Spaltist

Reisa ut frå hatet

«Rising out of hatred» grip rett inn i samtida, og i samtidige diskusjonar: Kan ekstremisme møtast med rasjonell debatt? skriv Øyvind Strømmen.

Bilde: Patrick Feller/Flicr, CC BY. 2.0

«Rising out of Hatred» er ei historie om korleis kjærleik, venskap og familieband påverkar ein amerikansk høgreekstremist og vegen hans ut frå hatet. Temaene er tidlause, men boka legg opp til viktige debattar om vår eiga samtid.

I 2016 vakte Washington Post-artikkelen «The White Flight of Derek Black» ein heil del merksemd i sosiale media.

Det var ikkje utan grunn: Derek Black er son til Don Black, ein veteran innanfor amerikansk høgreekstremisme, og mannen bak den eldste høgreekstreme nettstaden, Stormfront, som vart lansert i 1996, med andre ord to år før den offisielle lanseringa av Google. Han vart også rekna som noko av ei komande stjerne i den høgreekstreme rørsla sjølv, som vert for sitt eige online radioprogram. Der forfekta han blant anna ideen om at kvite vert utsett for eit folkemord.

Dessutan er artikkelen solid journalistisk handverk, frå ein av USAs beste journalistiske pennar, Eli Saslow. Historia bak kan du lesa i Columbia Journalism Review.

Ei gripande forteljing

I fjor haust kom historia også i bokform frå Saslow, som Rising out of Hatred, the awakening of a former white nationalist. Og det er ei bok som bør setjast på mange leselister.

For det fyrste er det ei gripande forteljing, som ikkje berre handlar om ekstremisme, men også om krafta i både kjærleik, venskap og familie. Blant dei som speler sentrale roller i Black sin veg vekk frå høgreekstremismen, er Matthew Stevenson – ein konvertitt til ortodoks jødedom som inviterer han til sabbatsmåltid og samtaler. Blant dei andre er Allison Gornik, som budde saman med Stevenson. Til å byrja med ville ho ikkje delta i måltida med venegjengen når Black var der. Etter kvart vart dei likevel venar. Sidan kjærastar.

Høgreekstremismens historie og samtidas debattar

For det andre er det ei bok ein kan læra mykje om amerikansk høgreekstremisme si historie av å lesa. Ei slåande scene er når Don Black for fyrste gong drog på ei nynazistsamling som 16-åring. Han fekk haik av to andre unge høgreekstremistar, nittenåringar. Den eine var David Duke, seinare gudfar til Derek, ein av verdas kanskje mest kjente antisemittiske konspirasjonsteoretikarar og også – på eit tidspunkt – folkevald politikar. Den andre var Joseph Paul Franklin, som seinare vart ein ideologisk motivert seriedrapsmann, og også er kjend for mordforsøket på Larry Flynt i 1978. Han vart dømd til døden heilt fyrst på 1980-talet, og vart avretta med giftsprøyte i november 2013.

For det tredje er det ei bok som grip rett inn i samtida, og i samtidige diskusjonar: Kan ekstremisme møtast med rasjonell debatt? Kva skal til for at det skal vera mogleg? Korleis har Donald Trump sin valkamp og valsiger bidrege til å legitimera synspunkt som for få år sidan høyrde til ute i den ideologiske villmarka? Korleis er vegen ut av ekstremisme? Boka bør også tena som ein tankevekkjar i diskusjonar om både det såkalla kvite privilegiet og om identitetspolitikk.

Det finst mange bøker om høgreekstremisme ein kan læra mykje av. Denne boka kan også få ein til å tenkja nye tankar.

Inga enkel forteljing

Rising out of Hatred framstiller ikkje vegen ut av ekstremisme som ei enkel reise. Derek Black si forteljing er snarare ei forteljing som lenge handlar om å unngå konfrontasjon – ikkje minst med seg sjølv, og ei historie om indre motsetnader, og om lojalitetar som kjem i konflikt med kvarandre. Nokre av dei er ideologiske, javisst, men mange av dei er rett og slett allmennmenneskelege: For Black står lojalitet til familien lenge i vegen for brotet med høgreekstremismen, medan kjærasten Allison Gornik pressar på. Endringa er gradvis.

Nokre augneblinkar står likevel klarare fram enn andre på vegen, som når Derek Black vert konfrontert med faren sitt syn på den mykje omsnakka skytinga av Trayvon Martin. Saslow skriv: «Det var ikkje berre faren sine synspunkt som plutseleg skremde han, konkluderte Derek. Det var minner om hans tidlegare sjølv. Han hadde sjølv kome med versjonar av dei same feilaktige argumenta. Han hadde sjølv uttrykt tilsvarande kjenslelause, ignoranse og brutalitet. No verka det openbert for han at han ikkje berre offentleg måtte fordøma den kvite nasjonalismen, men også sitt tidlegare liv». Black endte med å skriva eit brev til den antirasistiske organisasjonen Southern Poverty Law Center, ein organisasjon faren sjølvsagt forakta, men også den eine kanalen han visste at budskapet ville nå breitt ut frå. Don Black reagerte fyrst med å tru at brevet var ei forfalskning, deretter med sjokk, vantru og telefonsamtaler til sonen som varierte frå rein desperasjon til kaldt raseri.

Journalistisk er boka framifrå. Eli Saslow kjem nært kjeldene, i blant så nært at det ikkje berre er tematikken som kjennest ubehageleg. Det er ei bok som etterlet inntrykk.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden