SPALTIST

Ludovic Orban er Romanias nye statsminister. Foto: European People's Party / Wikimedia Commons (CC BY 2.0)

Ein annan Orban

Romania har fått ein ny statsminister, Ludovic Orban. Han har lite til felles med sin ungarske namnebror, men det politiske uvêret i Romania er neppe forbi.

Publisert

I oktober fall den sosialdemokratiske regjeringa til Viorica Dancila, etter at det rumenske parlamentet – med fem røysters overvekt – støtta eit mistillitsframlegg. Dancila hadde ikkje hadde statsministerjobben lenge, ho vart utnemnd i januar 2018. Då var ho den tredje statsministeren på sju månader.

På bakteppet finn ein blant anna korrupsjon. Det er eit problem fleire land i det austlege Sentral-Europa slit med. Ifølgje Transparency International sin indeks er Romania ei hårbredd mindre korrupt enn nabolandet Ungarn. Det er strengt teke ikkje all verda å verta imponert av, og det kan også diskuterast: Ein rapport frå det europeiske grøne partiet anslår at over 38 milliardar euro – 15,6% av bruttonasjonalproduktet – går tapt til korrupsjon i Romania årleg. Ei Eurobarometer-undersøking frå 2017 syner at nær 7 av 10 rumenarar at dei vert påverka av korrupsjon i dagleglivet, og nær halvparten meinte at det hadde vorte verre dei siste åra.

Det er kanskje ikkje overraskande at det sosialdemokratiske partiet PSD gjorde det dårleg i europarlamentsvalet i mai, etter at dei også hadde hamna i klammeri med Det europeiske sosialdemokratiske partiet (PES). Etter valet i mai fekk PSD endå ein smell: partileiaren Liviu Dragnea vart dømd for korrupsjon, etter å ha skaffa to partimedarbeidarar falske stillingar. Det stoggar ikkje der: Dragnea har lenge vore blant dei mektigaste i rumensk politikk, men har ikkje kunna verta statsminister, fordi han tidlegare er dømd for valfusk. Det stoggar ikkje der heller: Han har også vore under etterforskning for kvitvasking av pengar i Brasil.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement til kr 799,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement til kr 99,- pr mnd,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1249,-

Bestill her

Powered by Labrador CMS