Kommentar

Mistillit blant dei mistrudde

DENK vil blant anna byta ut integreringsministeren med ein aksepteringsminister og setja opp monument for å markera arbeidsinnvandringa landet over, skriv Øyvind Strømmen.

Bilde: Lex Draijer, CC BY 2.0

Framvoksteren av partiet DENK i Nederland syner at populisme kan appellera også til dei som hamnar på mottakarsida av innvandringsmotstand, muslimfrykt og utanforskap.

Europa over var blikket vendt mot Nederland, og fyrst og fremst mot den radikale høgrepopulisten Geert Wilders sitt anti-islamske protestparti. PVV. Fridomspartiet.

I Aftenposten skreiv Ketil Raknes at partiet såg ut til å gå mot tidenes rekordval, på eit bakteppe av betent islamdebatt. «De er som dominobrikker, har de fortalt oss», skreiv Simen Ekern i Morgenbladet, og drog linene frå Brexit og Trump og vidare til Marine Le Pen. Men fyrst Geert Wilders, «som skal vise Europa at stengte grenser, nasjonalistisk nostalgi og aggressiv kamp mot islam er hovednøklene til et bedre liv. Folk flest er lei nå. De vil ha tilbake landet sitt og gjøre det great again. Eller kanskje ikke».

Kanskje ikkje. PVV fekk 13,1 prosent av røystene. Det var nok til at Wilders sitt parti – som han faktisk er einaste formelle medlem av – vaks i oppslutning. Det var nok til at det vart neststørst i oppslutnad. Men det var mindre enn i 2010. Wilders fekk ikkje «den patriotiske våren» han har snakka om. Då han vart intervjua av nederlandsk TV valnatta, framstod han ikkje som ein vinnar.

Men på valvaka til eit anna parti med openbert populistiske trekk var det fest. Dette partiet – som har drive kampanje på å vera ei stemme for dei stemmelause – fekk rett nok berre to prosent på nasjonalt nivå, men i Nederland er det nok til at dei fekk tre representantar i underhuset. Partiet heiter DENK. Det tyder tenk på nederlandsk, men også likskap på tyrkisk.

DENK vart starta av to tidlegare medlemer av det nederlandske arbeidarpartiet PvdA si gruppe i underhuset, Tunahan Kuzu og Selçuk Öztürk. Dei to tyrksik nederlendarane rauk uklåre med partileiinga i PvdA etter å ha kome med kritikk mot partiet sin integreringspolitikk, og – ifølgje omtale i nederlandsk media – også fordi dei skal ha meint at sosialminister Lodewijk Asscher var for kritisk til tyrkiske diasporagrupper som Milli Görüş, som vert rekna å stå nær Tyrkias autoritære president Recep Erdoğan.

DENK har vorte skulda – gong på gong – for å vera ein slags Ankaras lange arm, knytt til Erdoğan.

Og det er blantnederlendarar med bakgrunn eller røter i utlandet DENK har si støtte. I innvandrartette  byområde gjorde partiet eit godt val. I bydelen Nieuw-West i Amsterdam var dei jamvel største parti. Eit anna trekk som er verdt å merka seg: her vaks valdeltakinga monaleg.

Kompromisslause populistar

Kva er dette for eit parti? Ser ein på partiprogrammet, er det sosialdemokratisk. Når det gjeld integreringsspørsmål svingar DENK seg litt meir, dei vil blant anna byta ut integreringsministeren med ein aksepteringsminister og setja opp monument for å markera arbeidsinnvandringa landet over.  

DENK har vorte skulda – gong på gong – for å vera ein slags Ankaras lange arm, knytt til Erdoğan. Påstanden er diskutabel, og også ein påstand partiet har avvist, men dei har vore påfallande stille rundt den diplomatiske krisa mellom Tyrkia og Nederland. Partiet deltok heller ikkje i den avsluttande valdebatten på allmennkringkastaren NOS, noko blant andre avisa Volkskrant spekulerte i at vart gjort for å unngå vanskelege spørsmål om denne krisa.

Partiet har i det heile eit anstrengt tilhøve til media, og har i stor grad nytta andre kanalar for å få ut bodskapen sin, ikkje minst sosiale media. Journalistar frå fleire media har blitt nekta tilgang på arrangement, inklusive valvaken. Nyleg har DENK også annonsert ein boikott av radio- og TV-kanalen WNL, etter at ein gjest på eit frukostprogram, den iransk-nederlandske juristen og skribenten Afshin Ellian, kalla dei eit «tilbakeståande Midtausten-parti».

DENK har i det heile ein kompromisslaus stil, sjølvsagt i møtet med Geert Wilders, men også i møtet med det dei sjølv omtaler som eit «hardare, råare og meir høgreorientert» debattklima. «Nederland tilhøyrer oss alle», heiter det i eit av DENK sine slagord. Kombiner dette med at Kuzu blant anna sytte for – svært offentleg – ikkje å handhelsa på Benjamin Netanyahu då sistnemnde vitja nederlandske Den Haag, og ein nærmar seg DENK sin populistiske appell, ikkje minst til ungdom med innvandrarbakgrunn. «Fordi eg endeleg vert representert i underhuset. Endeleg!», svarer ein kar på ein nettvideo frå partiet si valvake, på spørsmålet om kvifor han stør DENK. Det er neppe ei kjensle han er åleine om.

Surinamsk-nederlandske Sylvana Simons, som ei tid var ein del av partiet, før ho oppretta sitt eige parti,  har i eit intervju med De Volkskrant omtalt DENK som eit parti som «appellerer til sinne og tener på polarisering». DENK er eit ektefødd born av den politiske polariseringa i Nederland. Det er eit innvandrarparti.

At eit slikt parti dukkar opp i nettopp Nederland, er neppe tilfeldig. Det har ein samanhang med Geert Wilders, men også med valsystem som gjev rom for småparti. Blant andre slike småparti finn ein både dyrevernpartiet PvdD, det euroskeptiske og nasjonalkonservative Forum voor Democratie og det djupt konservative kristne partiet SGP, som faktisk går inn for teokrati! Også ved dette valet fekk SGP 3 mandatar i det nederlandske underhuset, like mange som DENK. Også ved dette valet fekk dei meir enn halvparten av røystene i den tidlegare øykommunen Urk.

DENK er heller ikkje eit utprega vanskeleg fenomen å forstå. Det er ikkje rart at Wilders sin innvandringsmotstand og anti-muslimske populisme vert møtt med populisme frå motsett hald.

Å gje truverdige svar

Blant dei som vende blikket mot Nederland før det nederlandske valet var også Sylo Taraku, rådgjevar i tankesmia Agenda. I Morgenbladet stilte han eit spørsmål: Korleis kan liberalismen sitt europeiske fyrtårn ha gjeve oss Geert Wilders?

Han intervjua René Cuperus i den sosialdemokratiske tenketanken Wiardi Beckman Stichting. Cuperus peiker på ein reell kulturkollisjon mellom «mjuke feministnasjonar» og «ortodoks islam», og legg til at dei som røyster på Wilders ikkje er ekstreme, at dei røyster på Wilders i protest, at dei vil at eliten skal vera tøffare i kampen mot muslimsk ekstremisme og mot kriminalitet. Taraku konkluderer sin artikkel med at sentrum-venstre-parti ikkje må ta til seg populistane sin retorikk, men at dei burde koma med truverdige svar på «europeernes største bekymringer: innvandring, islamisme og terror».

Nett det er vel også ei utfordring for den liberale høgresida.

Mistillit er ikkje eit fenomen som berre gjer seg gjeldande blant høgrepopulismen sine veljarar.

Dersom svara ikkje kjem, åtvarer Taraku, vil det vera populistar som Wilders som tek på seg rolla som forsvararar av liberalismen og velferdsstaten. «Dermed får vi den paradoksale situasjonen at likestillingen forsvares av de reaksjonære, ytringsfriheten av de som stadig angriper mediene, velferdsstaten av de som setter svake grupper opp mot hverandre, og nasjonalt samhold av de som splitter».

Partiet DENK sitt rett nok avgrensa gjennomslag syner at etablerte politiske krefter må gje truverdige svar også til dei som hamnar på mottakarsida av innvandringsmotstand, muslimfrykt og utanforskap. Mistillit er ikkje eit fenomen som berre gjer seg gjeldande blant høgrepopulismen sine veljarar.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden