Politikk

Når Frp-kritikken vert for dum (og fordummande)

Dei av oss som er usamde med Framstegspartiet bør kritisera partiet for det dei faktisk meiner, og for ting dei faktisk har sagt og meint, og ikkje for ting dei verken seier, meiner eller er.

Det har vore med ei viss undring – eg vedgår det – at eg den siste tida har lese utanlandske aviser, og deira dekning av det norske valet.

Ein borgarleg valsiger har ført til ei rekkje oppslag der det verte peika på koplingar mellom Framstegspartiet og terroristen Anders Behring Breivik. Ei av avisene som gjekk lengst er italienske Corriere delle Sera, som har følgjande overskrift: «Valsjokk i Noreg: Breivik sitt parti kjem i regjering».

Det er ein tabloidtittel av det sjeldne. Artikkelen fortel elles mykje riktig, både at Frp har ei lang historie i Noreg, og at Breivik faktisk var medlem av ungdomsorganisasjonen til Framstegspartiet, FpU. Dette er også framheva i ei lang rekkje andre utanlandske aviser.

På eitt vis er det ikkje så vanskeleg å forstå kvifor. Terroråtaka 22. juli fekk naturleg nok stor pressedekning verda over. At Breivik var Frp-medlem er eit billeg poeng. Dei fleste italienske, tyske og britiske journalistar veit ikkje særleg mykje om Framstegspartiet sin politikk, og knapt nokon har nok aning om kva handlingsregelen er for noko. 

Friskusar

Avisoverskriftene har ført til debatt også i Noreg. Venstre-leiar Trine Skei Grande og Krf-leiar Knut Arild Hareide har båe teke Framstegspartiet i forsvar, noko som jo ikkje hender kvar dag. Grande ser på koplinga til Breivik som urettvis, medan Hareide har omtala koplinga som «meget uheldig», det er nok sterke ord frå den kanten. Avtroppande utviklingminister Heikki Holmås frå SV skreiv imidlertid på Twitter at det er «helt naturlig at utlandet oppfatter [Fremskrittspartiet] som Norges høyrepopulistiske parti, som Dansk Folkeparti og Sverigedemokratene». Erna Solberg svarte med å kalla Holmås ein liten friskus som av og til ikkje passar munnen sin.

Ho er visst ein liten friskus, ho også.

Også Jonas Gahr Støre har omtala Framstegspartiet som eit høgrepopulistisk parti, og seier jamvel at Høgre er det fyrste konservative partiet i Europa som vil regjera med eit slikt. – Historisk og ideologisk skriv Framstegspartiet seg inn i ein europeisk tradisjon av høgrepopulistiske parti. Det er tydeleg forskjell på partia etter nasjonal ramme og historisk kontekst, men det er også nokre veldig tydelege fellestrekk, seier Støre.

Så er det sjølvsagt dei som går endå lenger. I Sverige har journalisten og forfattaren Henrik Arnstad teke i bruk ei anna samanlikning enn Sverigedemokraterna og Dansk Folkeparti: «Det gjenstår å se om Europa vil få et nytt Ungarn med Høyre og Frp som nordiske Fidesz og Jobbik», skreiv han på Twitter. I The Guardian skriv den norske sosiologen Alf Gunvald Nilsen at ei sannsynleg forklaring på at Framstegspartiet kan koma i regjering er at Noreg ikkje har lært leksa etter terroråtaka 22. juli. I etterkant har UiB-forskaren, som også har vore aktiv ytterst på venstrekanten i norsk politikk, motteke truslar, og Universitetet i Bergen har sett seg nødt til å skjerpa tryggleiken. Trist. 

Fordummande

Som miljøpartist er eg usamd med Framstegspartiet om mykje, også om innvandrings- og integreringspolitikk. Som journalist hadde eg likevel vona at utanlandske kollegaar skulle vera litt betre på grunnleggjande research.

Hadde dei gjort denne, hadde dei vonleg sett det djupt urimelege i å omtala Framstegspartiet som Breivik sitt parti, sjølv om det er rett at han var medlem i partiet i ei årrekkje, og at han var aktiv i FpU, blant anna i interne debattar på ungdomspartiet sin nettforum i perioden 2002-2003, og som nestleiar og styremedlem i eit lokallag av Fpu i Oslo fram til 2004. I 2007 meldte han seg aktivt ut. Det er lite og inkje som tyder på at den sentrale delen av Breivik si radikalisering gjekk føre seg i FpU, sjølv om ein kan spora ei viss radikalisering i forumpostane hans attende i 2002 og 2003. Ideane han forklarte sin terrorisme med var ikkje henta frå Framstegspartiet, men frå eit anti-muslimsk idéunivers og i stor grad frå dei såkalla kontrajihadistane. På toppen smurte han ein del eigenkomponerte idear, tildels av det særs odde slaget, og han blanda også inn tankegods som minner meir om nazisme. Etter dommen i 22. juli-rettssaken har han også gjort ein freistnad på å etablera sitt eige parti frå fengselscella: Det norske fascistparti og den nordiske liga, som han vil skal arbeida for «demokratisk fascistisk maktovertagelse i Norge» eller for å vinna «parlamentarisk støtte for opprettelsen av en norsk-nordisk urfolkstat» i det sørlege Østfold.

Medan det ikkje er irrelevant å nemna Breivik sitt tidlegare Frp-medlemskap når ein skal skriva om terroristen si personlege historie er det vanskeleg å skjøna kva det har i dekninga av ein norsk valkamp å gjera. I tillegg til å vera urimeleg og ei grov fornærming mot Framstegsparti-folk, er det rett og slett fordummande, øydeleggjande for lesarane si forståing av norsk politikk, og øydeleggjande for forståing av høgreekstremisme som fenomen. 

Frp og dei høgreradikale

Sjølv om populisme er eit heller uklårt omgrep, skal eg likevel gje både Holmås og Støre rett i si omtale av Framstegspartiet som høgrepopulistar.

Dei ligg utvilsamt på høgresida, og dei oppfyller iallfall nokre av definisjonane på det som gjerne vert kalla populisme: politiske rørsler som hevdar å representera folket og grasrotet sine interesser mot «makten», mot elitane, mot byråkratiet og så vidare. Når Siv Jensen for nokre år sidan sa at ho var stolt av å leia eit populistisk parti, dersom det tyder «å ta folk på alvor, lytte til folk, snakke med folk og ikke sette seg på sine høye hest og fortelle folk hvor dumme de er som stemmer Frp», var dette nettopp eit populistisk utspel. «Morna Jens!» på valvaken var også heller populistisk.

Sidan Sverigedemokraterna, Dansk Folkeparti og Perussuomalaiset (Sannfinnane) også er både til høgre og har ein populistisk karakter, er det heller ikkje unaturleg at «utlandet oppfatter [Frp] som Norges høyrespopulistiske parti», slik Holmås skriv. Problemet er berre at det ikkje med naudsyn tyder all verda: Medan Frp sine røter er å finna i eit skatteprotestparti leia av den heller eksentriske Anders Lange, er Sverigedemokraterna eit politisk parti med røter i rein høgreekstremisme, og det på 1980- og 1990-talet. Det er idag eit parti som har gode kontaktar med ytterleggåande parti som Vlaams Belang, som Framstegspartiet alltid har distansert seg frå. Det er eit parti der sentrale politikarar sympatiserer med kontrajihadismen sitt tankegods. Det er ikkje snakk om berre tilfeldige lokale representantar, og ikkje berre om enkeltmedlemer med sprø meiningar, noko alle parti kan råkast av; mange vil sikkert hugsa saka med ein vararepresentant for Arbeidarpartiet på Sametinget som fornekta Holocaust. Dette er eit parti som så seint som i fjor vart råka av den såkalla «jernrørsskandala».

Det er litt vanskeleg å sjå kvifor ei samanlikning mellom Framstegspartiet og Sverigedemokraterna er rimeleg, og det til trass for at den såkalla Malmöfalangen under Jimmie Åkesson utvilsamt har trekt sistnemnde i ei meir moderat, påstått stoverein retning.

Når Arnstad samanliknar med Jobbik vert det likevel ein heil del hakk verre. Jobbik er eit parti som opent forfeikter antisemittiske idear, som har sterke band til den uniformerte rørsla Magyar Garda og som på toppen av dette har ein partileiar som svergjer til turanisme, ein ideologi som var eit sentral element i den opphavlege ungarske fascismen og som ser for seg ein kjempemessig allianse av «turaniske» folkeslag, der Ungarn sjølvsagt skal ha ei leiande rolle. Jobbik er eit av dei aller mest ytterleggåande politiske partia med ei viss oppslutnad i dagens Europa, ved sidan av greske Chrysi Avgi (Gyllen Daggry). Framstegspartiet er – til samanlikning – og for å sitera den nederlandske statsvitaren Cas Mudde, «eit av dei minst nativistiske radikale høgrepartia i Europa», eit parti som – samanlikna med Dansk Folkeparti – «ser ut som eit relativt moderate konservativt protestparti». Personleg meiner eg at at Framstegspartiet er så moderat at det er å vatna ut sjølve omgrepet «høgreradikal» når ein vel å inkludera Frp i denne kategorien.

Dei høgreradikale og Frp

Likevel er det sjølvsagt slik at det er vanskeleg å fortelja historia om norsk høgreradikalisme utan å også fortelja historia om Framstegspartiet.

Ei rekkje av dei faktiske høgreradikale partiprosjekta som har eksistert i Noreg har starta med enkeltpolitikarar som gjekk ut av eller vart kasta ut av Framstegspartiet; inklusive dei to som har oppnådd mest (og fint lite): Fedrelandspartiet og Demokratane. Sistnemnde er eit parti som – i motsetnad til Frp – faktisk har omtala Sverigedemokraterna som eit søsterparti. Samstundes har Frp vore eit naturleg parti for norske høgreradikalarar å både røysta på og engasjera seg i, slik er det også idag. Den såkalla fjøslykta er ikkje vekke, sjølv om Framstegspartiet har vorte meir strigla. Til politiske utfordrarar kjem det ofte litt av kvart flaksande, eit fenomen fleire parti – også mitt eige – definitivt kan skriva under på.

Difor er det ikkje heilt urimeleg å samanlikna med finske Perussuomalaiset (Sannfinnane, PS), som rett nok ligg betrakteleg til venstre for Frp i økonomisk politikk, har ein distriktspolitikk som liknar meir på Senterpartiets og også tek eit markant anti-europeisk standpunkt. Til liks med Frp er Sannfinnane eit ganske breitt parti, som rommar både fugl og fisk. Til liks med nokre Frp-politikarar, som Øystein Hedstrøm i si tid, har folk i PS definitivt knytt band til meir ekstreme krefter. Til liks med nokre – og tildels profilerte – Frp-politikarar har folk i PS drive med det eg kallar banalisering av ekstremt tankegods, altså å ta i bruk skildringar og uttrykksformer lånt frå ekstremt hald; det gjorde Siv Jensen då ho snakka om «snikislamisering», det gjorde Christian Tybring-Gjedde og Kent Andersen med sin berømte «Drøm fra Disneyland»-kronikk og det gjorde Per Willy Amundsen då han på Facebook skreiv om korleis han frykta for at eit nytt korstog vil verta naudsynt for at son hans skal kunna veksa opp med den same fridomen som han sjølv tek som ei sjølvfølgje. Dette er flørting med noko som luktar vondt. Slikt finn ein i Framstegspartiet, og slikt finn ein i Perussuomalaiset. Samstundes er det verd å leggja merka til at Framstegspartiet var med for å blokkera for at PS gjekk inn i European Democrat Group i Europarådet si parlamentarikarforsamling, der Frp deltek – saman med alt frå dei britiske konservative og Dansk Folkeparti, til det tyrkiske regjeringspartiet AKP.

Kritiser dei for det dei meiner

Å meina, som Alf Gunvald Nilsen, at det at Framstegspartiet kan koma i regjering er eit resultat av at ein ikkje har lært noko av 22. juli er – trass tilhøvet mellom høgreradikalisme og Frp – likevel meiningslaust. Framstegspartiet har lært, og har vorte meir forsiktige med sine ytringar. Politikken har dei endra lite på, og det såkalla Bærekraftsutvalet sine framlegg ville – om dei skulle få gjennomslag i både parti og regjering – ta politikken kraftig i retning Dansk Folkeparti. Det er politikk eg synest lite om, tildels meiner eg han er djupt illiberal, tildels vil han gje like absurde utslag som den danske, som har ført til at tusenvis av danskar har måtta busetja seg i Sverige for å vera saman med sin kjære.

Men det er også eit politisk område der det må vera rom for usemje, og der usemja slett ikkje bør avskaffast på grunn av ein høgreekstremist sitt massedrap. Dei av oss som er usamde med Framstegspartiet bør kritisera partiet for det dei faktisk meiner, og for ting dei faktisk har sagt og meint, og ikkje for ting dei verken seier, meiner eller er.

Og så bør kanskje også Framstegspartiet utvisa same varsemd med sin eigen kritikk av politiske motstandarar. Sjølv om det er hakket mindre populistisk.  

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden