Ein slags vår i Moldova

Moldova har fått ei «umogleg» regjering, ein allianse mellom pro-russiske og pro-europeiske krefter. Det gjev eit visst grunnlag for håp.

Publisert   Sist oppdatert

«Det bles opp til uvêr i Moldova», skreiv eg i Minerva i mars 2018, og fortalte om eit land der draumar kolliderer med kvarandre. Nokre moldovarar drøymer om ein union med Romania, men også blant dei som vil ha eit uavhengig Moldova er det ein heil del som ser vestover. Andre ser mot aust, mot Russland.

I juni 2018 fortalte eg om den proeuropeiske sentrum-høgre-kandidaten Andrei Năstase, som vann ordførarvalet i den moldovske hovudstaden Chișinău. Til lita nytte. Valsigeren tente nok ei ny von i den proeuropeiske opposisjonen i landet, men det var raskt annullert.

Det var ikkje ratt få som såg handverket til den søkkrike oligarken Vladimir Plahotniuc bak annulleringa. Plahotniuc har vore den sterke mannen i Moldova sitt sosialdemokratiske parti PDM. Kritikarar meiner at han i røynda er ein oligark, og at han langt på veg hadde kapra det moldovske statsapparatet.

Den kritikken er ikkje grunnlaus. Det er vanskeleg å skriva om moldovisk politikk utan å skriva om korrupsjon. Og det er vanskeleg å skriva om moldovisk korrupsjon utan å skriva om Vladimir Plahotniuc, som konsoliderte maktposisjonen sin – ein posisjon i skuggane – ved hjelp av trugsmål og ved hjelp av pengar.

I februar i år skreiv eg i TransitMag om parlamentsvalet i landet. Det enda med noko nær ei tredeling av parlamentet. Størst vart det prorussiske og sosialkonservative sosialistpartiet PRSM, tidlegare leia av landets president Igor Dadan. Nest-størst vart den proeuropeiske valalliansen ACUM (namnet tyder «no»), leia av ho som tapte presidentvalet, Maia Sandu. På tredjeplass kom Plahotniuc sitt parti. Ingen av dei hadde fleirtal åleine. Det var vanskeleg å sjå kva for samarbeid som kunne verta ein røyndom. ACUM sin valkamp var basert på motstand mot oligarkveldet i landet. Plahotniuc representerte det, men har ynskt å framstå som vestvendt. Dodon og hans folk ser til Russland. Mange venta seg nok likevel ein allianse mellom sosialistpartiet og Plahotniuc sitt parti. Andre venta seg politisk stallmatt, og nyval.

Ein vanheilag allianse

Det skjedde nesten. Til sist vart resultatet istadenfor ein uventa allianse: eit samarbeid mellom ACUM og PSRM, mellom dei som ser mot vest og dei som ser mot aust. I siste liten peika parlamentet på Maia Sandu som ny statsminister.

For Moldova sin del var det å sjå på som gode nyhende. For Plahotniuc sin del var nyhenda elendige. Og ganske raskt fulgte ei konstitusjonell krise: Landets grunnlovsdomstol erklærte at fristen for regjeringsetablering hadde gått ut før semja vart nådd, at den nye regjeringa ikkje var lovleg, og at parlamentet måtte oppløysast. President Igor Dodon vart suspendert. Den tidlegare statsministeren, PDM-politikaren Pavel Filip, vart utpeika som interimpresident, oppløyste parlamentet og tok til orde for nyval i september.

Den tidlegare parlamentarikaren Vadim Pistrinciuc er – for å seia det slik – langt frå åleine om å få auge på Plahotniuc i kulissane.

Men Sandu stod stødig i stormen, og den nye regjeringa fekk etter kvart både amerikansk, europeisk og russisk støtte. Etter nokre dagar snudde grunnlovsdomstolen, og Plahotniuc stakk av frå landet. Den nye regjeringa har lova kamp mot oligarkveldet, og omfattande reformar. Det er gode nyhende, det også.

- Eg har eit bodskap til heile verda, sa Maia Sandu i ei TV-sending. – Moldova er endeleg fritt.

Er ein felles fiende nok?

Samstundes heng det stadig mørke skyer over Moldova: Som Sandu sjølv har påpeika er apparatet rundt Plahotniuc stadig til stades i eit land som gong etter gong har vorte råka av skandalar. Dei vil neppe gje seg utan kamp. Den nye regjeringa er på si side lett å sjå på som eit resultat av at uvenar kan finna saman mot ein felles fiende. Politisk er kløfta mellom PRSM og ACUM djup.

Dei siste åra har ingen statsministrar i Moldova vorte sitjande lenge. Sandu er den åttande statsministeren i landet sidan 2013. Berre det taler mot ei von om politisk stabilitet og demokratisk utvikling.

Dessutan står også andre problem i kø for det vesle austeuropeiske landet. I aust ligg den russiskstøtta utbrytarrepublikken Transnistria, ei uløyst utfordring. Samstundes forlet unge moldovarar landet i hopetal, framtidsvona er ikkje sterk i Europas fattigaste land. Støtte frå EU spela ei viktig rolle i å løysa den konstitusjonelle krisa i Moldova. Skal Sandu lukkast i sitt prosjekt, vil ho nok trenga langt meir av den støtta.