George Soros (Investor, Finanzier, Open Society Foundation), Foto: www.stephan-roehl.de

Busemannen

George Soros er ein draumefiende for både politiske ytterkantar og for ein del sentraleuropeiske politikarar.

Publisert Sist oppdatert

Fotografia er ganske imponerande, for ikkje å seia mektige: Gatene i Bucuresti er fulle av demonstrantar, titusenvis av menneske som nyttar mobiltelefonane sine til å laga eit hav av ljos.

Demonstrasjonane som fann stad i Romania sist helg, er dei siste i ei lang rekke protestar mot lovendringar kritikarane meiner vil sveikka både den rumenske rettsstaten og kampen mot korrupsjon. Mange betrakter rett og slett lovendringane som eit tynt tilsløra forsøk å på beskytta korrupte politikarar, og som eit steg i gal retning for eit land som har teke fleire steg i den riktige, blant anna gjennom arbeidet til det nasjonale antikorrupsjonsbyrået DNA, Direcţia Naţională Anticorupţie.

Dei omstridde lovendringane er også ei av årsakene til at det rumenske, sosialdemokratiske partiet – som i valet i 2016 vann heile 45 prosent av røystene – har mista oppslutnad. I tillegg kjem politisk kaos og intern krangling i det sosialdemokratiske partiet. For berre nokre dagar sidan trakk sosialdemokratane sin statsminister Mihai Tudose seg. Han er den andre sosialdemokratiske statsministeren på berre nokre månader til å mista tilliten hjå sine eigne, eller – om ein vil – til å tapa ein intern maktkamp i partiet.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement til kr 799,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement til kr 99,- pr mnd,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1249,-

Bestill her

Powered by Labrador CMS