Spaltist

På tide å tenkja nytt om barnetrygda

Ein må våga å snakka om gradering av barnetrygda, skriv Øyvind Strømmen.

Bilde: Pixabay

Me får meir barnetrygd frametter, og treng det ikkje. Mange av dei familiane som treng det mest, vil enda opp med å ikkje få ei krone meir. Det er dårleg politisk handverk.

21. november annonserte Kristeleg Folkeparti det dei sjølv omtala som ein stor siger på Facebook. «Dette er særlig viktig for fattige familier», skreiv dei òg. Ei vekes tid seinare påpeikte Kommunal Rapport det openberre paradokset.

For dei fleste familiar inneber budsjettforliket mellom KrF og Solberg-regjeringa at ein får 84 kroner meir i barnetrygd per barn per månad. Det er ikkje rare beløpet, og det kan jo vera verdt å dvela ved det: Kva du får for 84 kroner. Og at det faktisk likevel kan bety noko for nokre.

Men så var det paradokset: Barnetrygda er universell. Det spelar ikkje noko rolle om du er kong Salomo eller Jørgen Hattemakar. Det vil seia: Det gjer det, likevel. For blant dei som ikkje vil merka noko til auka, er ein heil del familiar som lever av økonomisk sosialhjelp. Kommunal Rapport oppsummerte det slik: «Årsaken er at 85 prosent av kommunene trekker fra barnetrygden når de beregner hvor mye familiene skal få i økonomisk sosialhjelp».

Tal frå KOSTRA viser at det i fjor var 47 878 born i familiar som fekk redusert sosialhjelp grunna barnetrygda.

Ei viktig reform. I 1946.

Ingen bør tvila på at innføringa av barnetrygda i si tid var ei viktig velferdsreform. Då ho vart innført i Noreg i 1946, var ho den fyrste universelle trygda som vart innført her til lands, uavhengig av klasse og inntekt. Alle fekk det same, og trygda kom automatisk med andre born. I 1970 vart trygda revidert, og sidan den gong fekk alle ho frå fyrste born av.

I tiåra som har gått har også barnetrygda vore viktig i kampen mot barnefattigdom. Men, som nyleg omtala i Klassekampen: Ho har fått ei stadig mindre tyding for barnefamiliar med låg inntekt. For ei einsleg mor eller far med låg inntekt utgjorde barnetrygda i 2006 i gjennomsnitt 14 prosent av dei samla inntektene. I 2016? Åtte prosent. Det er nær ei halvering, på berre ti år.

Slik sett er det ikkje vanskeleg å dela KrF si glede over at barnetrygda no har vorte auka på fyrste gong på over 20 år. Problemet er at dei fattigaste familiane ikkje vil verta hjulpne. Skulle dei det verta, må kommunar i det minste slutta å trekkja frå barnetrygda ved berekning av sosialhjelp, og aller helst burde ho vore auka monaleg meir, slik Kristeleg Folkeparti også vil.

Veikskap og styrke, på same tid

Og her vert barnetrygda sin store styrke også barnetrygda sin store veikskap. Det at ho er universell, gjer ho både enkel, ubyråkratisk og populær. Kvar gong eit parti på høgresida flørtar med kutt i barnetrygda, sender dei nokre veljarar i retning venstresida.  Men det at ho er universell, gjer også til at det er dyrt å auka barnetrygda. SV ynskjer å gjera det, og har ynskt det lenge. Den raudgrøne regjeringa gjorde det ikkje. Den blåblå gjer det fyrst no, men knappast monaleg. Og difor har barnetrygda vorte mindre effektiv i kamp mot barnefattigdom.

I nokre veker i haust kunne ein kanskje augna moglegheiter for noko meir enn det KrF fekk. Knut Arild Hareide klarte gjennom å peika på venstresida brått å setja KrF i sentrum for norsk politikk og for mediamerksemda. Jonas Gahr Støre varsla at han var open for å diskutera auke i barnetrygda. Men så landa KrF – med eit småskeivt nedslag – på høgresida. Og haustflørten er over: I eit intervju med Aftenposten 1. desember gjorde Støre det ikkje berre klårt at han har liten tru på at den vesle auka i barnetrygda vil motverka fattigdom; han kritiserte også regjeringa for å sveikka arbeidslina. «Støre mener økt engangsstønad ved fødsel og økt kontantstøtte og barnetrygd svekker manges motivasjon – eller incentiv – til å jobbe», heiter det i Aftenposten.

Stortingsrepresentant Anette Trettebergstuen, også frå Ap, var nyleg endå klårare i eit intervju med Klassekampen: «Å heva barnetrygda så mykje at det monnar mot barnefattigdom, vil bety enorme kostnader, meir enn noko parti har føreslege å bruka», sa ho, og peikte på det ho kalla «meir treffsikre universelle ordningar»: sterkt subsidiert skulemat og gratis kjernetid i barnehage og SFO.

Ho la til: «Hadde me sete oss ned med 15 milliardar til tiltak for å hjelpa barnefamiliar i dag, hadde me neppe endt opp med å betala folk 970 kroner i månader per born.»

Det er det vanskeleg å vera usamd i. Me er ikkje i 1946. No for tida er det visst den radikale venstresida som snakkar mest om Einar Gerhardsen.

Nytenkning er naudsynt

Men ein ting har ein visst gløymd: I 1946 var barnetrygda gradert på eit område. Medan alle fekk ho frå born nummer to, fekk einslege forsørgarar ho allereie frå fyrste born. Barnetrygda vart i noko mon målretta. Det kan vera verdt å ha med seg.

Barnetrygda er i dag fanga i ein skvis. Ho vert halden i live, fordi ho er populær, men ei monaleg auke i ho er vanskeleg å få til. Det vert for dyrt, og det er lett for politikarar – også for politikarar som er djupt engasjerte i kampen mot barnefattigdom – å finna betre stader å bruka pengane. Difor er det på tide å tenkja nytt. Då bør ein ha fleire tankar i hovudet på ein gong.

For det fyrste: Det er ei styrke at barnetrygda er noko alle foreldre får. Det gjer at ho står sterkare som velferdsordning. For det andre: Ei ny ordning bør også vera ukomplisert og ubyråkratisk, og laga på ein slik måte at det ikkje vert skamfullt å få barnetrygd. For det tredje: Dersom ein konkluderer med at kontanttilskot er eit godt verkemiddel, også i kampen mot barnefattigdom, må ein syta for at ordninga vert meir treffsikker, og det ikkje kostar statsbudsjettet meir enn det smakar. For det fjerde: I kampen mot barnefattigdom bør ein ikkje lata seg tynga for mykje av fokus på arbeidslina, men ein må unngå å skapa fattigdomsfeller. Difor kan ikkje barnetrygda vera for høg.

Alt dette kan vera mogleg å få til. Men då må ein våga å tenkja nytt. Då må ein våga å snakka om gradering av barnetrygda.

I mellomtida får min familie – eg er trebarnsfar – nokre hundrelappar meir å rutta med i månaden. Me treng dei ikkje. Vår julegåve til oss sjølv i år er å gje dei pengane vekk. Til nokon som hjelper til i kampen mot barnefattigdom. Det voner eg fleire har lyst å gjera.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden