Debatt

Resett siglar under falskt flagg

Det er heilt vanleg at bedrifter annonserer i nettaviser. Det er derimot ikkje vanleg at bedrifter annonserer på politiske kampanjesider, skriv Sveinung Rotevatn.

Bilde: Venstre [CC BY-SA 2.0]

Å kritisere Resett er ikkje eit angrep på ytringsfridomen. Det er eit forsvar av den.

Minerva-journalist Aksel Fridstrøm kritiserer i ein kommentar 24. april at underteikna har engasjert seg i den pågåande twitter-aksjonen mot bedrifter som annonserer på nettstaden resett.no.

Då denne aksjonen starta i påska, valde eg å bli med. Det skulle eg kanskje ikkje gjort. Heile Resett sitt forretningskonsept er jo å fortelje lesarane sine at samfunnseliten held sanninga tilbake, og at Resett er den einaste plassen ein kan stole på informasjonen som kjem. Ja, dei oppmodar til og med lesarane sine til å boikotte seriøse medier (eller «mainstream media», som det heiter i dei krinsane). Så når eg som statssekretær kritiserer Resett, er det vel berre med å styrke denne grunnforteljinga. Det beklagar eg, og var eit vektig motargument mot å gå inn i denne saka.

Når eg likevel valde å engasjere meg, var det på grunn av ei anna side ved Resett sin forretningsmodell: Målretta personforfølgjing av alle som vågar å kritisere dei. Ein mann ved namn Frank Andreassen gjorde bedrifter merksame på at annonsene deira dukka opp på resett.no, via Google sitt automatiske annonseverktøy Adsense. Det førte til at Resett sin «redaktør», Helge Lurås, publiserte ein kommentar om at Andreassen «fortjener litt oppmerksomhet». Dette førte til at Andreassen si private adresse vart publisert i Resett sitt (førehandsmodererte) kommentarfelt. Med det føremål å true han til tausheit.

Eit meir kjent døme er Sumaya Jirde Ali, som er ein ung student. Ho skriv innlegg i avisene, går med hijab og har vore kritisk til Resett. Nettstaden har publisert hundrevis av artiklar om henne, der kommentarfeltet går varmt av hatefulle ytringar. Jirde Ali må gå med valdsalarm. Minerva sin redaktør har sjølv skrive godt om denne kampanjen mot Jirde Ali.

Lynavleiar

På bakgrunn av dette valde eg å engasjere meg i debatten. Eg har vore politikar i nokre år, er vand til mykje drit, og har utvikla rimeleg hard hud. Så min tanke var at dersom eg kunne vere lynavleiar for mobben til Lurås, vil kanskje fleire våge å ytre seg om den verksemda Resett driv på med. Min intensjon med å kritisere Resett er med andre ord ikkje eit forsøk på å svekke ytringsfridomen. Det er eit forsøk på å gå foran og styrke den.  

Ytringsfridom er nemleg heilt i kjernen av dei verdiane eg held høgt som liberalar. Eg vil forsvare til døden Resett sin rett til å ytre seg. Eg er heller ingen tilhengjar av no-platforming, og stiller gjerne i debatt med dei – slik eg gjorde på NRK Debatten torsdag kveld.

Det eg derimot ikkje vil forsvare til døden, er Resett sin rett til å sigle under falskt flagg. For ved å framstille seg sjølve som ei avis, lurar dei både sine lesarar og sine annonsørar. Resett er inga avis. Dei er ein politisk kampanjeblogg.

Resett er ikkje medlem i nokon presseorganisasjon. «Redaktør» Lurås er ikkje medlem i redaktørforeninga. Og ein kan ikkje klage inn Resett sine etiske overtramp til Pressens Faglege Utval (eit organ som Lurås for øvrig omtalar hånleg som «etablissementets egen domstol»).

Føremålet med journalistikk er å søkje sanning

Det finst mange måtar å vise at Resett opererer langt utanfor normale presseetiske standardar på. Til dømes at dei tilbyr betaling for intervju. Eller at dei oppmodar til aktiv boikott av alle andre medier. Eller at dei opererer med «medlemmar», ikkje abonnentar. Aviser har abonnentar, politiske kampanjeorganisasjonar har medlemmar.

Men eg trur eg skal nøye meg med å vise til reaksjonen etter at eg kritiserte dei på Twitter. Sidan då har Resett nemleg omtalt meg i over 30 artiklar utan tilbod om tilsvar. Og her snakkar vi mellom anna om artiklar der det blir antyda at eg skal ha brote straffelova. Først då eg twitra offentleg at eg aldri fekk tilsvar, tikka det inn ein e-post med spørsmål om eg ønskte ein kommentar. Deretter heldt dei fram med å publisere nye angrep utan tilsvar. Rekk opp handa den redaktør i ei ekte avis som ville gjort noko liknande. Denne typen eklatante brot på Ver Varsam-plakaten er rutine hos Resett, ikkje unnataket.

Dette illustrerer for så vidt godt kvifor det Resett driv med ikkje er journalistikk, men politikk. Føremålet med journalistikk er å søkje sanning, med den hensikt å opplyse lesaren. Dersom Resett hadde spurt ein jurist eller ei anna relevant kjelde om min tweet var straffbar, ville dei berre fått latter tilbake i røret. Og difor gjer dei det ikkje. Fordi då kunne dei ikkje lurt lesarane sine til å tru at den var det. Føremålet til Resett er nemleg ikkje det journalistiske credo om å opplyse lesaren. Det er å føre han bak lyset.

Uvanleg at bedrifter annonserer på politiske kampanjesider

Tilbake til kjernen i saka: Resett sine annonsørar. Det er heilt vanleg at bedrifter annonserer i nettaviser, og det er ein viktig del av finansieringsmodellen for journalistikk. Det er derimot ikkje vanleg at bedrifter annonserer på politiske kampanjesider, det vere seg hos Nei til EU, hos Folkeaksjonen Ny Rovdyrpolitikk eller hos Human Rights Service. Dette er det gode grunnar for. Å annonsere hos ei nettavis vil normalt ikkje assosiere bedrifta med politiske standpunkt, noko bedrifter er svært vare for. Å finansiere politiske kampanjar er noko heilt anna.

Eg ville aldri kritisert bedrifter som annonserer på nettsider som driv vanleg, journalistisk arbeid. Men eg har meiningar om politikk, herunder kven som finansierer politiske rørsler. Difor meiner eg noko om at LO finansierer Arbeidarpartiet. Eg meiner noko om at Tine finansierer Nei til EU. Og eg meiner noko om dei som måtte gi pengar til Resett. Det er fritt fram å finansiere politiske rørsler, men dei som gjer det må nødvendigvis finne seg i å bli assosiert med bodskapen.  

Difor er det etter mitt syn heilt fair å opplyse bedrifter om kor annonsene deira faktisk dukkar opp, og spørje om dei er klar over kva type nettstad Resett eigentleg er. Så får no bedriftene ta valet sjølve. Eg registrerer at dei fleste vel å trekke annonsene, og det seier vel i grunn det aller meste. Ei viktig grunngjeving for ytringsfridomen er å få alle argument fram i lyset, å la meiningar brytast i offentlegheita, og å opplyse borgarar og bedrifter om ulike forhold. Dette er ein ytringsfridom eg har vald å nytte meg av, og eg trur det har opplyst ganske mange om kva Resett eigentleg er for noko.

Ikkje at Resett treng å frykte for økonomien sin av den grunn. Dei er godt finansiert av pengesterke milliardærar. Resett sitt virke er nemleg langt frå nokon Davids kamp mot Goliat. Det er medlemmar av den absolutte økonomiske samfunnseliten som betalar Helge Lurås for å blogge. Det skal han få lov til. Men litt motbør får han tole. Også frå statssekretærar.

Fra forsiden