Spaltist

Puslespelislam

Puslespelislam fungerer slik: ein ser seg om i verda etter fælslege ting som anten har noko med islam å gjera, eller i det minste kan tenkjast å ha det, skriv Øyvind Strømmen.

Photo: Pixabay/Picture to People

Eit avhør omtalt i Oslo-politiet sin hatkrimrapport er til å kjenna att: Den sikta har lese om islam på internett.

Onsdag vart politiet i Oslo sin hatkrimrapport for 2016 lagt fram. Den omhandler 165 anmeldte saker. Det er ikkje eit svært høgt tal i ein storby som Oslo, sjølv om det er ei betydeleg auke. Auka fortel oss ikkje med naudsyn at det har vore meir hatkriminalitet. Rapporten er full av forbehold når det gjeld kva ein kan lesa ut av tala. Det største av desse forbeholda er – diverre – at mørketala antakeleg er høge.

Dermed er det kanskje ikkje tala som er det mest interessante i Oslo-politiet sin rapport. Det er det døma som er. I ei sak går den sikta bort til eit kjærestepar på ein spisestad, for å meddela at mannen i paret – som muslim – må halda seg langt unna norske jenter. Han framstår som truande. Det vert knuffing av det.

«Har lest om muslimske menn»

I avhør fortel mannen at han har lest om muslimske menn i England som dopar ned jenter og nyttar dei som sexslavar, og at politiet ikkje har gjort noko, i frykt for å verta kalla rasistar. Han meinte at dette også var eit problem andre stader med mange muslimar, som i Sverige «hvor han har lest at det er 50 no-go soner». Vidare fortalte han at islam ikkje er ein religion, men ein ideologi, og at islam handlar meir om å invadera og å ta over, og at han ikkje ville godta totalitære i sitt eige nabolag. Den sikta mannen fortalte at han reagerte dersom han såg ei norsk kvinne saman med ein muslim, sjølv om han ikkje nødvendigvis ville seia frå eller gjera noko med det, men understrekar også at han ser på det som ei plikt «i enkelte tilfeller å si fra hva han synes om dette».

Så kjem toppen av kransekaka: Den sikta mannen legg til at han ikkje seier at den fornærma mannen er ein dårleg person, og framhever at berre han sluttar å vera muslim, så kan han godt vera venen hans. Den sikta mannen forklarer at han slett ikkje er rasist. Det er «ideologien til [i]slam siktede har et problem med».

I tillegg er ho sjølvsagt ei stadfesting av ein urgamal ingrediens i fiendebilete, der den andre – katolikken, jøden, muslimen, kven-som-helst – er ein seksuell avvikar, ein overgripar, ei fåre for våre kvinner.

Det fyrste mannen viser til er antakeleg ei skandale i Rotherham. Der vart fem britisk-pakistanske menn i 2010 dømde for ei rekkje sexovergrep mot jenter heilt ned i tolvårsalderen. I etterkant avslørte avisa The Times at overgrepsproblemet i byen var meir omfattande, at overgriparar også gjekk klår. Ein seinare uavhengig rapport – skrive av professor Alexis Jay – peikte på både særs grove overgrep og på korleis frykt for å verta oppfatta som rasistisk eller for å oppildna rasisme bidrog til at problemet ikkje vart gripe tak i. Saka er ei høgst reell skandale, der misforstått rasismefrykt er ein viktig ingrediens.

I tillegg er ho sjølvsagt ei stadfesting av ein urgamal ingrediens i fiendebilete, der den andre – katolikken, jøden, muslimen, kven-som-helst – er ein seksuell avvikar, ein overgripar, ei fåre for våre kvinner. Det fiendebiletet vert jamvel hengande ved ein tilfeldig fyr i eit tilfeldig kjærestepar på ein spisestad i Oslo. Gjennom å vera muslim, vert også han skuldig i overgrep i Rotherham.

Det andre mannen syner til, er påstanden om no-go-soner i Sverige, ein påstand som kviler på det svensk politi – med rette – omtaler som spesielt utsatte områder, område der kriminelle har påverknad på lokalsamfunnet og der ein òg ser tendensar til parallelle samfunnstrukturar, ekstremismeproblem og vanskar for politiet å gjera arbeidet sitt. Det er ikkje nett naudsynt å gå langt ut på kantane av norsk politikk for å finna att påstanden om no-go soner. Det skjer langt inn i mainstream, og det sjølv om uttrykket – i sin moderne bruk – lett kan sporast attende til det anti-muslimske ytre høgre i USA, og til deira reine borgarkrigsretorikk i si omtale av det (fortapte) Frankrike. Her har deira propaganda fungert. No for tida kan sjølv milde norske akademikarar nytta omgrepet, og den som protesterer mot det, må rekna med å bli anklaga for å oversjå dei utan tvil høgst reelle kriminalitetsproblema svensk politi slit med og åtvarer mot.

Det tredje mannen syner til er sjølvsagt det totalitære. Det er sjølvsagt ikkje så vanskeleg å tenkja seg totalitære rørsler knytt til islam i ei tid der sjølverklærte Islamsk Stat ikkje berre har herja med syrarar og irakarar og ikkje berre har sendt ut grufull drapspropaganda, men også har gjennomført blodige terroråtak i byar som kjennest langt nærare oss. Paris. Brussel. London. København. Stockholm.

Sjå! Sjå, idiotar!

Og lat meg vera tindrande klår: Det finst neppe noko som er meir eigna til å skapa mistenkeleggjering av og hat mot muslimar, enn nettopp den ekstreme islamismen og jihadistisk terror.

Men det ein faktisk møter i avhøret er verken motstand mot det totalitære eller islamkritikk. Det ein  møter er puslespelislam.

Puslespelislam fungerer slik: ein ser seg om i verda etter fælslege ting som anten har noko med islam å gjera, eller i det minste kan tenkjast å ha det. Det er mange nok av slike puslespelbitar å ta av. Ein kan inkludera den ekstreme islamismen, ein kan inkludera terror, ein kan inkludera overgriparar i Rotherham og kriminelle i Biskopsgården, utan omsyn til kor religiøse dei måtte vera eller ikkje vera. Ein kan inkludera narkotikasal i Marseille, grotesk kvinneundertrykking i Saudi-Arabia, religiøst politi i Iran og ein kan sjølvsagt også inkludera bøtter og spann av grufullheiter opp gjennom historia.

Joda, då eg las desse utdraga frå eit avhør, tenkte eg: «Dette har eg jo sett før». Og det har sannsynlegvis du også.

Om ein gjer noko feil eller er unøyaktig på vegen, er ikkje det så nøye, så lenge ein passar nøye på å ikkje få med noko anna enn elende og faenskap. Når puslespelbitane er samla saman, kan ein dunka dei ihop, til eit bilete som er riktig mørkt og fælsleg, til eit bilete som får den verste horrorfilm til å sjå ut som ei romantisk komedie. Dette bilete kan ein syna fram, medan ein roper: «Dette er islam. Slik ser islam ut. Sjå! Sjå, idiotar!».

Joda, då eg las desse utdraga frå eit avhør, tenkte eg: «Dette har eg jo sett før». Og det har sannsynlegvis du også.

Det fjerde mannen seier i avhøret er ein gjengangar i muslimfiendtleg retorikk: «Islam er ikkje ein religion. Det er ein ideologi». Det er eit smart retorisk grep. Det opnar for åtak på religionsfridomen, fordi slike åtak brått ikkje er det lenger. Det opnar for samanlikningar med nazismen eller kommunismen. Og det opnar altså for å vera ubehageleg mot ein tilfeldig fyr i eit tilfeldig kjærestepar på ein tilfeldig spisestad. Fordi han ser muslimsk ut, får ein tru.

Ikkje at ein er rasist. Det er berre slik legging av puslespelislam ter seg på by’n.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv Minerva for 1,- ut april.
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden