Debatt

Om livets rett for store og små i kulturfeltet

Styrkinga av den kulturelle infrastrukturen har vore naudsynt, men det er likevel på tide å vera meir klartalt på behova som ligg utanfor institusjonane, skriver Bjørnar Habbestad i et svar til Oslo-Filharmoniens direktør Ingrid Røynesdal.

Bilde: Pixabay

Det stemmer ikkje at eg er kritisk til at vi får fleire orkestre. Det eg er kritisk til, er at det har skjedd på bekostning av det frie feltet.

Kjære Ingrid Røynesdal,

den som les det relativt omfangsrike intervjuet med underteikna frå søndag vil sjå at det handlar om nyMusikk sitt 80-årsjubileum, og slett ikkje orkesterkulturens død.

Ein tolmodig lesar vil også sjå at det er Minerva sin kulturredaktør som lanserer hypotesen, og ikkje underteikna. At eg ikkje oppfattar det som radikalt å hevde at orkesterinstitusjonane er under stort press i eit europeisk perspektiv kan eg leve godt med. At det er eit særnorsk fenomen at orkestera veks i talet skulle heller ikkje vera svært kontroversielt å påpeika.

Snarvegen med å plassere kortversjonen av dette, kontekstlaust, i ingressen, får derimot stå på Minerva si rekning.

Det stemmer heller ikkje at eg er kritisk til denne utviklinga. Det eg er kritisk til er at den har skjedd på bekostning av det frie feltet, som er befolka med små og mellomstore aktørar som i dag har vanskelege produksjonsvilkår. Styrkinga av den kulturelle infrastrukturen har vore naudsynt, og den har sjølvsagt romma satsingar på langt fleire aktørar enn orkestera. Det er likevel på tide å vera meir klartalt på behova som ligg utanfor institusjonane.

Det er difor flott at du og OFO støttar oss i å påpeike behovet for ei sterkare finansiering av det frie feltet!

Dette set me stor pris på, og ser fram til felles front i tida framover.

Habbestads replikk er et svar på Ingrid Røynesdal, direktør i Oslo-Filharmoniens innlegg «Ryktene om orkesterets død er overdrevet.» 

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden