Spaltist

Nasjonal fornedring og ideologiske pestar

Det bles opp til uver i Moldova, der eit jubileum knytt til ei anna tid flyt inn i beinharde politiske røyndomar av i dag, skriv Øyvind Strømmen.

Bilde: Ion Chibzii/Wikimedia Commons, CC BY-SA 2.0

Ein bit av drakampen om Europa si framtid går føre seg i eit av dei mest oversette og fattigaste landa på kontinentet.

Denne våren finn eit jubileum stad aust i Europa: Våren 1918 erklærte det såkalla Landsrådet i Bessarabia at landområdet gjekk inn i union med Romania.

Området har ikkje noko med Arabia å gjera, og namnet har moglegvis bakgrunn i Basarab-dynastiet. Lenge var det under ottomansk overherredøme, men etter den russisk-tyrkiske krigen fyrst på attenhundretalet hadde dette landområdet vorte ein del av tsarens Russland. Etter den russiske revolusjonen hadde Bessarabia erklært seg som sjølvstendig republikk. Det var ein kortvarig republikk, for no vart landet altså ein del av det rumenske kongedømet.

Ein kan diskutera på kor fritt grunnlag den avgjersla vart teken. Då Landsrådet røysta over saka stod rumenske styrker allereie i den bessarabiske hovudstaden Chișinău. Samstundes var ikkje unionen heilt unaturleg. Bessarabia var rett nok prega av ei rekkje ulike folkegrupper, men fleirtalet var rumenskspråklege.

Rumenarane kontrollerte landområdet fram til juni 1940, då den rumenske regjeringa – under press frå både Moskva og Berlin – måtte gje frå seg Bessarabia til Sovjetunionen. Saman med ei lita stripe land aust for elva Dnestr vart Bessarabia til sovjetrepublikken Moldova.

Så langt i år har den moldoviske grunnlovsdomstolen mellombels suspendert Dodon frå presidentvervet ved to høve.

I september 1990 erklærte Moldova seg som sjølvstendig. Ikkje lenge etter braut det ut krig om den nemnde landsstripa aust for Dnestr, som i dag i røynda er ein sjølvstendig stat, mykje takk vere russisk støtte.

Slitt mellom aust og vest

Då Moldova vart uavhengig, var det ein del – særleg i intellektuelle miljø – som på ny såg vestover, og som drøymde om ein union med Romania. Den rumenske nasjonalsangen fungerte jamvel ei tid som nasjonalsang også for Moldova. Men folkefleirtalet var imot, krigen i Transnistria stod i vegen og snart blåste også dei politiske vindane ein annan veg.

Det uavhengige Moldova vart verande uavhengig. Den dag i dag vert imidlertid landet slitt i ulike retningar. Den sitjande regjeringa, leia av sosialdemokraten Pavel Filip, ser vestover mot EU. Den sitjande presidenten Igor Dodon vert rekna som sterkt prorussisk.

Det resulterer stadig vekk i open strid, og så langt i år har den moldoviske grunnlovsdomstolen mellombels suspendert Dodon frå presidentvervet ved to høve. Fyrste gongen var då han nekta å godta sju nye ministrar i regjeringa. Andre gongen var då han freista å blokkera ei lov som avgrenser russisk TV-kringkasting i landet.

Midt opp i dette har det denne våren dukka opp nye diskusjonar om union med Romania, prega av hundreårsjubileet. Meiningsmålingar tyder på at eit solid fleirtal av befolkninga framleis er motstandarar, men ei rekkje moldoviske kommunar har slutta seg til erklæringar der dei stør tanken om å bli ein del av «moderlandet». Nokre peiker på at fleirtalet blant moldovarar har sitt rumenske morsmål til felles med naboen i vest. Andre er kanskje meir opptekne av tanken om at vegen til Europa går gjennom Bucuresti.

«Ein ideologisk pest»

President Dodon har svara med å hevda at unionistrørsla både er grunnlovsstridig og kriminell, og dessutan eit uttrykk for «nasjonal fornedring» og «forræderi», samt «ein ideologisk pest». Unionistkampanjen har blitt møtt med ein motkampanje, der lokalpolitikarar har underteikna til støtte for uavhengighet.

I eit intervju gjekk Dodon endå lenger. I den sa han at ein union med Romania ville medføra borgarkrig. Han åtvara også mot å skapa det han kalla kunstige spenningar.

«Kanskje dei som sit ved makta i dag vil tena på dette scenarioet? Fordi dei veit at dei vil tapa valet i haust, og ynskjer å destabilisera situasjonen», sa presidenten vidare. Så seint som i går kunne ein i Adevarul lesa nye kommentarar frå presidenten. Han meiner at unionistane «drikk seg fulle på kaldt vatn» dersom dei trur at erklæringane vil medføra auka støtte til unionstanken.

Det bles opp til uver i Moldova, der eit jubileum knytt til ei anna tid flyt inn i beinharde politiske røyndomar av i dag.

På bakteppet ligg det komande valet i Moldova, eit val som går av stabelen i haust. Det er eit val der valsystemet er endra frå å vera eit proporsjonalt eitt til ein miks, der parlamentarikarar også vil verta valde gjennom å vinna flest røyster (men ikkje med naudsyn ein majoritet) i einmannskrinsar. Bak denne omlegginga ligg ei avtale mellom to sterke menn i moldovisk politikk, Igor Dodon på den eine sida og Vladimir Plahotniuc på den andre. Plahotniuc er formann og tidlegare parlamentarikar for det sosialdemokratiske partiet, men fyrst og fremst er han ein søkkrik og mildt sagt kontroversiell forretningsmann. I namnet er han pro-europeisk, og han har skrive sterkt kritisk om Russland i sjølvaste Washington Post. Ifølgje den moldoviske journalisten Natalia Morari er han snarare «pro-Plahotniuc og pro-korrupsjon».

Omlegginga av valsystemet vil kunna tena dei båe: Plahotniuc gjennom hans støtte til uavhengige kandidatar, Dodon fordi omlegginga er til fordel for det prorussiske, sosialistiske partiet han kom frå før han vart president. Omlegginga vil imidlertid neppe vera til fordel for den pro-europeiske delen av opposisjonen.

Det bles opp til uver i Moldova, der eit jubileum knytt til ei anna tid flyt inn i beinharde politiske røyndomar av i dag. Og draumar kolliderer med kvarandre i Moldova. Nokre drøymer på ny om union med «moderlandet», men også blant dei som vil ha eit uavhengig Moldova er det ein heil del som ser vestover. Andre ser mot aust.

Moldova er noko av ein hotspot i drakampen om Europa si framtid. Men det er ein del av europakartet som så altfor ofte vert oversett.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden