa Pound og ulike avleggjarar slik dei forstår seg sjølv.

Boka hans er skrive med eit imponerande solid kjeldetilfangpå ulike europeiske språk, og gjer då også eit solid overblikk.

Slik Guillaume Faye, ein viktig ideolog for den identitære rørsla, seier det, har verdiar som «mot og virilitet» blitt svekka til fordel for «feministiske, framandelskande, homoelskande og humanitære verdiar».

Kva er dei identitære? For å svara på det kan det vera nyttig å sjå på korleis dei sjølv ser på dagens Europa. Dei meiner at Europa er øydelagt av ein vestleg sivilisasjon me sjølv var med på å skapa, men som i dag er synonym med amerikanisering og globalisme. Denne vestlege moderniteten har ført til ei homogenisering av kulturen. Naturlege band til nasjonar, regionar, kulturar og etnisitetar vert nedkjempa i eit forsøk på å fjerna alle hinder for marknaden sin frie flyt.

Den einaste identiteten som er tilgjengeleg for enkeltmennesket er dermed basert på individuell materialisme og på forbruk.

Samstundes har dei europeiske elitane opna portane for framande krefter, og Europa er i ferd med å verta erobra av islam, ein sivilisasjon som – i motsetnad til det aldrande og sårbare Europa – er spirituelt sterk. Europa si krise er – grunnleggjande sett – ei spirituell krise, og ikkje minst eit resultat av en europeiske «borgarkrigen» mellom 1914 og 1945. Den enda med eit moralsk nederlag som opna opp for ein skyldkultur.

Ein skal ikkje skrapa lenge i overflata til dei identitære før rasetenkninga dukkar opp.

I tillegg har europearane blitt mjuke. Slik Guillaume Faye, ein viktig ideolog for den identitære rørsla, seier det, har verdiar som «mot og virilitet» blitt svekka til fordel for «feministiske, framandelskande, homoelskande og humanitære verdiar». Europeiske menn manglar krigarverdiar samstundes som «framande kolonistar» utstråler virilitet og aggressivitet. Og: Ein krig er i vente.

Dei identitære meiner løysinga i alt dette ligg i ei oppvåkning, i å forkasta det etablerte, og i å erstatta det med eit politisk system basert på territorialt tilhøyre, etniske band. I tillegg trengst det ei gjenerobring og det nokre identitære kallar remigrasjon – at dei som «ikkje høyrer til» vert sendt ut. I røynda er det som vert skildra storskala etnisk reinsing, og ein politisk, sosial og åndeleg revolusjon. Det er ikkje nye tankar i europeisk historie.

Ideologiske kjelder

Kristian A. Bjørkelo er ein av dei få som har skrive om den identitære rørsla på norsk, blant anna i ein artikkel på nettstaden Vox Publica. Der peiker han blant anna på fire idétradisjonar som har påverka rørsla:den franske nouvelle droite-rørsla, politisk tradisjonalisme, nemnde Faye sin såkalla arkeofuturisme og ei form for metapolitikk inspirert av den italienske kommunisten Antonio Gramsci.

I boka til Zúquete får me sjå desse påverknadene konkret, og me får også presentert ei rekkje døme på korleis den identitære metapolitikken – som har eit ungdommeleg preg og som trass den djuptliggande anti-amerikanismen ofte speler på amerikansk populærkultur – faktisk fungerer.

I tillegg diskuterer han blant anna tilhøvet til den amerikanske alt right-rørsla, tilhøvet til antisemittisk tankegods, påverknadar frå andre ideologiske kjelder og tilhøvet til (den breiare) nasjonalismen.. Det er ikkje utan utfordringar å henga med, for den identitære rørsla er ikkje einskapleg, og det er også vesentlege skilnader mellom beslekta fenomen.

Medan italienske Casa Pound opent omfamnar fascismen, og alt-right rørsla er rimeleg uløyseleg knytt til tidlegare amerikansk høgreekstremisme, søkjer fransk- og tyskspråklege identitære i større grad å framstå som noko nytt. Ein skal ikkje lesa mykje av Zúquete si bok for å skjøna at det er ei sanning med svært store modifikasjonar. Martin Sellner – ein leiande austerriksk identitær, også kjent for sitt besøk i Noreg – vitja til dømes Casa Pound i åra før grunnlegginga av den identitære rørsla i Austerrike.

Ein del har diverre ein idé om at fascismen døydde etter andre verdskrigen, noko som sjølvsagt er usant.

Og lat det ikkje vera tvil: Ein skal ikkje skrapa lenge i overflata til dei identitære før rasetenkninga dukkar opp. Tilhøvet til antisemittismen er meir komplisert, og kunne med fordel ha vorte utforska meir i The Identitarians, då det fortel noko om ei breiare utvikling innan europeisk høgreradikalisme.

Dei identitære sitt hovudfokus ligg på islam som fiende. Her skil retorikken og argumenta seg relativt lite frå dei ein finn i det kontrajihadistiske universet, og det finst også konkret overlapp. Guillaume Faye er ein viktig tenkjar for dei identitære, og har også blitt omfamna av til dømes Fjordman. Zúquete nyttar eit langt kapittel i boka til å sjå nærare på dei identitære si forståing av islam, men her kan det halda å samanfatta raskt:

Muslimske innvandrarar vert sett på som ei slags invasjonsstyrke, og det vert kopla saman med historiske hendingar og vevd inn i ei forteljing prega av historiske heltar, som Karl Martell, den frankiske generalen som sigra over maurarane ved slaget i Poitiers i år 732. Zúquete syner også kva relasjonar identitære har hatt til grupper som English Defence League og PEGIDA.

Deprimerande

I slutten av The Identitarians viser Zúquete til ein amerikansk venn som – etter å ha lese manus – omtala boka som «god, men deprimerande».

Det er ord det er lett å slutta seg til. I Noreg har freistnader på import av identitære idear i stor grad vore mislukka, men i Europa har dei identitære i fleire land vorte store nok til at dei fortener merksemd. Dessutan vil nok lesarar av The Identitarians kunna lesa boka inn i ein større samanheng, sjølv om Zúquete si framstilling er konsentrert og tydeleg avgrensa.

Ein del har diverre ein idé om at fascismen døydde etter andre verdskrigen, noko som sjølvsagt er usant. Sanninga er at fascistisk ideologi både overlevde, og heldt fram med å utvikla seg. Den identitære rørsla er – trass tidvise forsøk på å framstå som noko anna – den nyaste europeiske avleggjaren.

Zúquete si bok har potensiale til å bli noko av eit standardverk på området, ikkje minst fordi han maktar å gjera det han sjølv skriv at han freista på, å fanga deira sjølvforståing. Det gjer ikkje boka til lysteleg lesnad.

Men at ho burde lesast, ikkje minst av akademikarar og journalistar som søkjer å forklara fenomenet for andre, er utvilsamt. Kanskje vil då også forsøka på import til Noreg verta meir gjenkjennelege.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden