Debatt

Misvisande om NRKs Sverige-journalistikk

Bilde: Wikimedia

Mads Motrøen skriv i Minerva at han meiner NRKs Nyhetsmorgen har gitt publikum misvisande informasjon om dei viktigaste sakene i den svenske valkampen. Diverre er det Motrøen som gir eit misvisande inntrykk av kva NRK har fortalt.

Dei svenske veljarpreferansane var tema i Nyhetsmorgen i to ulike variantar av ein reportasje mandag 27. august. Du kan høyre kva NRK fortalte i innslaga her: https://radio.nrk.no/serie/nyhetsmorgen/NPUB32017018/27-08-2018

Motrøen påstår om innslaga at «dette er på alle tenkelege måtar ei rar framstilling av ei svært interessant meiningsmåling». Det er litt vanskeleg å få tak på kva Motrøen er mest kritisk til, for det meste av det han peikar på er faktisk dekka i reportasjane.

Etter det vi forstår er ikkje Motrøen usamd i at helse-spørsmålet faktisk er viktigast for svenske veljarar. Men helse har blitt mindre viktigare etter 2014, viser han til. Han argumenterer for at det er viktigare å sjå på endringar i opinionen sidan førre val enn på kva som er viktigast her og no. Endringar over tid er sjølvsagt interessant, men den viktigaste ambisjonen med dette innslaget er først og fremst å vise fram kva veljarane er opptekne av no like før valet 2018.

Motrøen listar opp at etter helse, så er innvandring/integrering, utdanning, lov og orden viktigare for veljarane enn klima. Han er særleg oppteken av at innvandringsfeltet er eit tema som har vokse seg viktigare sidan førre val. Det har han rett i, men det blir på ingen måte gøymt bort i innslaget at innvandring og integrering er eit viktig tema for svenske veljarar. Det blir fortalt at dette er det nest viktigaste temaet.

Også utdanningsområdet blir via eksplisitt merksemd i innslaga. Det er nevnt som eit viktig tema før klima, og det blir også fortalt at det er eit viktigare tema for veljarane enn klima.

Motrøen meiner tydelegvis at vi har overdrive kor viktig klima er i den svenske debatten. I det eine innslaget peikar vi på at Liza Petterson i Novus seier klima er blitt eit viktigare spørsmål etter den varme og tørre sommaren.  Det er altså Novus-forskarens påstand, ikkje NRKs. Men tala som ligg under gir god grunn til å peike på at temaet nylig har blitt viktigare. Miljø/klima har vokse med fem prosentpoeng sidan juni, viser Novus si undersøking (35% oppgir at temaet er viktigaste spørsmål, mot 30% i juni). Det betyr at det er det temaet som har vokse mest i dei to siste månadane. Det er høgst relevant å peike på det i valkamp-innspurten. Det verkar nesten som Motrøen meiner vi har påstått at klima er det aller viktigaste. Det har vi ikkje. Det siste som blir sagt i den eine varianten av reportasjen kjem frå Pettersson i Novus som seier at miljø/klima kan bli eit enda viktigare spørsmål i resten av valkampen men at det «ikkje kjem til å bli viktigare enn helse, innvandring og skule».

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden