Musikaren som teiknar sitt eige portrett

Pønkens gudmor. Rockelegende. Rockens ypparsteprestinne.

Dette er berre nokre av merkelappane som følgjer Patti Smith, enten ho held konsertar eller er på turné for å signere bøker. Artisten, som fortsatt turnerer verda rundt med bandet sitt, har i fleire intervju denne hausten uttalt at ho ikkje ser på seg sjølv som musikar. «Folk si oppfatning av meg er heilt feil», uttalte ho til The Telegraph 3. oktober. «Eg blir flau når folk kallar meg musikar, for eg kan ikkje spele noko», sa ho i eit live-intervju same dag. «Eg hadde ingen musikalske ambisjonar. Eg likte å opptre framfor folk.» Og autoriteten hennar på scena er udiskutabel, det veit alle som har sett Patti Smith i aksjon.

Sjølv har eg etter kvart to klare, og kanskje nokså motstridande, bilde av henne. Eitt av den barske rockeartisten som messar fram sine etter kvart ikoniske tekstar, og gjerne avsluttar konserten med å rive strengane av gitaren. Og eitt av den joviale forfattaren som sit avslappa i ein stol og lar seg intervjue om den siste boka si, og gjerne gir råd til unge menneske, især til dei som drøymer om å bli kunstnar: «Get a job». Det er det same kva du gjer, berre du gjer det du har lyst til, brenn for. Ein må jobbe for å overleve, og det er hard arbeid å vere kunstnar, er beskjeden hennar.

Kor hardt arbeid det er å skrive ei bok, får ein godt inntrykk av i den siste utgivinga hennar. Boka M Train, som kom ut i USA i oktober, er ganske forskjellig i stil og innhald frå den forrige, Just kids, men går som den inn i kategorien memoarbøker. M Train er ein hyllest til favorittkafear, favorittforfattarar, favoritting. Det er ei reise i tid, mellom minne og tankar og assosiasjonar. Og det er ei reise frå stad til stad, for ikkje å seie frå gravstad til gravstad. For dette er på mange vis ei pilegrimsreise, der forfattaren helsar til og helsar på dei døde. Mange av dei er forfattarar ho har lese og beundrar, og som ho viser respekt ved å besøke den siste kvilestaden deira. Ho reflekterer også mykje rundt bygningar og stader som har endra seg, og ting som er tapt og borte for alltid. Ikkje minst har byen ho bur i, saman med sine to kattar, endra seg.

Som Patti Smiths norske omsetjar, ville eg sjølv gjere ei slags pilegrimsreise for å oppsøke nokon av dei stadene forfattaren skriv om i boka. Men allereie før eg reiste til New York, så visste eg at eg sannsynlegvis ikkje ville finne ein einaste av desse stadene. For mot slutten av M Train oppdagar Patti at favorittkafeen hennar er i ferd med å stenge dørene. Nesten kvar dag har Patti kryssa Sixth Avenue og gått ned Bedford Street til Café ‘Ino for å tenke og drøyme og skrive ved det faste bordet sitt, klemt inn mellom kaffimaskina og vindauget. Og det blir gjort eit poeng ut av at det ikkje kjem så mykje ned på papiret, for: «Det er ikkje så lett å skrive om ingenting».

Stenginga av favorittkafeen skaper ei krise, men verkar også forløysande. For når det skjer, skjønar plutseleg forfattaren kva slags bok dette skal bli.

Café ‘Ino har fått eit eige kapittel i M Train. Og eg skulle så gjerne ha sett kafeen, fått sitje ei lita stund ved bordet der Patti dag etter dag har skribla på serviettar og i notatbøkene sine, og følt på stemninga, sett ut på livet i Bedford Street. Det har opna ein ny kafé der no, den såg hyggeleg ut, ganske fancy. Veldig god mat, sa eit par som kom ut. Det rima dårleg med den faste frukostmenyen til Patti, som var svart kaffi, grov toast og olivenolje. Eg nøyde meg med å ta eit bilde av inngangspartiet. Så kryssa eg Sixth Avenue og stakk innom ein annan av stamkafeane hennar, Caffè Dante. Den var open, men stod ikkje fram som den kafeen eg har lese om i M Train. Lokala kule og kvitkalka, ikkje spor av den staden Patti skildrar når ho ser tilbake på dei første åra sine i New York:

Eg fekk til slutt mot til å gå inn på Caffè Dante på MacDougal Street. Sidan eg ikkje var i stand til å betale for eit måltid drakk eg berre kaffi, men ingen såg ut til å bry seg. Veggane var dekte av trykte freskar av Firenze og scener frå Den guddommelege komedie. Dei same scenene finst der den dag i dag, misfarga av mange tiår med sigarettrøyking.

Men desse freskane finst der ikkje den dag i dag, berre månader etter at Patti har skildra dei. Det er eit godt eksempel på det som er grunnstemninga i boka: Ting glir unna. Stader endrar seg. Folk dør. Det er umuleg å halde fast tida, men minnet kan halde tida flytande.

Alt ser tilfeldig ut, men ingen ting er tilfeldig, slik det gjerne er i verk av store forfattarar.

Minnetoget til Patti stoppar ved stasjonar ho bestemmer seg for å stoppe ved, men også stasjonar ho ikkje er førebudd på, som først ikkje gir meining. Men til slutt så gir det meining. Det er mange dunkle scener i M Train, som sakte men sikkert blir tydelegare. Mange lause trådar som før eller seinare finn sin plass i veven. Alt ser tilfeldig ut, men ingen ting er tilfeldig, slik det gjerne er i verk av store forfattarar.

Just kids inneheld mange fotografi, dei fleste tatt av Robert Mapplethorpe, dei fleste av dei portrett av Patti sjølv eller bilde av dei to saman, med kvarandre eller med folk dei kjende. I M Train er rollene bytta om. Denne boka inneheld også fotografi, men med Patti sjølv bak kameraet, dette er hennar eigne polaroidbilde. Her er det få bilde av menneske, dei fleste er av objekt. Som den utstoppa bjørnen til Tolstoj, gravsteinen til Sylvia Plath, senga til Frida Kahlo, ein statue, ei skrivemaskin. To fotografi skil seg ut; det er passbilde frå tidleg 1980-tal av Patti og ektemannen hennar, Fred «Sonic» Smith, som døydde frå henne etter berre fjorten års ekteskap. Som lesar skvett ein til når desse to plutseleg stirar alvorleg på deg frå boksidene, der ein elles har fått dvele ved duse fotografi av stolar, klesplagg, bøker og kaffikoppar.

Mens Mapplethorpes portrett av Patti gir oss innblikk i ungdomstida dei to opplevde saman i New Yorks legendariske kunstnarmiljø, gir fotografia i M Train oss eit portrett av Patti Smiths liv som enke. Eit liv i einsemd, men også eit liv med minna, eit liv med bøkene, eit liv med reiser, eit liv med påkallingar og sære lidenskapar. Pattis interesse for å fotografere objekt som har ei spesiell meining for henne, har ført til mange spennande situasjonar. Som da ho, etter lenge å ha prøvd å få tillating til å fotografere støvlane til Alfred Wegener, ein vitskapsmann som sette livet til under ein ekspedisjon på Grønland, blir tatt opp i den eksklusive Continental Drift Club. Klubben har berre tjuesju medlemmer, dei fleste av dei forskarar. Dette fører henne igjen til ein kongress på Island, der ho i bytte mot å fotografere sjakkbordet der den legendariske kampen mellom Bobby Fischer og Boris Spasky stod i 1972, må ta over jobben med å leie ei sjakkturnering for ungdommar. Dette fører vidare til at den mildt sagt eksentriske Bobby Fischer ber om å få treffe Patti, og ei av dei kostelegaste scenene i boka er skildringa av deira nattlege møte på ein restaurant i Reykjavik.

Patti er innom mange fjerne stader i M Train. Japan, Tyskland, Mexico, Marokko. Men New York er basen, og berre ein times togtur ut frå Manhattan har ho funne ein stad som får bli eit slags knutepunkt for dei vidtrekkande minna og draumane hennar. Grunnen til at Patti første gongen drar ut til Rockaway Beach, som staden heiter, er at han som serverer morgonkaffien til henne på Café ‘Ino opnar sin eigen kafé ved  strandpromenaden. Ho drar ut for å helse på, og blir ikkje berre forelska i havet og stranda, men også i ein liten bungalow som står til nedfalls. Etter mykje om og men blir ho eigar av dette enkle, vesle huset på Rockaway Beach. Kort tid etter at avtalen er i orden, slår orkanen Sandy til, herjar langs kysten og riv opp den mange kilometer lange strandpromenaden. Det er enorme skadar på hus og eigedommar der ute, men det vesle huset til Patti står framleis, og ho bestemmer seg for å renovere det.

Eg kom ut til Rockaway Beach ein grå dag tidleg i oktober. Det bles, dei store, kvite sanddynene var tomme, men ute i bølgjene låg ei klynge med surfarar og duva. Ein stor del av strandpromenaden er på plass att, men i betong denne gongen. Her og der kan ein sjå restane etter det gamle tredekket. Rett ut ligg Atlanterhavet, innafor promenaden ei blanda forsamling med hus. Nokre store bustadblokker, mange små trehus i svært forskjellig forfatning. Staden fekk meg til å tenke på TV-serien Tremé, som handlar om New Orleans etter orkanen. Det var noko med stemninga. Naturens herjingar, forsøka på å rette opp, finne tilbake til ein slags normaltilstand. Eg visste ikkje akkurat kor huset til Patti låg, og dreiv rundt på måfå. Vel attende på hotellet søkte eg opp ein bildereportasje frå New York Times. Eitt portrett av Patti i ein rufsete hage, og eitt av henne ved skrivebordet inne i huset, som er enkelt møblert.

Den no 68 år gamle artisten likar det enkelt. Siste stopp på mi vesle pilegrimsreise var SVA Theatre, der eg fekk oppleve Patti Smith sjølv i eit intervju på scena, smilande og imøtekommande, men definitivt med sin vanlege autoritet. På spørsmål frå David Remnick, redaktøren i New York Journal, om korleis ho likte livet som rockestjerne, svara ho først litt unnvikande at ho alltid har likt å spele med bandet sitt. Men så: Eg likte ikkje den personen eg blei. At eg blei pissesur når det ikkje stod ein bil og venta på meg. Det gjer noko med ein å ha eit slikt liv.

Folk likar personen Patti Smith har blitt. Køen til dette intervjuet snirkla seg rundt eit heilt kvartal.

Folk likar personen Patti Smith har blitt. Køen til dette intervjuet snirkla seg rundt eit heilt kvartal. På kort tid har ho fått ein fantastisk høg status som forfattar. Men så er det altså forfattar ho har vore heile tida. Frå ho som svært ung forelska seg i dikta til Arthur Rimbaud, og ikkje minst bildet av han, til ho sjølv skreiv dikt og tekstar som Robert Mapplethorpe overtalte henne til å lese høgt frå scena – akkompagnert først av søstera på eit leikepiano, seinare av Lenny Kaye på gitar. Der begynte den lange musikarkarrieren hennar, som varer fortsatt, og er ein vesentleg del av eit langt liv som kunstnar og artist.

I memoarane sine har Patti hittil hoppa elegant over den perioden av livet som starta da ho fekk suksess med debutalbumet Horses, og som kom til eit midlertidig, men ganske langt opphald da ho gifta seg med ein annan legendarisk musikar, Fred «Sonic» Smith, og flytta til Detroit med han. Alt tyder på at det vil komme ei tredje bok, der det er meir sex and drugs and rock’n roll. Men i dei to memoarbøkene som no er tilgjengelege, er det andre saker ho har valt å konsentrere seg om.  Samla sett gir bøkene oss ein inngang til å bli  kjent med artisten Patti Smith, ikkje berre gjennom tankane og minna ho deler, men også ved  at vi betraktar verda rundt ho. Portrettet av Patti blir til når vi får lov til å sjå det ho ser:

Forfattarar og prosessen deira. Forfattarar og bøkene deira. Eg kan ikkje gå ut frå at lesaren kjenner til alle, men når det kjem til stykket, kjenner lesaren meg? Vil lesaren det? Eg kan berre håpe, når eg tilbyr verda mi på eit fat fylt av allusjonar. Som det fatet den utstoppa bjørnen i Tolstojs hus held, eit ovalt fat som ein gong var fylt til randen av namna på besøkande, både berykta og upåakta, små cartes de visite, mange blant dei mange.

Artikkelen ble først publisert i Minervas papirutgave i 2015.