Politikk

Kvifor diskuterer vi framleis Edward Snowden?

Over ein månad har gått sidan The Guardian slapp dei første avsløringane om amerikansk overvaking. Framleis diskuterer vi avsløringane, og ikkje minst varslaren bak dei. Deri ligg svaret på om Edward Snowden handla rett.

Over ein månad har gått sidan The Guardian slapp dei første avsløringane om amerikansk overvaking. Framleis diskuterer vi avsløringane, og ikkje minst varslaren bak dei. Deri ligg svaret på om Edward Snowden handla rett.

Tysdag 9. juli hadde Klassekampen ein interessant leiarartikkel. Avisa viser til diskusjonane som har vore på Minerva om Snowden-saka, særleg bidraga frå Nils August Andresen og Kristian Tonning Riise, og påpeiker at det paradoksale i at «høyretenkere som til vanlig smykker seg med titler som liberal og liberalkonservativ har så vanskelig for å gi sin støtte til den lille mannen Snowdens kamp mot verdens største statsmakt».

Eg er delvis einig med Klassekampen. Rett nok trur eg ikkje det er «amerikanisme» som ligg bak, eller at «høyresidas tenketanker på refleks forsvarer den amerikanske staten». Det er ei useriøs undervurdering av seriøse skribentar si evne til sjølvstendig tenkjing. Både Andresen og Tonning Riise leverer etter mitt syn relativt nyanserte bidrag til debatten.

«Ser du ikkje motargumenta?»
Men det er og blir påfallande kor vanskeleg det er for dei – og for mange andre – å konkludere med at Edward Snowden handla rett. Etter mitt syn er det nemleg fullt mogleg å anerkjenne dei ulike motstridande omsyna i denne saka, og likevel lande på ein konklusjon. Til og med ein klar konklusjon. 

Dette minnar meg om utallige diskusjonar eg har hatt med veljarar opp gjennom tida. Sidan eg som politikar har som oppgåve å argumentere for partiet mitt sitt syn, vert eg ofte møtt med innvendinga «Ja, eg høyrer kva du seier, men ser du ikkje motargumenta?».

Jo, eg ser ofte – for ikkje å seie alltid – motargumenta til mitt eige syn. Eg kan anerkjenne mange relevante argument mot norsk EU-medlemskap. Mot eggdonasjon. Mot varig vern av Lofoten, Vesterålen og Senja. Men eg ser også argumenta for, og har konkludert med at dei veg tyngre. Berre fordi ei sak kan ha fleire sider, ja, at den til og med kan vere vanskeleg, tyder ikkje det at ein ikkje kan konkludere. Det er jo nettopp dét som er juss, og dét som er politikk. Og Snowden-saka er full av begge deler.

(Saka handlar også om Edward Snowden bør få asyl eller ikkje. Det spørsmålet held eg utanfor i denne artikkelen, men eg har tidlegare uttalt meg positiv til at Noreg bør realitetshandsame asylsøknaden, og at han truleg bør få vern).

Nåla i høystakken
Eg kan forstå at mange automatisk vert skeptiske til det Edward Snowden har gjort. Han har fått tilgong til klassifisert informasjon, og har vald å dele den med omverda. Dette har gått ut over amerikansk tryggingspolitikk, og kan potensielt vere farleg for tryggleiken til amerikanske borgarar.

Mange av Snowden sine mest ihuga tilhengjarar, særleg i krinsen rundt Wikileaks og Anonymous, er folk som ikkje umiddelbart vekkjer sympati. Mange av desse er anarkistar som knapt anerkjenner behovet for hemmeleghald av noko som helst. Sjølv om somme av avsløringane til Wikileaks har vore av verdi, er eg ingen tilhengjar av det generelle frisleppet av informasjon organisasjonen har stått for. Innsamling av etteretningsinformasjon er viktig for at ein stat skal kunne sikre tryggleiken til eigne borgarar, og all kommunikasjon mellom offentlege tenestemenn kan ikkje vere offentleg.

Det tyder likevel ikkje at alt informasjonsinnhenting er grei. Og det tyder i alle fall ikkje at ein stat kan samle opp gigantiske høystakkar av personsensitive opplysningar, i håp om å kanskje finne ei nål. Det meste tyder på at overvakingsprogramma Edward Snowden har avslørt er i sistnemnde kategori.

PRISM og DLD
Særleg overvakingsprogrammet PRISM, men også dei hemmelege rettsordrane om utlevering av informasjon frå Verizon, er alvorlege trugsmål mot personvernet. Alt er endå ikkje klart når det gjeld kva som faktisk har gått føre seg, men det er liten tvil om at amerikanske styresmakter har skaffa seg tilgong til enorme mengder informasjon om både amerikanske og utanlandske borgarar sin elektroniske kommunikasjon, utan at brukarane sjølve har vore klar over dette.

Mange vil seie at dette minner om datalagringsdirektivet, eit direktiv som har blitt kjent grunnlovsstridig av fleire EU-land og som sakte, men sikkert er jobbar seg oppover mot avgjersle i Den europeiske menneskerettsdomstolen. Tonning Riise peikar i sin kronikk på at DLD er verre enn kva amerikanske styresmakter har drive med, utan at eg av den grunn forstår korleis det skal vere eit argument mot noko som helst. Om ein norsk Edward Snowden hadde avslørt at norske styresmakter hadde sett i gong eit DLD-liknande program, utan open debatt og vedtak i Stortinget, hadde det vore all mogleg grunn til å reagere.

Hemmelege domstolar
Det er endå ikkje heilt klart om dei amerikanske overvakingssprogramma har vore fullt ut lovlege eller ikkje. Amnesty International og fleire andre meiner overvakinga er brot på så vel den amerikanske grunnlova som internasjonale menneskerettar. Amerikanske styresmakter viser til at dei har heimel i den utskjelte Patriot Act, og at det vert utøvd rettsleg kontroll over vedtaka gjennom den såkalla FISA-domstolen (Foreign Intelligence Surveillance Court). Til denne domstolen er det å seie at den frå min ståstad virkar meir som eit reint sandpåstrøingsorgan enn ein faktisk tryggingsventil for rettsstaten.

The New York Times har skrive interessant om korleis denne hemmelege domstolen for eiga maskin har utvida overvakingsmoglegheitene til NSA kraftig. FISA-domstolen handsama i fjor 1800 førespurnadar om å hente ut informasjon. Ingen av førespurnadane vart avviste, og dei fleste vart handsama av éin enkelt dommar.

Styrking av rettsstaten
Legaliteten til overvakingsprogramma er sjølvsagt relevant, men kan etter mitt syn ikkje vere avgjerande. Dei hemmelege i tenestene i så vel USA som Noreg har i utgangspunktet svært vide fullmakter. Om slike tenester skal kunne fungere, må dei nødvendigvis ha eit visst handlingsrom, som er utfordrande å dra sylskarpe grenser rundt. Det interessante er kva dei brukar det faktiske handlingsrommet til. Eller som John Oliver i satireprogrammet The Daily Show sa det: «No one is saying that you broke any laws. We’re just saying it’s a little bit weird that you did’nt have to».

Så her sit vi, over éin månad etter dei første avsløringane, og diskuterer omfattande overvaking, overtramp mot personvernet og moglege brot på internasjonale menneskerettar. Eg meiner at det i seg sjølv viser at det var rett av Edward Snowden å varsle. Viktig informasjon som openbart ikkje tolte dagens lys får no lufta seg gjennom offentleg debatt, og truleg vil avsløringane føre til ei styrking av rettsstaten – både i USA og i andre land.

For som Klassekampen skriv i sin leiarartikkel: «Lekkasjer av hemmelighetsstemplet informasjon er sjelden uproblematisk, og det er en betimelig innvending at Snowden trolig har brutt loven med sine lekkasjer. Men vi for vår del vil holde fast på at både amerikanske og utenlandske borgere har fått styrket sitt vern mot overvåking og misbruk av statsmakt gjennom Snowdens lekkasjer. Det er den avgjørende lakmustesten for om en varsler har handlet riktig.»

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden